Semesters

KOH139 Entreprenørskap i kulturnæringar

Course code: 
KOH139
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2018 Spring
Assessment semester: 
2018 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Ingen

Course content

Entreprenørskap i kulturnæringar er eit obligatorisk emne i studieprogrammet Bachelor i Kunst og handverk, men er også tilgjengeleg for eksterne søkarar. Emnet gjev innføring i kva potensiale som ligg i kunnskap om entreprenørskap, korleis idear kan realiserast og kva som må til for å etablere eige føretak. Emnet gjev forståing for korleis eigen fagkompetanse kan danne grunnlag for eiga verksemd og verdiskaping. Det vert lagt vekt på personleg utvikling og rolla som samfunnsbyggjar.

Emnet gjev innføring innan hovudområda entreprenørskap og entreprenøren, idéutvikling og kreativitet og etablering og kommersialisering.

Entreprenørskap i kulturnæringar eignar seg spesielt godt for dei som har utdanning i, eller er i, ei utdanning innanfor praktiske fagområde knytt til medie- eller kulturfeltet.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten:

  • har kunnskap om entreprenørskapsomgrepet og ulike perspektiv på entreprenørskap
  • har kunnskap om kva rolle entreprenørskap kan spele i samfunnet
  • har kunnskap om idéutvikling og kreative prosessar
  • har kunnskap om korleis ein kan utvikle og skrive forretningsplan/modell som inkluderer marknadsanalyse, økonomi og budsjettering
  • har kunnskap om kommunikasjon og formidling i møte med aktuelle aktørar og samarbeidspartar
  • har kunnskap om verkemiddelapparatet og finansiering av kulturprosjekt
  • har kunnskap om oppstart, registrering, drift og avvikling av ein studentbedrift
Learning outcome skills

Studenten:

  • kan anvende kunnskap om ulike sider ved entreprenørskap
  • kan vurdere samanhengar mellom entreprenørskap og samfunn
  • kan planlegge og gjennomføre idéutviklingsprosessar, både individuelt og i samarbeid med andre
  • kan utvikle og skrive ein forretningsplan/modell som inkluderer marknadsanalyse, økonomi og budsjettering
  • kan planleggje og gjennomføre presentasjonar, både individuelt og i samarbeid med andre
  • kan ta i bruk virkemiddelapparatet for å kunne utvikle eit kulturprosjekt eller etablere eiga bedrift
  • kan etablere, registrere og avvikle ein studentbedrift
Learning outcome qualification

Studenten:

  • har utvikla kunnskap og ferdigheter om sentrale fasar frå idé til utvikling av praktisk prosjekt eller etablering av eiga verksemd
  • har kjennskap til kva som ligg i den samla entreprenørskapskompetansen, som kunnskap, haldningar og ferdigheiter  
Working and learning activities

Undervisningsformene vekslar mellom plenumsførelesing, seminar med studentaktivitet, praktiske og næringsretta prosjekt i grupper, og individuelt arbeid. Det vert lagt opp til problembaserte og studentaktive arbeidsformer. Studentar får prosessevalueringar i arbeidsøktene og i framleggingssituasjonar. Undervisning kan bli lagt utanfor høgskulen som til dømes ekskursjonar, og studenten må difor pårekna kostnader til dette.

Assessment requirements

Det er obligatorisk oppmøte og deltaking til all timeplanfesta aktivitet, jamfør Forskrift om studium ved Høgskulen i Volda. 

Arbeidskrav:

Individuell skriftleg oppgåve knytt til tema Entreprenørskap. Oppgåva skal vere på om lag 1500 ord, og vere levert til fastsett tid.

Evaluation system

Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, kap 5.

Evaluation

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Minimum number of students: 
16
Maximum number of students: 
40
Person in charge: 
Janne Heggvoll
Used in other programs
  • Bachelor's degree in Media, ICT and Design
  • Design, Arts and Crafts
  • Music - bachelor
  • PR, Communication and Media - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Annen vurderingsform, definer i kommentarfelt
Group
1 Semester
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
70
Eksamen består av to eksamensdelar, eit prosjektarbeid i gruppe og eit individuelt refleksjonsnotat:

Eit praktisk prosjektarbeid utført i gruppe vert lagt fram for eit panel som vurderer både innhald og framføring. Prosjektarbeidet vil gi ein felles karakter for gruppa og vert vekta 70% av den samla eksamenskarakteren.
Home exam
Individual
1 Semester
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
30
Kvar student leverer eit individuelt refleksjonsnotat på om lag 1000 ord knytt opp mot eiga rolle i prosjektarbeidet. Refleksjonsnotatet vert vekta 30% av den samla eksamenskarakteren.
Approval signature: 
Aud Folkestad