Semesters

IPA301 Regional planlegging og utvikling

Course code: 
IPA301
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Master
Teaching semester: 
2025 Autumn
Assessment semester: 
2025 Autumn
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Ingen

Course content

I dette emnet utforskar vi samfunnsplanlegging som teori og praksis, og forholdet mellom teori og praksis. Vi tek føre oss utvikling av samfunn og regionar gjennom samskaping mellom sektorar og aktørar, medverknad og medborgarskap, og planlegging som innovasjon og entreprenørskap. Vidare drøftar vi korleis kommunikativ og kollaborativ planleggingspraksis og planleggarrolla kan fremme endring og berekraftig utvikling, først og fremst i norske regionar.

Emnet er eigna både for nyutdanna bachelorstudentar og for yrkesaktive som ønskjer kompetanse på masternivå. Emnet er eit obligatorisk emne i mastergraden i samfunnsplanlegging og leiing, men kan også takast som eit sjølvstendig vidareutdanningsemne. 

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten skal ha

  • avansert kunnskap om grunnleggande planteoretiske perspektiv
  • avansert kunnskap om korleis kommunikativ og kollaborativ planleggingspraksis kan nyttast til å fremme innovasjon og endring i samfunn og regionar
Learning outcome skills

Studenten 

  • skal kunne analysere og forholde seg sjølvstendig kritisk til utviklingstrekk og utfordringar i samfunn og regionar ved hjelp av planteoretiske perspektiv 
  • skal kunne finne, vurdere og vise til informasjon og fagstoff på ein sjølvstendig måte, og framstille og drøfte dette slik at det svarer på ei problemstilling
Learning outcome qualification

Studenten 

  • skal kritisk og sjølvstendig kunne vurdere korleis planlegging som verktøy kan nyttast i ulike situasjonar og kontekstar for å fremme ei berekraftig utvikling.  
  • skal kritisk og sjølvstendig kunne reflektere over planleggarrolla i praktisk og teoretisk planlegging
Working and learning activities

Emnet er samlingsbasert med tre samlingar i løpet av semesteret. Samlingane har kombinasjon av fysisk frammøte og digital undervising.

Undervisninga er ein kombinasjon av forelesingar, nettleksjonar, seminar og studentaktivitetar. Undervisninga er i stor grad dialogbasert, og det er lagt opp til at studentane møter opp og deltek aktivt.

Deltakarane får tilgang til eit elektronisk klasserom (Canvas) der program for samlingar, førelesingar m.m. vert tilgjengeleg, og der studentane kan levere oppgåver for kommentar og kommunisere med faglærar og med kvarandre. 

 Meir informasjon om tidspunkt for oppmøte og samlingar​ ligg i Canvas.

Assessment requirements

Arbeidskrav

Studentane skal gjennomføre tre arbeidskrav i løpet av semesteret. Innhald og innleveringsfristar for arbeidskrava går fram av Canvas.  

Evaluation system
Minimum number of students: 
15
Maximum number of students: 
50
Person in charge: 
Ellen Strøm Synnevåg
Used in other programs
  • Planning and Leadership - master (part time)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individual
1 Semesters
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
100
Heimeoppgåve.
Arbeidet med heimeoppgåva føregår gjennom heile semesteret. Heimeoppgåva skal leverast i eiga eksamensmappe (Inspera) innan oppgitt frist. Studentane får rettleiing.
Alle
5000 ord (+/- 10%) inkludert tekst, innhaldsliste, figurar, tabellar og kjeldeliste i tråd med APA 6th eller 7th.
Approval signature: 
Randi Bergem 06.03.2023