Semesters

KOH115 Tre, bruksformdesign

Course code: 
KOH115
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2016 Autumn
Assessment semester: 
2016 Autumn
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Ingen

Course content

Trearbeid, bruksformdesign er eitt av dei emna i studieprogrammet Bachelor i Kunst og handverk som er mogleg å ta som valfritt emne. Sentralt i emnet står skapande arbeid innanfor materialområdet tre med vekt på ulike to- og tredimensjonale teknikkar. I tillegg vert det fokusert på presentasjon og formidling av eigne visuelle uttrykk, samt teori knytta til fagdidaktikk og undervisning.

Learning outcome

  I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten: 

-har kunnskap om korleis ein kan nytte estetisk og formal kunnskap i arbeid med tredimensjonal form.

-har kunnskap om ulike materialar, teknikkar og verktøy til konkrete oppgåveløysingar.

-har kunnskap om korleis bruke og stelle av trebearbeidingsverktøy, handverktøy og maskiner.

-har kunnskap om designhistorie; ulike perspektiv, mellom anna det nordiske

-har kunnskap om korleis eit konkret produkt vert til, frå ide til ferdig form

-har kunnskap om korleis dokumentere eigne arbeidsprosessar og presentere desse digitalt

-har kunnskap om enkle funksjonsanalyse

-har kunnskap om emnet sin plass i ein fagdidaktisk og tverrfagleg samanheng

Learning outcome skills

Studenten:

-har ferdigheiter i å planleggje, designe, og presentere tanke- og arbeidsprosessar i eit funksjonsanalytisk perspektiv

-har ferdigheiter i å arbeide med ulike materialar i ulike teknikkar ut frå eit funskjons- og miljøperspektiv.

-har ferdigheiter i bruk og stell av utstyr, verktøy og maskiner

-har ferdigheiter i korleis ein kan gjere greie for ulike produkt sine kulturelle referansar

-har ferdigheiter i korleis ein kan utvikle forståing for estetiske verdiar knytt til kultur-og handverkstradisjonar

-har ferdigheiter i korleis ein kan nytte emnet i ein fagdidaktisk – og tverrfagleg samanheng

Learning outcome qualification

Studenten:

-kan utnytte faget sitt potensiale til å fremje gjenbruk og berekraftig utvikling

-kan reflektere over relevante HMS-tiltak knytt til fagområdet, materialar og verkstader

-kan bruke verdiar i faget til å stimulere eiga personlegdomsutvikling og danning.

Working and learning activities

Emnet er hovudsakleg konsentrert om praktisk arbeid og omfattar skapande arbeid med ulike bruksformer i tre. Handverk, kunsthandverk og design vil vere sentrale studie- og referanseområde. Første halvdel av studiet er lagt opp med innføringsblokker i ulike teknikkar og tema, med ein kombinasjon av forelesing og individuell oppgåveløysing, fellesundervisning og sjølvstudium. Andre del av emnet er prosjektbasert, der studenten arbeider med ei større fagleg problemstilling gitt av faglærar. Denne skal framstillast til eksamen. Det vert forventa at studentane i stor grad tek ansvar for eiga læring gjennom studentaktive arbeids- og undervisningsformer. Studenten får uformelle prosessevalueringar i arbeidsøktene. Studiet er organisert som eit deltidsstudium over eitt semester. Det er forventa at studenten har elementær datakunnskap.

Assessment requirements

Det er obligatorisk frammøte til all verkstadundervisning. Studentar som er borte frå undervisninga, har sjølve ansvar for å setje seg inn i gjennomgått fagstoff i deira fråvær. Det er forventa at studenten har elementær datakunnskap.Det er obligatorisk oppmøte og deltaking til alle organiserte læringsaktivitetar, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda. Med deltaking meiner ein at studentane skal arbeide med oppgåveløysingar på ein slik måte, at lærar og medstudentar kan få innsyn i læreprosessane.

Evaluation system

Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.

Evaluation

Studiekvalitetsarbeidet vert gjennomført i samsvar med gjeldande retningslinjer for HVO.

Minimum number of students: 
14
Maximum number of students: 
18
Person in charge: 
Thorstein Vasset
Expenses

 

 Studentane betaler ei materialavgift på kr. 700,- til innkjøp av fellesmateriale. I tillegg må kvar student pårekne kjøp av litt reiskap/utstyr, samt materialer til eige eksamensarbeid.

Used in other programs
  • Design, Arts and Crafts
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Portfolio
Individual
Weeks
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
Approval signature: 
Aud Folkestad