Semesters
- 2025 Autumn
- 2024 Autumn
- 2023 Autumn
- 2022 Autumn
- 2021 Autumn
- 2020 Autumn
- 2019 Autumn
- 2018 Autumn
- 2017 Autumn
- 2016 Autumn
IPA307 Forskingsmetode og vitskapsteori
60 studiepoeng av masterprogrammet må vere fullført for å få opptak til emnet. Dette inkluderer dei obligatoriske emna IPA301 Regional planlegging og utvikling og IPA303 Offentleg organisering og leiing, som må vere fullført med karakteren C eller betre som resultat. Talet på studieplassar er avgrensa til 20. Søkjarane blir rangerte på grunnlag av oppnådde karakterar på dei obligatoriske emna, deretter på grunnlag av karakterar på dei valfrie emna. Studentar med karakterar A eller B får først tilbod (gruppe 1). Deretter får studentar med C’ar tilbod inntil studieplassane er fylt opp (gruppe 2).
Studiet legg vekt på innsikt i samanhengen mellom spørsmål som gjeld problemstilling, design, forskingsmetode og vitskapsteori. Studentane skal såleis kunne reflektere kritisk både over kva føresetnader og tilnærmingar vitskapleg kunnskap legg til grunn, korleis kunnskapen blir skapt og teken i bruk og korleis han er relevant både for yrkesutøving og vidare forsking. Difor legg vi stor vekt på at studentane arbeider med desse spørsmåla samstundes som dei utformar problemstilling og gjer vitskapsteoretiske og forskingsmetodiske val i arbeidet med eiga masteroppgåve. Presentasjon av eige arbeid på kvar samling gir grunnlag for kompletterande rettleiing og kommentarar både frå medstudentar og andre fagfolk i tillegg til eigen rettleiar. Å bidra til å halde oppe denne seminarkulturen er viktig i dette masteremnet. Studentane kan velje å skrive kvantitativt eller kvalitativt orienterte masteroppgåver, men også meir teoretisk orienterte masteroppgåver. Dei kvantitative kan med fordel knytast til databasar forvalta av forskarar ved instituttet. Ein kan også bruke registerdata eller nasjonale datasett tilgjengelege gjennom Norsk samfunnsvitenskaplig datatjeneste (NSD).
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Læringsutbytet er avhengig av den innsats studentane legg for dagen i studiet m.a. basert på eigne læreføresetnader, haldningar og interesser. Studiet kan bidra til dette utbytet gjennom opplegg der studentane tek aktiv del i førelesingar, men også i presentasjonar og diskusjonar av eige masterarbeid undervegs og relevant forskingslitteratur. Målet med emnet er såleis å gi studentane metodekunnskap for arbeidet med masteroppgåva og førebu dei for utgreiings- og forskingsoppgåver i seinare yrkespraksis. Emnet skal også gi grunnlag for søknad om vidare forskarkvalifisering, t.d. på doktorgradsnivå.
Om mål for dugleiksområda i emnet, sjå avsnitta om kunnskapar, organisering og arbeidsmåtar i emneplanen og programmet for den enkelte samlinga som blir lagt ut i Canvas.
Om mål for den generelle kompetansen i emnet, sjå avsnitta om kunnskapar, organisering og arbeidsmåtar i emneplanen og programmet for den enkelte samlinga som blir lagt ut i Canvas.
Det er fem vekesamlingar gjennom studieåret med tett kopling mellom undervisning i forskingsmetode og arbeidet med masteroppgåva. Opplegget er ein kombinasjon av førelesingar og gruppearbeid. På kvar samling må studentane presentere status i oppgåvearbeidet for medstudentar og rettleiarar. Førelesingane gir metodisk og vitskapsteoretisk grunnlag for oppgåvearbeidet, medan oppgåveseminara gir studentane tilbakemelding på dei faglege utfordringane dei møter i forskjellige fasar av forskingsprosessen.
- Samling 1: veke 36
- Samling 2: veke 43
- Samling 3: veke 49
- Samling 4: veke 4 (2018)
- Samling 5: veke 8 (2018)
Til den tredje samlinga skal det leverast ein prosjektplan for masteroppgåva. Vidare rettleiing etter tredje samling føreset at prosjektplanen er levert. I dette emnet drøftar ein grundig dei dilemma som oppstår i dei forskjellige fasane av forskingsprosessen.
Førelesingane tek for seg følgjande tema:
- Vitskapsteoretiske paradigme: Ontologiske, epistemologiske, metodologiske og etiske føringar som verkar inn på forskingsprosessen. Her byggjer ein på vitskapsteoretiske perspektiv som er presenterte i dei to føregåande obligatoriske emna Regional planlegging og utvikling (15stp) og Offentleg organisering og leiing (15stp).
- Forskingsprosess og forskingsdesign.
- Kunnskapsstatus og kunnskapsbehov: Systematisk litteratursøking og metaanalyse.
- Temaval og presisering av problemstillingar.
- Utveljings- og generaliseringsspørsmål.
- Innsamling og produksjon av data: observasjon kvalitative intervju kvantitative surveys eksperimentelle og kvasieksperimentelle opplegg materiale frå arkiv og register .
- Kasusforsking.
- Biografisk tilnærming og longitudinell forsking.
- Analysetilnærmingar: kvantitativ analyse med SPSS-kurs kvalitativ analyse, her også inkludert narrativ analyse.
- Kort innføring i dataprogram som handterer kvalitative data.
- Forsking og etiske dilemma.
- Utfordringar i skrive- og publiseringsprosessen.
Det er arbeidskrav å presentere status for oppgaven minst to ganger (i to samlingar). Ellers er det arbeidskrav å fungere som opponent minst to ganger.
Studentane vel tre representantar som saman med dei emneansvarlege utgjer fagutvalet for emnet. Fagutvalet har møte i slutten av kvar samling. Emnet vert elles evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
- Planning and Leadership - master
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Written Exam | Individual | 6 Hours | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade |