Semesters
- 2025 Autumn
- 2024 Autumn
- 2023 Autumn
- 2022 Autumn
- 2021 Autumn
- 2020 Autumn
- 2019 Autumn
- 2018 Autumn
- 2017 Autumn
- 2016 Autumn
IPA307 Forskingsmetode og vitskapsteori
I alt 60 studiepoeng av masterprogrammet må vere fullført for å få opptak til emnet. Dette inkluderer dei obligatoriske emna IPA301 Regional planlegging og utvikling og IPA303 Offentleg leiing og kommunikasjon.
Studiet skal gi auka forståinga for samanhengen mellom problemstilling, forskingsdesign, forskingsmetode og vitskapsteori, og kompetanse i å gjere metodologiske val. Studentane skal kunne reflektere kritisk over kva føresetnader og tilnærmingar vitskapleg kunnskap legg til grunn, korleis kunnskapen blir skapt og teken i bruk og korleis den er relevant for yrkesutøving og vidare forsking. Studentane arbeider med desse spørsmåla samstundes som dei utformar problemstilling og gjer vitskapsteoretiske og forskingsmetodiske val i arbeidet med eiga masteroppgåve.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studentane skal ha inngåande kunnskap i vitskapsteori og forskingsmetodar innanfor samfunnsvitskapane
Studentane skal kunne
- reflektere kritisk over føresetnader og tilnærmingar i vitskapleg kunnskapsproduksjon og over korleis kunnskapen er relevant for yrkesutøving og vidare forsking
- utforme ei forskbar problemstilling og gjere vitskapsteoretiske og forskingsmetodiske val i arbeidet med masteroppgåva
- presentere og reflektere kritisk over eige arbeid og gje konstruktive tilbakemeldingar til medstudentar både munnleg og skriftleg
Studentane skal ha kunnskap i vitskapsteori og forskingsmetodar innanfor samfunnsvitskapane, og kunne nytte kunnskapen på ein reflektert måte i si eiga masteroppgåve.
Det er tre samlingar i semesteret med tett kopling mellom undervisning i vitskapsteori, forskingsmetode og arbeidet med masteroppgåva. I undervisninga legg vi vekt på dialog, diskusjon og praktisk øving. Aktiv deltaking frå studentane er ein føresetnad for læringsutbytet. Studentane leverer først eit oppgåvenotat som gjev grunnlag for tildeling av rettleiar, og seinare ein prosjektplan som skal diskuterast med rettleiar. Studentane skal også presentere eige arbeid med masteroppgåva og gje kommentarar til medstudentar i seminar.
I dette emnet drøftar ein grundig dei dilemma som oppstår i dei forskjellige fasane av forskingsprosessen. Opplegget er ein kombinasjon av førelesingar og gruppearbeid. Studentane skal presentere status i oppgåvearbeidet for medstudentar og rettleiarar. Aktiv deltaking frå studentane er ein føresetnad for læringsutbytet.
Det er inntil fire arbeidskrav i emnet. Tre av arbeidskrava skal ta utgangspunkt i problemstillingar gitt av faglærar, og inngå i eksamensmappe, der eit av arbeida vert trekt ut for vurdering. I tillegg skal studentane levere ein prosjektplan som skal diskuterast med rettleiar.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 9-4.
- Planning and Leadership - master (part time)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Portfolio | Individual | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 100 | Alle tre arbeidskrava skal lastast opp i eksamensmappa i Inspera. Eit av arbeidskrava vil bli trekt ut for vurdering. | Inntil 1200 ord per arbeidskrav |