Semesters
KOH132 Arkitektur
Ingen
Arkitektur er eit obligatorisk emne i studieprogram Bachelor, kunst og handverk. Sentralt i emnet står skapande arbeid innanfor ulike materialområde i to- og tredimensjonale teknikkar, konkretisert gjennom arbeid med modellar og enkel fagteikning. Studenten utviklar grunnleggjande innsikt i og forståing for det fysiske nærmiljø, lokal arkitektur og byggeskikk for å ta dette i bruk i eige skapande arbeid.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten har:
kunnskap om formalestetikk i arbeid med to- og tredimensjonal form kunnskap om ulike materiale, teknikkar og verktøy, også digitale verktøy
kunnskap om enkel arkitekturanalyse kjennskap til arkitektur og byggeskikk
kunnskap om korleis arkitektteikningar og digitale presentasjonar av byggeprosjekt vert produsert og presentert
kunnskap om emnet sin plass i fagdidaktiske- og tverrfaglege samanhengar
Studenten kan:
bruke estetiske verkemiddel, og reflektere rundt desse i eige og andre sitt arbeid
bruke ulike materiale, verktøy og teknikkar i varierte arbeidsoppgåver
utføre enkel arkitekturanalyse dokumentere og formidle eigne skapande prosessar og bruke arkitektur og aktuell byggeskikk som inspirasjon i eige arbeid og sette kunnskap om emnet inn i fagdidaktisk- og tverrfagleg samanheng
Studenten kan:
utnytte faget sitt potensiale til å fremje god byggeskikk og berekraftig utvikling
reflektere over relevante HMS-tiltak knytt til fagområdet, materiale og verkstadar
Emnet er hovudsakleg konsentrert om praktisk arbeid med ulike teknikkar og tema. Studentane arbeider enkeltvis eller i grupper med faglege problemstillingar gitt av faglærar. Undervisningsformene er ein kombinasjon av forelesing og individuell oppgåveløysing, fellesundervisning og sjølvstudium. Det vert forventa at studenten i stor grad tek ansvar for eiga læring gjennom studentaktive arbeids- og undervisningsformer. Studenten får uformelle prosessevalueringar i arbeidsøktene. Det avsluttande arbeidet skal knytast opp mot studietur/ekskursjon.Det er forventa at studenten har elementær datakunnskap.Studentarbeid som blir produsert og dokumentert i løpet av emnet vil kunne bli brukt som døme ved seinare kurs, eller i skulen sin informasjon om eigne aktivitetar, dersom ikkje studenten skriftleg motset seg dette.
Det er obligatorisk frammøte og deltaking til alle organiserte læringsaktivitetar, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda. Med deltaking meiner ein at studentane skal arbeide med oppgåveløysingar på ein slik måte at lærar og medstudentar kan få innsyn i læreprosessane. Studentar som er borte frå undervisninga, har sjølve ansvar for å setje seg inn i gjennomgått fagstoff i deira fråver.
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
Studiekvalitetsarbeidet vert gjennomført i samsvar med gjeldande retningslinjer for HVO.
Materialavgift: Studenten betaler ei materialavgift på kr. 700,- til innkjøp av fellesmateriale, samt supplering av utstyr i spesialrom. I tillegg må kvar student pårekne kjøp av litt reiskap/utstyr. Liste over slikt utstyr vert delt ut ved studiestart.
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individual | Weeks | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | Praktisk oppgave med prosessdokumentasjon og didaktisk refleksjon |