Semesters
MEI305 Masteroppgåve i helse- og sosialfag - meistring og myndiggjering (45 stp)
I alt 60 studiepoeng av masterprogrammet må vere fullført for å få opptak til emnet. Før oppstart må dei obligatoriske emna MEI301 og MEI302 vere fullført med minimum karakteren C. I tillegg må 15 valfrie studiepoengsemne på masternivå vere fullførte. Masteroppgåve kan ikkje leverast før ein har bestått eksamen i Forskingsmetode og vitskapsteori (MEI303).
Skriving av masteroppgåve er avsluttande emne på Masterstudiet i helse og sosialfag, Meistring og myndiggjering. Studiet skal gi studentane kunnskap, ferdigheiter, haldningar og etisk medvit til å fremje læring, meistring og myndiggjering i eige arbeid. Ei masteroppgåve på MEI305 gir særleg grunnlag for vidare forskarutdanning.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
- Studenten skal ha inngåande kunnskap om forskingsmetoden som er valt for masteroppgåva
- Studenten skal ha inngåande kunnskap om forskingsetiske retningslinjer
- Studenten skal ha omfattande kunnskap om feltet studenten vel å forske på
- Studenten skal ha forskingsmetodisk kunnskap til å kunne analysere og vurdere eiga og andre si forsking
- Studenten skal ha god kunnskap om krav til akademisk skriving
- Studenten skal ha sjølvstendige ferdigheiter til å utvikle eit helse- eller sosialfagleg forskingsopplegg som gir relevante data; innsamla og analysert med vitskaplege metodar
- Studenten skal kunne vurdere om ulike forskingsdesign er tenlege for å utvikle kunnskap og analysere og vurdere eiga og andre si forsking
- Studenten skal ha gode ferdigheiter til å kunne gjere grundige vurderingar av forskingsetiske omsyn gjennom heile forskingsprosessen
- Studenten skal kunne finne og gjere seg nytte av relevant litteratur og kunne setje eiga forsking inn i ei teoretisk fruktbar ramme på ein kritisk reflektert måte
- Studenten skal i høg grad meistre akademisk skriving og skal kunne presentere eigne forskingsprosjekt, resultat og faglege drøftingar skriftleg og munnleg
- Studenten skal utvikle kompetanse i å planlegge, gjennomføre, presentere og reflektere kritisk i sjølvstendige forskings- og utviklingsprosjekt.
Studentane skal velje eit helse- eller sosialfagleg relevant forskingstema og på bakgrunn av undervisning og rettleiing gjennomføre eit sjølvstendig forskingsarbeid.
Arbeidet med masteroppgåva går parallelt med emnet Forskingsmetode og vitskapsteori (MEI303) i haustsemesteret. Studentane skal levere eit oppgåvenotat, og presentere status for oppgåva for medstudentar og faglærar på oppgåveseminar. I det påfølgjande vårsemesteret vert det arrangert to samlingar med undervisningstilbod knytt til oppgåveskriving og analyse. På desse samlingane vert det også oppgåvepresentasjonar frå studentane.
For å levere masteroppgåva til vurdering, må studenten ha
- bestått til eksamen i emnet MEI 303 Forskingsmetode og vitskapsteori. Masteroppgåva må vere bestått for å få gå opp til munnleg justerande eksamen
- presentert eige arbeid med masteroppgåva og gitt kommentarar til medstudentar på minst to av samlingane
- levert prosjektskisse som er godkjent av rettleiar
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
- Health and Social Sciences - master
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Master's thesis | Individual | 2 Semesters | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | Masteroppgåva blir evaluert av ein kommisjon med to medlemmar og får ein førebels bokstavkarakter. | Alle. | 35.000 ord (+/- 10%). Skrifttype Times New Roman, linjeavstand 1,5 og bokstavstorleik 12-punkt. Standard framside, obligatorisk samandrag (norsk og engelsk), forord, innhaldsliste, litteraturliste og eventuelle vedlegg tel ikkje med i talet på ord. | |
Adjusting oral examination | Individual | 45 Minutes | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 100 | Munnleg justerande eksamen der masteroppgåva skal forsvarast, inntil 45 minutt. Munnleg justerande eksamen fastset den endelege karakteren i emnet. |