Semesters
KOH132 Inn i arkitekturen
Ingen
Inn i arkitekturen er eit obligatorisk emne i studieprogrammet Bachelor i design, kunst og handverk. Sentralt i emnet står skapande arbeid innanfor ulike materialområde i to- og tredimensjonale uttrykk. Studenten utviklar grunnleggjande innsikt i, og forståing for, det fysiske nærmiljøet, lokal arkitektur og byggeskikk, og tek dette i bruk i eige skapande arbeid. I emnet vil studenten reflektere over korleis arkitektur kan opplevast og diskuterast, i fortid og notid. Gjennom kreative prosessar, problemløysing og produktutvikling vert det utvikla materialforståing og design- og bearbeidingskompetanse innan ulike materiale.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten:
- har kunnskap om kreativitet og estetiske læreprosessar
- har kunnskap om arkitekturanalyse og kjennskap til arkitektur og byggeskikk i notid og fortid
- har kunnskap om korleis arkitektteikningar og digitale presentasjonar av byggeprosjekt vert produserte og presenterte
- har kunnskap om ulike materiale, teknikkar og verkty til konkrete oppgåveløysingar.
Studenten:
- kan bruke formalestetiske verkemiddel og reflektere rundt desse i eige og andre sitt arbeid
- kan utføre arkitekturanalyse på eige og andre sitt arbeid
- kan bruke arkitektur og aktuell byggeskikk som utgangspunkt for nyskaping i eige arbeid
- kan bruke ulike materiale, verkty og teknikkar i varierte arbeidsoppgåver
- kan dokumentere og formidle eigne skapande prosessar.
Studenten:
- kan utnytte faget sitt potensiale til å fremje god byggeskikk og berekraftig utvikling
- reflektere over relevante HMS-tiltak knytt til fagområdet, materiale og verkstader
- kan bruke verdiar i faget til å stimulere eiga personlegdomsutvikling og danning.
Emnet er hovudsakleg konsentrert om praktisk arbeid i verkstaden med utgangspunkt i tema, verkty og teknikkar. Studentane arbeider enkeltvis eller i grupper med faglege problemstillingar gitt av faglærar. Arbeids- og undervisningsformene i studiet er ein kombinasjon av førelesing, bruk av digitale formidlings- og læringsressursar og praktisk og teoretisk oppgåveløysing.
Undervisninga vert organisert individuelt og i grupper, og arbeidet kan vere både lærar- og studentstyrt.
Studentane får individuell rettleiing undervegs i arbeidsøktene.
Det vert gjennomført studietur til relevante kunstinstitusjonar i inn- eller utland. Turen vil gå over 4-5 dagar. Studentane må sjølve dekkje reiseutgifter ved deltaking på studieturen. Dersom studenten ikkje har høve til å ta del må ein så tidleg som mogleg i semesteret, søkje om å kunne få gjennomføre eit alternativt opplegg i samråd med faglærar.
Det er obligatorisk frammøte og deltaking i alle organiserte læringsaktivitetar og undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen.
Med deltaking meiner ein at studentane skal arbeide med oppgåveløysning slik at lærar og medstudentar kan få innsyn i læringsprosessane. Studentar som er borte frå undervisninga, har sjølve ansvar for å setje seg inn i gjennomgått fagstoff i deira fråver.
Arbeidskrav: Eitt praktisk arbeid, levert til fastsett frist.
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
Studenten betaler ei materialavgift på kr. 800,- til innkjøp av fellesmateriale. I tillegg må kvar student pårekne kjøp av litt reiskap/utstyr. Liste over slikt utstyr vert delt ut ved studiestart.
- Design, Arts and Crafts - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individual | 1 Semesters | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | Praktisk oppgave med prosessrapport |