Semesters

KOH115 Tre, tradisjon og fornying

Course code: 
KOH115
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2019 Autumn
Assessment semester: 
2019 Autumn
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Ingen

Course content

Tre, tradisjon og fornying er eit valfritt emne i studieprogrammet Bachelor i Design, kunst og handverk, og er også ope for vidareutdanningsstudentar. Gjennom kreative prosessar, problemløysing og produktutvikling, vert det utvikla materialforståing og design- og bearbeidingskompetanse innan materialområdet tre. Emnet har ein fagdidaktisk overbygnad.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten: 

  • har kunnskap om kreativitet og estetiske læreprosessar
  • har kunnskap om kunst- og formkultur knytt til gjenstandskulturen
  • har kunnskap om ulike trematerialar, teknikkar og verkty til konkrete oppgåveløysingar
  • har kunnskap om stell og vedlikehald av trebearbeidingsverkty og maskiner
  • har kunnskap om form- og  funksjonsanalyse
  • har kunnskap om emnet sin plass i ein fagdidaktisk og tverrfagleg samanheng.
Learning outcome skills

Studenten:

  • kan arbeide bevisst med ideutvikling og skissearbeid som del av ein kreativ prosess
  • kan planleggje og gjennomføre produksjonsprosessar frå ide til ferdig produkt
  • har ferdigheiter i å arbeide med ulike trematerialar i ulike teknikkar og med høvlege verkty
  • kan vedlikehalde utstyr, verkty og maskiner
  • kan bruke form- og funksjonsanalyse  i vurderinga av eigne og andre sine arbeid
  • kan planlegge, organisere og vedlikehalde gode verkstader.

 

Learning outcome qualification

Studenten:

  • kan utnytte faget sitt potensiale til å fremje gjenbruk og berekraftig utvikling
  • kan reflektere over relevante HMS-tiltak knytt til fagområdet
  • kan bruke verdiar i faget til å stimulere eiga personlegdomsutvikling og danning.
Working and learning activities

Emnet er hovudsakleg konsentrert om praktisk skapande arbeid med ulike bruksformer i tre. Handverk og design vil vere sentrale studie- og referanseområde. Fyrste halvdel av studiet er lagt opp med innføringsblokker i ulike teknikkar og tema, med ein kombinasjon av forelesing, sjølvstudium og individuell oppgåveløysing. Andre del av emnet er prosjektbasert, der studenten arbeider med ei større fagleg problemstilling gitt av faglærar. Denne skal framstillast til eksamen. Studenten får uformelle prosessevalueringar i arbeidsøktene. Arbeids- og undervisningsformene i studiet er ein kombinasjon av førelesing, bruk av digitale læringsressursar og praktisk og teoretisk oppgåveløysing.

Undervisninga vert organisert individuelt og i grupper, og arbeidet kan vere både lærar- og studentstyrt. 

Assessment requirements

Det er obligatorisk frammøte og deltaking i alle organiserte læringsaktivitetar og undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen, §4-6 ( https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2014-12-04-1697). Med deltaking meinar ein at studentane skal arbeide med oppgåveløysning slik at lærar og medstudentar kan få innsyn i læringsprosessane. Studentar som er borte frå undervisninga, har sjølve ansvar for å setje seg inn i gjennomgått fagstoff i deira fråver.      

Arbeidskrav: Praktiske arbeid med ein prosessrapport, frå innføringsblokk, levert til fastsett frist.

 

Evaluation system
Minimum number of students: 
12
Maximum number of students: 
18
Person in charge: 
Karen Brænne
Expenses

Studentane betaler ei materialavgift på kr. 900,- til innkjøp av fellesmateriale. I tillegg må kvar student pårekne kjøp av litt reiskap/utstyr, samt materialar til eige eksamensarbeid.

Used in other programs
  • Design, Arts and Crafts
  • Design, Arts and Crafts - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Praktisk eksamen
Individual
Semesters
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
100
Ei praktisk oppgåve med tilhøyrande skisser
Approval signature: 
Aud Folkestad