Semesters

KOH132 Arkitektur i skulen

Course code: 
KOH132
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2019 Spring
Assessment semester: 
2019 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Ingen

Course content

Arkitektur i skulen er eit valfritt emne i studieprogrammet Bachelor i Kunst og handverk, og er også ope for vidareutdanningsstudentar. Sentralt i emnet står skapande arbeid innanfor ulike materialområde i to- og tredimensjonale uttrykk. Studenten utviklar grunnleggjande innsikt i, og forståing for, det fysiske nærmiljøet, lokal arkitektur og byggeskikk, for å ta dette i bruk i eige skapande arbeid. I emnet vil studenten reflektere over korleis arkitektur kan opplevast og diskuterast, i fortid og notid, og gjennom kreative prosessar, problemløysing og produktutvikling vert det utvikla materialforståing og design- og bearbeidingskompetanse innan ulike materialer. Emnet vil i tillegg fokusere på didaktisk og metodisk kompetanse retta mot undervisning i skulen

Learning outcome

 I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten:

  • har kunnskap om kreativitet og estetiske læreprosessar
  • har kunnskap om arkitekturanalyse og kjennskap til arkitektur og byggeskikk i notid og fortid
  • har kunnskap om korleis arkitektteikningar og digitale presentasjonar av byggeprosjekt vert produsert og presentert
  • har kunnskap om ulike materialer,  teknikkar og verkty til konkrete oppgåveløysingar
  • har kunnskap om emnet sin plass i fagdidaktiske- og tverrfaglege samanhengar
Learning outcome skills

Studenten:

  • kan bruke formalestetiske virkemiddel og reflektere rundt desse i eige og andre sitt arbeid
  • kan utføre  arkitekturanalyse på eige og andre sitt arbeid
  • kan bruke arkitektur og aktuell byggeskikk som utgangspunkt for nyskaping i eige arbeid
  • kan bruke ulike materiale, verkty og teknikkar i varierte arbeidsoppgåver
  • kan dokumentere og formidle eigne skapande prosessar
  • kan sette emnet inn i fagdidaktisk- og tverrfagleg samanheng
Learning outcome qualification

 Studenten:

  • kan utnytte faget sitt potensiale til å fremje god byggeskikk og berekraftig utvikling
  • reflektere over relevante HMS-tiltak knytt til fagområdet, materiale og verkstadar
  • kan bruke verdiar i faget til å stimulere eiga personlegdomsutvikling og danning
Working and learning activities

Emnet er hovudsakleg konsentrert om praktisk arbeid i verkstaden med utgangspunkt i tema, verkty og teknikkar. Studentane arbeider enkeltvis eller i grupper med faglege problemstillingar gitt av faglærar.  Arbeids- og undervisningsformene i studiet er ein kombinasjon av førelesing, bruk av digitale læringsressursar og praktisk og teoretisk oppgåveløysing.

Undervisninga vert organisert individuelt og i grupper, og arbeidet kan vere både lærar- og studentstyrt.       

Studenten får uformelle prosessevalueringar i arbeidsøktene. Studentar som er borte frå undervisninga har sjølve ansvar for å orientere seg om det som gjekk føre seg under deira fråvær.

Assessment requirements

Det er obligatorisk frammøte og deltaking i alle organiserte læringsaktivitetar og undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen, §4-6 ( https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2014-12-04-1697). 

Arbeidskrav: Praktiske arbeid med prosessrapportar frå innføringsblokk lagde fram til fastsett frist

Evaluation system

Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.

Evaluation

Studiekvalitetsarbeidet vert gjennomført i samsvar med gjeldande retningslinjer for HVO.

Minimum number of students: 
12
Maximum number of students: 
18
Person in charge: 
Karen Brænne
Expenses

Materialavgift: Studenten betaler ei materialavgift på kr. 800,- til innkjøp av fellesmateriale. I tillegg må kvar student pårekne kjøp av litt reiskap/utstyr. Liste over slikt utstyr vert delt ut ved studiestart.

Used in other programs
  • Design, Arts and Crafts
  • Design, Arts and Crafts - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individual
Weeks
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
Praktisk oppgave med prosessdokumentasjon og didaktisk refleksjon
Approval signature: 
Aud Folkestad