Semesters
- 2025 Autumn
- 2024 Autumn
- 2023 Autumn
- 2022 Autumn
- 2021 Autumn
- 2020 Autumn
- 2019 Autumn
- 2018 Autumn
- 2017 Autumn
- 2016 Autumn
IPA307 Forskingsmetode og vitskapsteori
I alt 60 studiepoeng av masterprogrammet må vere fullført for å få opptak til emnet. Dette inkluderer dei obligatoriske emna IPA301 Regional planlegging og utvikling og IPA303 Offentleg leiing og kommunikasjon.
Studiet legg vekt på innsikt i spørsmål som gjeld samanhengen mellom problemstilling, design, forskingsmetode og vitskapsteori. Studentane skal såleis kunne reflektere kritisk både over kva føresetnader og tilnærmingar vitskapleg kunnskap legg til grunn, korleis kunnskapen blir skapt og teken i bruk og korleis han er relevant både for yrkesutøving og vidare forsking. Studentane arbeider med desse spørsmåla samstundes som dei utformar problemstilling og gjer vitskapsteoretiske og forskingsmetodiske val i arbeidet med masteroppgåva. Det blir lagt opp til presentasjon av eige arbeid, med kommentarar frå medstudentar og faglærarar. Studentane kan velje å skrive kvantitativt eller kvalitativt orienterte masteroppgåver, men også meir teoretisk orienterte masteroppgåver.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studentane skal ha inngåande kunnskap i vitskapsteori og forskingsmetodar innanfor samfunnsvitskapane
Studentane skal kunne
- reflektere kritisk over føresetnader og tilnærmingar i vitskapleg kunnskapsproduksjon og over korleis kunnskapen er relevant for yrkesutøving og vidare forsking
- utforme ei forskbar problemstilling og gjere vitskapsteoretiske og forskingsmetodiske val i arbeidet med masteroppgåva
- presentere og reflektere kritisk over eige arbeid og gje konstruktive tilbakemeldingar til medstudentar både munnleg og skriftleg
Studentane skal ha kunnskap i vitskapsteori og forskingsmetodar innanfor samfunnsvitskapane, og kunne nytte kunnskapen på ein reflektert måte i si eiga masteroppgåve.
Det er tre vekesamlingar i semesteret med tett kopling mellom undervisning i vitskapsteori, forskingsmetode og arbeidet med masteroppgåva. Desse samlingane vert følgde opp med to kortare samlingar for IPA308/309 i påfølgjande semester (sjå emneplan for IPA308/309 for meir informasjon om dette).
I dette emnet drøftar ein grundig dei dilemma som oppstår i dei forskjellige fasane av forskingsprosessen. Opplegget er ein kombinasjon av førelesingar og gruppearbeid. Studentane skal presentere status i oppgåvearbeidet for medstudentar og rettleiarar. Aktiv deltaking frå studentane er ein føresetnad for læringsutbytet.
Skrive og få godkjend tre individuelle arbeidskrav (på inntil 1200 ord per oppgåve) som skal ta utgangspunkt i problemstillingar som er gitt av faglærar. Arbeidskrava skal inngå i ei mappe, der ei oppgåve vert trekt ut som eksamensinnlevering.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
- Planning and Leadership - master
- Planning and Leadership - master (part time)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Portfolio | Individual | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 100 | Alle tre arbeidskrava skal lastast opp i eksamensmappa i Inspera. Eit av arbeidskrava vil bli trekt ut for vurdering. | Inntil 1200 ord per arbeidskrav |