Semesters

IPA307 Forskingsmetode og vitskapsteori

Course code: 
IPA307
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Master
Teaching semester: 
2022 Autumn
Assessment semester: 
2022 Autumn
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

I alt 60 studiepoeng av masterprogrammet må vere fullført for å få opptak til emnet. Dette inkluderer dei obligatoriske emna IPA301 Regional planlegging og utvikling og IPA303 Offentleg leiing og kommunikasjon, som må vere fullført med karakteren C eller betre som resultat. Talet på studieplassar er avgrensa til 20. Søkjarane blir rangerte på grunnlag av oppnådde karakterar på dei obligatoriske emna, deretter på grunnlag av karakterar på dei valfrie emna. Studentar med karakterar A eller B får først tilbod (gruppe 1). Deretter får studentar med C’ar tilbod, inntil studieplassane er fylt opp (gruppe 2).

Course content

Studiet legg vekt på innsikt i samanhengen mellom spørsmål som gjeld problemstilling, design, forskingsmetode og vitskapsteori. Studentane skal såleis kunne reflektere kritisk både over kva føresetnader og tilnærmingar vitskapleg kunnskap legg til grunn, korleis kunnskapen blir skapt og teken i bruk og korleis han er relevant både for yrkesutøving og vidare forsking. Difor vert det lagt stor vekt på at studentane arbeider med desse spørsmåla samstundes som dei utformar problemstilling og gjer vitskapsteoretiske og forskingsmetodiske val i arbeidet med masteroppgåva. Det blir lagt opp til presentasjon av eige arbeid, som gir grunnlag for kompletterande rettleiing og kommentarar både frå medstudentar og andre fagfolk i tillegg til eigen rettleiar. Å bidra til å halde oppe seminarkulturen er viktig i dette masteremnet. Studentane kan velje å skrive kvantitativt eller kvalitativt orienterte masteroppgåver, men også meir teoretisk orienterte masteroppgåver. Dei kvantitative kan med fordel knytast til databasar forvalta av forskarar ved instituttet. Ein kan også bruke registerdata eller andre tilgjengelege datasett.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studentane skal ha

  • inngåande kunnskap i vitskapsteori og forskingsmetodar innanfor samfunnsvitskapane
Learning outcome skills

Studentane skal kunne

  • reflektere kritisk over føresetnader og tilnærmingar i vitskapleg kunnskapsproduksjon og over korleis kunnskapen er relevant for yrkesutøving og vidare forsking
  • utforme ei forskbar problemstilling og gjere vitskapsteoretiske og forskingsmetodiske val i arbeidet med masteroppgåva
  • presentere og reflektere kritisk over eige arbeid og gje konstruktive tilbakemeldingar til medstudentar både munnleg og skriftleg

Aktiv deltaking frå studentane er ein føresetnad for læringsutbytet

Learning outcome qualification

Studentane skal ha

  • inngåande kunnskap i vitskapsteori og forskingsmetodar innanfor samfunnsvitskapane, og kunne nytte kunnskapen på ein reflektert måte i eige forskingsprosjekt

 

Working and learning activities

Det er tre vekesamlingar  gjennom semesteret med tett kopling mellom undervisning i forskingsmetode og arbeidet med masteroppgåva. Desse samlingane vert følgde opp med to kortare samlingar for IPA309/309 i påfølgjande semester (sjå emneplan for IPA308/309). Opplegget er ein kombinasjon av førelesingar og gruppearbeid. Studentane skal presentere status i oppgåvearbeidet for medstudentar og rettleiarar. Førelesingane gir metodisk og vitskapsteoretisk grunnlag for oppgåvearbeidet, medan oppgåveseminar gir studentane tilbakemelding på dei faglege utfordringane dei møter i forskjellige fasar av forskingsprosessen.

  • Samling 1: veke 33 
  • Samling 2: veke 42 
  • Samling 3: veke 47 

Til 15. oktober skal heiltidsstudentane levere ein prosjektplan for masteroppgåva. Studentar som gjennomfører master på deltid skal levere prosjektplanen innan 01.februar påfølgjande semester. Vidare rettleiing føreset at prosjektplanen er levert og godkjent.

I dette emnet drøftar ein grundig dei dilemma som oppstår i dei forskjellige fasane av forskingsprosessen. Førelesingane tek for seg følgjande tema:

  • Vitskapsteoretiske paradigme: Ontologiske, epistemologiske, metodologiske og etiske føringar som verkar inn på forskingsprosessen. Her byggjer ein på vitskapsteoretiske perspektiv som er presenterte i dei to føregåande obligatoriske emna IPA301 Regional planlegging og utvikling (15 stp) og IPA303 Offentleg leiing og kommunikasjon (15 stp).
  • Forskingsprosess og forskingsdesign.
  • Kunnskapsstatus og kunnskapsbehov: Systematisk litteratursøking.
  • Temaval og presisering av problemstillingar.
  • Utveljings- og generaliseringsspørsmål.
  • Innsamling og produksjon av data: observasjon, kvalitative intervju, kvantitative spørjeundersøkingar m.m.
  • Kasusforsking.
  • Analysetilnærmingar: kvantitativ analyse med SPSS-kurs og ulike former for kvalitativ analyse.
  • Forsking og etiske dilemma.
  • Utfordringar i skrive- og publiseringsprosessen.

Studentane vert inviterte, og oppmoda, til å delta på instituttet sitt fagforum, som vert arrangert kvar månad. Her vil studentane kunne få innblikk i forskingsprosjekt ved instituttet, og høve til å legge fram utkast av eige arbeid. 

Assessment requirements

 Skrive og få godkjend tre individuelle arbeidskrav (1200 ord +/- 10 % per oppgåve) som skal ta utgangspunkt i problemstillingar som er gitt av faglærar.

Evaluation system
Minimum number of students: 
5
Maximum number of students: 
20
Person in charge: 
Bjarte Folkestad
Finn Ove Båtevik
Used in other programs
  • Planning and Leadership - master
  • Planning and Leadership - master (part time)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Portfolio
Individual
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
100
Alle tre arbeidskrava skal lastast opp i eksamensmappa i Inspera. Eit av arbeidskrava vil bli trekt ut for vurdering.
1200 ord (+/- 10 %) per arbeidskrav
Approval signature: 
Randi Bergem 03.03.2022