Semesters
- 2025 Autumn
- 2024 Autumn
- 2023 Autumn
- 2022 Autumn
- 2021 Autumn
- 2020 Autumn
- 2019 Autumn
- 2018 Autumn
- 2017 Autumn
- 2016 Autumn
IPA301 Regional planlegging og utvikling
Ingen
Emnet legg vekt på at offentleg tilsette har eit stort samfunnsansvar som kan ivaretakast gjennom systematisk plan- og utviklingsarbeid. Regionomgrepet inkluderer i dette emnet landsdelar, fylke, kommunar, samarbeid mellom kommunar m.m. Det vil seie territorielle einingar med administrativ avgrensing og/eller sams identitet, sams næringsstruktur, sams bu-, arbeid- og serviceområde osv. Planlegging blir definert som det å knyte saman kunnskap og handling i ein målretta politisk aktivitet, og det blir i dette emnet lagt vekt på å få fram at planlegging inneber ein kombinasjon av instrumentell og kommunikativ rasjonalitet, noko som er nødvendig for å kunne fremme deltaking, demokrati, kapabilitet, læring og innovasjon.
Vidare er det slik at politikk for samfunnsutvikling inkludert regionalpolitikk har bevega seg frå ein fordelingspolitikk til ein utviklingspolitikk basert på konkurranse der regionar/kommunar har blitt tillagt større makt og ansvar for eiga utvikling. Difor er det viktig for regionane/kommunane at dei framstår som sterke regionalpolitiske aktørar. Emnet legg difor vekt på utfordringane som ulike regionar står ovanfor, analysering av evnene dei har til å svare på slike, og utvikling av strategiar og tiltak for å møte utfordringane. Emnet fungerer som ein syntese av regional utvikling og heilskapleg samfunnsplanlegging med vekt på korleis ein kan stimulere og leie utviklings- og endringsprosessar i samfunn og organisasjonar. Partnarskap mellom det sivile samfunnet, næringslivet, demokratiske institusjonar og offentleg administrasjon i endringsarbeidet står sentralt.
Emnet er eigna for planleggarar, leiarar og andre tilsette med ansvar for samfunnsplanlegging og regional utvikling i kommunar, fylke og stat, og tilsette i privat og frivillig sektor som har mykje kontakt med offentleg sektor om plan- og utviklingsarbeid. I tillegg er emnet eigna for studentar som ønsker å kvalifisere seg til slike stillingar.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
- Avansert kunnskap om perspektiv, teoriar og metodar som er relevante for regional utvikling, planlegging og innovasjon.
- Avansert kunnskap om korleis kople instrumentell og kommunikativ rasjonalitet i kapasistesbyggande og legitimerande prosessar.
- Avansert kunnskap om samanhengen mellom proaktivt utviklingsarbeid og korleis planleggingssystem kan brukast til å skape innovasjon, endring og utvikling i samfunn og organisasjonar.
- Til å analysere og forstå utviklingstrekka og utfordringane i samfunn og organisasjonar.
- Til å designe plan- og styringssystem.
- Til å planlegge i organisasjonar og samfunn.
- Til å leie plan- og utviklingsarbeid.
Gjennom forelesingar, dialog, heimeoppgåver og praktiske øvingar skal studentene oppnå kompetanse til:
- Kritisk å vurdere ulike modellar og verktøy for regional utvikling, samfunnsendring, partnarskap mellom privat og offentleg sektor m.m.
- Kritisk å reflektere over rolla som planleggar og utviklingsaktør.
Undervisninga er organisert i 3 vekesamlingar, med mandag som studiedag (førebuing, rettleiing, kollokvium m.m.) og med organisert undervisning tirsdag til fredag.
Samling 1: Veke 35
Samling 2: Veke 41
Samling 3: Veke 46
Undervisninga er lagt opp med ein kombinasjon av forelesingar, dialog, gruppearbeid, presentasjon og drøfting i plenum m.m. Det er lagt vekt på praktiske øvingar med utgangspunkt i deltakarane sine eigne utfordringar. Det blir forventa at deltakarane driv sjølvstudium mellom samlingane og at dei leverer heimeoppgåver for kommentering. Deltakarane får tilgang til eit eige elektronisk klasserom der program for samlingar, førelesingar m.m. vert tilgjengeleg for nedlasting, der deltakaren kan levere oppgåver for kommentar og kommunisere med faglæraren og med kvarandre.
Samling 1 Regionale utvikling og samfunnsplanlegging
På denne samlinga definerer vi omgrepet region og presenterer regionale utviklingstrekk med vekt på befolkningsutvikling, næringsvekst og attraktivitet. Deretter drøftar vi planlegging som omgrep og fenomen, herunder modernitet, tid og rom, aktørar og strukturar, instrumentell versus kommunikativ rasjonalitet. Vidare drøftar vi element som politikk, makt, roller, læring og legitimitet som alle inngår i planlegging. Vi presentere tradisjonar og teoriar i planleggingsfaget og klassifiseringar av desse, og vi avsluttar samlinga med å presentere ei samansett grunngjeving for planlegging og ein design av planleggingssystem som kan bidra til legitimering av planar.
Samling 2 Innovasjon, kapabilitet og institusjonell kapasitetsbygging
På denne samlinga definerer vi ulike former for innovasjon og entreprenørskap, og vi går grundig inn på offentleg innovasjon, behovet for offentleg innovasjon og hemmarar og fremmarar av innovasjon i offentleg sektor. Vi tydeleggjer parallellar mellom kollaborativ planlegging og kollaborativ innovasjon. Deretter drøftar vi regimer i regionalpolitikken, differensiert regionalpolitikk og fire utviklingsstrategiar. Dette fører oss fram til drøfting av behovet for institusjonell kapasitetsbygging, styrking av regional handlingskapasitet og til presentasjon av og argumentasjon for ei kapasitetsbyggande planlegging basert på kopling mellom variablar i utviklingsprosessar og verktøy i planprosessar.
Samling 3 Regional planlegging og stadutvikling
Denne samlinga er meir praktisk orientert enn dei to første. Vi startar med å presentere region- og kommuneplanlegging som formelt system. Deretter drøfte vi konkurranse versus samarbeid og lokal og regional identitets betyding for regional utvikling. Vidare presenterer vi forsking på lokale og regionale utviklingsprosessar, stadutvikling på ulike nivå, perspektiv på bypolitikk og byplanlegging og voksande byar sine regionale løysingar. Samlinga blir avslutta med repetisjon av sentralt stoff i emnet.
Kvar student skal utarbeide av ein kommentert powerpoint-presentasjon på maks 10 sider der studenten skriv om befolkningsutvikling, næringsutvikling og attraktivitet i sin region/kommune. Denne skal munnleg presenterast og vurderast etter oppgitte kriterium av ein eller fleire medstudentar. Den munnlege presentasjonen skal ikkje vare meir enn 15 minutt, og 15 minutt skal brukast til spørsmål og svar, og til vurderinga. Totalt 30 minutt.
Innleverte arbeid blir vurdert av kommisjonar med ein intern og ein ekstern sensor.
Studentane vel tre representantar som saman med emneansvarleg og ein annan frå instituttet utgjer fagutvalet for emnet. Fagutvalet har møte på kvar samling. Vi viser elles til ordningar som gjeld for kvalitetssikring ved HVO.
- Planning and Leadership - master
- Planning and Leadership - master (part time)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individual | 1 Semesters | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 50 | Digital eksamen. Oppgåveteksten for artikkelen vert gitt ved starten av studiet. Det blir høve til innlevering av utkast heile hausten som faglærar kommenterer og som studenten så kan bearbeide vidare før endeleg innlevering. Oppgåva skal formast som ein vitskapleg tidsskriftartikkel som skal synleggjere at kandidaten kjenner og kan bruke pensum eller tilsvarande litteratur på ein systematisk og vitskapleg måte. | Alle | Fagleg artikkel på 5000 ord (+/- 10%) inkludert tekst, figurar, tabellar og kjeldeliste. Standard framside tel ikkje med, og innhaldsliste og vedlegg er ikkje vanleg i denne sjangeren. |
Home exam | Individual | 2 Days | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 50 | Digital eksamen. Oppgåveteksten blir gitt i slutten av semesteret og med frist på 53 timar for levering. Heimeeksamenen skal skrivast utan rettleiing og den skal teste studentane sine evner til å bruke kunnskapen utvikla gjennom kurset i ein intensiv arbeidssituasjon. Heimeeksamenen skal formast som ein vitskapleg tidsskriftartikkel med tilsvarande krav som for oppgåva. | Alle | Fagleg artikkel på 5000 ord (+/- 10%) inkludert tekst, figurar, tabellar og kjeldeliste. Standard framside tel ikkje med, og innhaldsliste og vedlegg er ikkje vanleg i denne sjangeren. |