Semesters

MEI301 Meistring og myndiggjering – samhandlingsperspektivet

Course code: 
MEI301
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Master
Teaching semester: 
2022 Autumn
Assessment semester: 
2022 Autumn
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Ingen.

Course content

Meistring og myndiggjering er kjernetema i studiet. Kunnskap, innsikt og handlingskompetanse på desse områda krev bidrag frå ulike fag og disiplinar, og perspektiv på ulike nivå. Helse- og sosialarbeidarar skal i hovudsak utøve arbeidet sitt i nære relasjonar til brukarar, deira pårørande og sosiale omgjevnader. Å målrette arbeidet mot meistring og myndiggjering føreset kompetanse i samhandling i andletsnære relasjonar i ulike kontekstar, ulike problemtypar og ulike metodar for å realisere ulike mål.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten skal ha

  • inngåande kunnskap om sentrale teoriar om meistring, myndiggjering og brukerdeltaking med vekt på kommmunikasjon og samhandling.
  • omfattande kunnskap om korleis makt, avmakt og motmakt kan gjere seg gjeldande i samhandling mellom profesjonelle, brukarar og pårørande
Learning outcome skills

Studenten skal ha

  • ferdigheiter i å gjere grundige analysar av samhandlingsrelasjonar og styrke og vidareutvikle dei slik at meistring og myndiggjering kan realiserast i samarbeid med brukar og andre sentrale aktørar 
  • ferdigheiter i å nytte kommunikasjonsformer som i høg grad anerkjenner og fremjer brukarenes eigen kompetanse 
  • ferdigheiter i å gjere inngående etiske analysar av etablerte praksisar og bidra til å vidareutvikle meistringsorienterte praksisar 
Learning outcome qualification

Studenten skal ha generell kompetanse

  • i å utøve fagleg skjønn av høg kvalitet ved bruk av teori, eigne profesjonelle erfaringar og brukarkompetanse i samhandling med brukarar, pårørande og andre profesjonelle.
  • i kommunikasjonsformer som fremjer læring, meistring og myndiggjering
  • i å identifisere og endre samhandling som hemmer myndiggjering gjennom etisk refleksjon og god dømekraft
Working and learning activities

Innhaldet i dette emnet er organisert i fire hovudtema:

Tema 1 – Læring og meistring:

Sentrale omgrep og modellar i meistringsteori, analyse og arbeid med relasjonar og pedagogiske situasjonar for læring og meistring, og kritiske perspektiv på teoriar om meistring og empowerment.

Tema 2- Kommunikasjon og meiningsdanning:

Sentrale omgrep og modellar i kommunikasjonsteori, kommunikativ kompetanse, språk og meiningsdanning, endringsfokusert kommunikasjon, prosess og relasjonsdanning, språk og språkbruk i brukarretta informasjon.

Tema 3- Brukar/pasient- og pårørandeerfaringar:

Brukarerfaring i helse- og sosialsektoren, pasient- og pårørandeerfaringar ved ulike somatiske og psykiske lidingar, helseutfordringar for ulike brukargrupper i forskjellige livsfasar, utfordringar i fleirkulturelle relasjonar. 

Tema 4 - Etiske utfordringar og dilemma

Menneskesyn og etikk i nære relasjonar, etiske verdiar og faglege verdiar, makt og kontroll i nære relasjonar, dialog, tillit og autonomi

 

Undervisninga er lagt til tre vekesamlingar, med fire undervisningsdagar og ein studiedag på kvar samling. Meir informormasjon om samlingsveker ligg her.

Undervisninga er ein kombinasjon av fysiske og digitale forelesingar, gruppearbeid, seminar, presentasjon av arbeid med heimeoppgåve og drøfting i plenum m.m. Undervisninga forutset høg grad av studentaktivitet. Dei digitale opplegga vert strøyma i sanntid til heile studentgruppa (via zoom). Høgskulen gjer ikkje opptak av strøyminga. Ifølge læringsutbytte knytt til ferdigheiter, skal studentane utvikle evna si til å kommunisere på måtar som fremmer samhandling og meistring. For å oppnå dette læringsutbyttet skal deltaking via zoom skje med fullt namn, og kamera og lyd slått på. Dette er i samsvar HVO si retningslinje for strøyming, §5 og GDPR art 6(1) e). Studentar kan søkje om dispensasjon til å få delta anonymt. 

Det blir forventa at studentane driv sjølvstudium mellom samlingane, og at dei leverer utkast til heimeoppgåve for presentasjon og kommentering. Presentasjonen omfattar både kommentar frå faglærar, og førebudde og spontane kommentarar frå medstudentar.

Assessment requirements

Det er krav om deltaking på to av tre samlingar (eller 65 prosent av tida på samlingane).

Arbeidskrav: Deltaking på eit artikkelseminar

Evaluation system
Minimum number of students: 
15
Maximum number of students: 
35
Person in charge: 
Bente Hasle
Ellen Andenes
Used in other programs
  • Health and Social Sciences - master
  • Health and Social Sciences - master
  • Planning and Leadership - master (part time)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individual
1 Semesters
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
50
Oppgåva skal ha ei relevant problemstilling. Det er rettleiing knytta til oppgåva.
Alle.
Omlag 4000 ord (+/-10%).
Home exam
Individual
6 Hours
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
50
Alle hjelpemiddel tillatt
Approval signature: 
Randi Bergem 07.03.2022