Semesters

IPA202 Lokalsamfunnsplanlegging og utvikling

Course code: 
IPA202
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Specialization level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2017 Autumn
Assessment semester: 
2017 Autumn
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite courses
IPA111 Social studies
IPA112 Administration studies
IPA172 Theory and Methods in Social Science
Required prerequisite knowledge

I tillegg skal studenten ha fullført anten IPA106 Forvaltningsarbeid eller IPA107 Offentleg rett 1.

I tillegg skal studenten har fullført 30 studiepoeng med valfrie emne.

Course content

Emnet Lokalsamfunnsplanlegging og utvikling legg vekt på å gi deg innsikt i korleis lokalsamfunna våre vert endra og kva verktøy som kan nyttast for å påverke og styre utviklinga i ei berekraftig retning. Ein ser på kva rolle institusjonar, næringsliv og organisasjonar har for å skape gode samfunn å leve i, og ein får innsikt i korleis samfunnet vert påverka av til dømes globalisering og ulike former for mobilitet.

I arbeidet med lokalsamfunnsplanlegging møter ein stadig på nye utfordringar. Ein viktig årsak til dette, er endringar i ytre vilkår som ein ikkje kan styre og ha kontroll over. Desse påverkar eige handlingsrom, og gjer at ein heile tida må vere på jakt etter betre og meir effektive måtar å løyse utfordringane i samfunnet på. Arbeid med samfunnsplanlegging krev innsikt i prosessane som ligg til grunn for utvikinga av samfunnet. Det inneber også at ein må kunne meistre ulike strategiar og framgangsmåtar å drive planlegging på som kan involvere ulike aktørar på tvers av sektorar og forvaltningsnivå.

Målet med emnet er å stimulere til heilskapstenking og ei djupare forståing av samfunnsplanlegging og fysisk planlegging som verktøy for utvikling av samfunnet. Emnet vektlegg både instrumentelle og kommunikative strategiar for samfunnsutvikling, men skal også gi grunnlag for ei kritisk vurdering av kva strategiar som kan vere aktuelle for ulike utviklingsoppgåver.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge
  • ha forståing for dei kulturelle, sosiale, økonomiske og geografiske endringsprosessane som finn stad i samfunnet
  • vere i stand til å forstå og forklare sentrale modellar og omgrep innan planleggingsteori
  • ha forståing for korleis samspelet mellom ulike faglige disipliner og mellom offentleg, privat  og frivillig sektor fungerer i samband med planlegging
Learning outcome skills
  • Studenten skal kunne utarbeide eit plan- og evalueringssystem og gjere greie for kva for teoriar og metodar som eignar seg i dei ulike delane av systemet
  • Studenten skal kunne planlegge og gjennomføre prosessar i lag med andre og ha ei kritisk haldning til dei metodane og strategiane som vert nytta
  • Studenten skal kunne legge fram resultat frå prosjektarbeid for eit publikum
Learning outcome qualification
  • Studenten skal kunne reflektere fagleg rundt sentrale utfordringar i lokalsamfunnsutviklinga
  • Studenten skal kunne gjere bruk av teoriar og verktøy i samfunnsplanlegging og reflektere kring bruken  av desse på ein kritisk måte
Working and learning activities

Undervisinga kombinerer førelesingar, gruppearbeid og individuelle arbeidsoppgåver/praktiske øvingar.  Emnet legg også opp til eit tverrfagleg arbeid, der studenten gjennomfører eit prosjektarbeid i lag med studentar  frå andre studieretningar ved HVO.

Studentar får tilgang til eit eige elektronisk klasserom (Fronter) der undervisningsopplegg, førelesingsnotat, oppgåver o.l. vert lagt ut. Studentane skal skrive ei individuell heimeoppgåve der det blir gitt tilbod om rettleiing. Heimeoppgåva er eit eksamensarbeid som vert vurdert og karaktersett.

Assessment requirements

Gjennomføre ei kort, skriftleg prøve frå pensum med godkjent resultat, eller ha minimum 80% frammøte til den undervisninga som står på planen. Gjennomføring av pensumprøva er lagt til slutten av semesteret.

Godkjent tverrfagleg prosjektarbeid med felles prosjektpresentasjon

Evaluation

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Minimum number of students: 
5
Maximum number of students: 
50
Person in charge: 
Grethe Mattland Olsen
Used in other programs
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individual
1 Semesters
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
Det blir gitt ein førebels karakter på heimeoppgåva.
Heimeoppgåve på omlag 3000 ord med tema og problemstilling godkjend av faglærar.
Adjusting oral examination
Individual
30 Minutes
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
100
Approval signature: 
Odd Ragnar Hunnes 24.02.17