Semesters
- 2025 Autumn
- 2024 Autumn
- 2023 Autumn
- 2022 Autumn
- 2021 Autumn
- 2020 Autumn
- 2019 Autumn
- 2018 Autumn
- 2017 Autumn
- 2016 Autumn
MEI301 Meistring og myndiggjering – samhandlingsperspektivet
Ingen.
Meistring og myndiggjering er kjernetema i studiet. Kunnskap, innsikt og handlingskompetanse på desse områda krev bidrag frå ulike fag og disiplinar, og perspektiv på ulike nivå. Helse- og sosialarbeidarar skal i hovudsak utøve arbeidet sitt i nære relasjonar til brukarar, deira pårørande og sosiale omgjevnad. Å målrette arbeidet mot meistring og myndiggjering føreset kompetanse i samhandling i andletsnære relasjonar i ulike kontekstar, ulike problemtypar og ulike metodar for å realisere ulike mål.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
- kunnskap om sentrale teoriar om meistring, myndiggjering og brukerdeltaking med vekt på kommmunikasjon og samhandling.
- ferdigheiter i å analysere samhandlingsrelasjoner og styrke og vidareutvikle dei slik at meistring og myndiggjering kan realiserast
- generell kompetanse til å samarbeide og samhandle med brukarar og pasientar, pårørande og andre profesjonelle på ein fagleg og etisk forsvarleg måte, som fremjar læring, meistring og myndiggjering.
Innhaldet i dette emnet er organisert innan fire hovudtema:
Tema 1 – Læring og meistring:
Sentrale omgrep og modellar i meistringsteori, analyse og arbeid med relasjonar og pedagogiske situasjonar for læring og meistring, kritiske perspektiv på teoriar om meistring og empowerment.
Tema 2- Kommunikasjon og meiningsdanning:
Sentrale omgrep og modellar i kommunikasjonsteori, kommunikativ kompetanse, språk og meiningsdanning, endringsfokusert kommunikasjon, prosess og relasjonsdanning, språk og språkbruk i brukarretta informasjon.
Tema 3- Brukar/pasient- og pårørandeerfaringar:
Brukarerfaring knytt til helse- og sosialsektoren, pasient- og pårørandeerfaringar ved ulike somatiske og psykiske lidingar, helseutfordringar for ulike brukargrupper i forskjellige livsfasar, utfordringar i fleirkulturelle relasjonar.
Tema 4 - Etiske utfordringar og dilemma:
Menneskesyn og etikk i nære relasjonar, etiske verdiar og faglege verdiar, makt og kontroll i nære relasjonar, dialog, tillit og autonomi
Undervisninga er lagt til 3 vekesamlingar, med 4 undervisningsdagar og ein studiedag på kvar samling: Samling 1: Veke 33 Samling 2: Veke 40 Samling 3: Veke 46
Undervisninga er lagt opp med ein kombinasjon av forelesingar, gruppearbeid, seminar, presentasjon av arbeid med heimeoppgåve og drøfting i plenum m.m. Det blir forventa at studentane driv sjølvstudium mellom samlingane, og at dei leverer utkast til heimeoppgåve for presentasjon og kommentering. Presentasjonen omfattar både kommentar frå faglærar, og førebudde og spontane studentkommentarar.
Det er krav om minimum 80% frammøte på undervisningssamlingane.
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem
- Health and Social Sciences - master
- Health and Social Sciences - master
- Planning and Leadership - master
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individual | 1 Semesters | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 50 | Oppgåva skal ha ei relevant problemstilling. Det er rettleiing knytta til oppgåva. | Alle. | Omlag 5000 ord (+/-10%). |
Written Exam | Individual | 5 Hours | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 50 | Digital eksamen. |