Semesters
KOH115 Tre, tradisjon og fornying
Ingen
Emnet er obligatorisk i Bachelorgraden i Kunst og handverk, og er også ope for vidareutdanningsstudentar. Gjennom kreative prosessar, problemløysing og produktutvikling vert det utvikla materialforståing og design- og bearbeidingskompetanse innan materialområdet tre. Emnet vil i tillegg fokusere på didaktisk og metodisk kompetanse retta mot undervisning i skulen.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten:
- har kunnskap om kreativitet og estetiske prosessar
- har kunnskap om kunst- og kulturstoff knytt til gjenstandskulturen
- har kunnskap om ulike trematerialer, teknikkar og verktøy til konkrete oppgåveløysingar
- har kunnskap om stell og vedlikehald av trebearbeidingsverktøy og maskiner
- har kunnskap om enkle form- og funksjonsanalyse
- har kunnskap om emnet sin plass i ein fagdidaktisk og tverrfagleg samanheng
Studenten:
- kan arbeide bevisst med ideutvikling og skissearbeid som del av ein kreativ prosess
- kan planleggje og gjennomføre produksjonsprosessar frå ide til ferdig produkt
- har ferdigheiter i å arbeide med ulike trematerialar i ulike teknikkar og med høvlege vektøy
- kan vedlikehalde utstyr, verktøy og maskiner
- kan bruke form- og funksjonsanalyse som verktøy i vurdering ei eigne og andre sine arbeid
- kan planlegge, organisere og vedlikehalde gode verkstader
Studenten:
- kan utnytte faget sitt potensiale til å fremje gjenbruk og berekraftig utvikling
- kan reflektere over relevante HMS-tiltak knytt til fagområdet
- kan bruke verdiar i faget til å stimulere eiga personlegdomsutvikling og danning
Emnet er hovudsakleg konsentrert om praktisk skapande arbeid med ulike bruksformer i tre. Handverk og design vil vere sentrale studie- og referanseområde. Første halvdel av studiet er lagt opp med innføringsblokker i ulike teknikkar og tema, med ein kombinasjon av forelesing, sjølvsudium og individuell oppgåveløysing. Andre del av emnet er prosjektbasert, der studenten arbeider med ei større fagleg problemstilling gitt av faglærar. Denne skal framstillast til eksamen. Studenten får uformelle prosessevalueringar i arbeidsøktene. Studentar som er borte frå undervisninga har sjølve ansvar for å orientere seg om det som gjekk føre seg under deira fråvær.
Det er obligatorisk oppmøte og deltaking til alle organiserte læringsaktivitetar, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 4-6.
Arbeidskrav: Praktiske arbeid med prosessdokumentasjonar frå innføringsblokk lagd fram til fastsett tid.
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, kap. 5 §4-6.
Studiekvalitetsarbeidet vert gjennomført i samsvar med gjeldande retningslinjer for HVO.
Studentane betaler ei materialavgift på kr. 800,- til innkjøp av fellesmateriale. I tillegg må kvar student pårekne kjøp av litt reiskap/utstyr, samt materialer til eige eksamensarbeid.
- Design, Arts and Crafts
- Design, Arts and Crafts - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Portfolio | Individual | Semesters | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 100 |