Semesters
KOH139 Entreprenørskap i kreative næringar
Ingen
Entreprenørskap i kreative næringar er eit obligatorisk emne i studieprogrammet Bachelor i design, kunst og handverk, men er også tilgjengeleg for vidareutdanningsstudentar og eksterne søkjarar. Emnet gjev innsikt i kva potensiale som ligg i kunnskap om entreprenørskap, korleis idear kan realiserast og kva som må til for å etablere eige føretak. Emnet gjev forståing for korleis eigen fagkompetanse kan danne grunnlag for eiga verksemd og verdiskaping.
Emnet gjev innføring innan hovudområda entreprenørskap og entreprenøren, idéutvikling og kreativitet, og etablering og kommersialisering.
Emnet eignar seg spesielt godt for dei som har utdanning i, eller er i ei utdanning, innanfor praktiske fagområde knytt til kreative næringar.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten:
- har kunnskap om entreprenørskapsomgrepet og kva rolle entreprenørskap kan spele i samfunnet
- har kunnskap om idéutvikling og kreative prosessar
- har kunnskap om korleis ein kan utvikle og skrive forretningsplan/modell
- har kjennskap til kommunikasjons- og formidlingsstrategiar i møte med aktuelle aktørar og samarbeidspartar
- har kjennskap til verkemiddelapparatet og finansiering av kulturprosjekt
- har kunnskap om oppstart, registrering, drift og avvikling av ein studentbedrift.
Studenten:
- kan anvende kunnskap om ulike sider ved entreprenørskap i eigne prosessar
- kan vurdere samanhengar mellom entreprenørskap og samfunn
- kan planlegge og gjennomføre idéutviklingsprosessar, både individuelt og i samarbeid med andre
- kan utvikle og skrive ein forretningsmodell/plan
- kan planleggje og gjennomføre presentasjonar, både individuelt og i samarbeid med andre
- kan etablere, registrere og avvikle ein studentbedrift.
Studenten:
- har utvikla kunnskap og ferdigheter om sentrale fasar frå idé til utvikling av praktisk prosjekt eller etablering av eiga verksemd
- har kjennskap til kva som ligg i den samla entreprenørskapskompetansen, som kunnskap, haldningar og ferdigheiter.
Arbeids- og undervisningsformene i studiet er ein kombinasjon av førelesing, bruk av digitale formidlings- og læringsressursar, seminar med studentaktivitet og praktisk og teoretisk oppgåveløysing.
Undervisninga vert organisert både individuelt og i grupper, og arbeidet kan vere både lærar- og studentstyrt. Studentar får rettleiing i arbeidsøktene og i framleggingssituasjonar.
Det er obligatorisk frammøte og deltaking i alle organiserte læringsaktivitetar og undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen, §4-6 https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2014-12-04-1697.
Arbeidskrav: Individuell skriftleg eller multimodal oppgåve knytt til tema Entreprenørskap.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
- Design, Arts and Crafts
- Design, Arts and Crafts - bachelor
- Music - bachelor
- PR, Communication and Media - bachelor
- Theatre and Drama - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oral examination | Group | 30 Minutes | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 50 | |||
Oppgave | Individual | 1 Semester | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 50 | Eit skriftleg refleksjonsnotat kor studenten reflekterer over eigen innsats i studentbedriften. |