Semesters

MEI305 Masteroppgåve i helse- og sosialfag - meistring og myndiggjering (45 stp)

Course code: 
MEI305
Duration: 
2 semesters
Credits (ECTS): 
45
Level of study: 
Master
Teaching semester: 
2019 Autumn
2020 Spring
Assessment semester: 
2020 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

60 studiepoeng av masterprogrammet må vere fullført for å få opptak til emnet. Dette inkluderer dei obligatoriske emna Meistring og myndiggjering - samhandlingsperpektivet (MEI301) og Meistring og myndiggjering - strukturperspektivet (MEI302) som må vere fullført med karakteren C eller betre som resultat.Det er eit avgrensa tal plassar på emnet og ved rangering tek ein utgangspunkt i karakterane på dei obligatoriske emna. Deretter blir søkjarane rangerte på grunnlag av gjennomsnittskarakterar på alle emna søkjarane har gjennomført i mastergradsstudiet. Ved lik rangering vert det loddtrekking. Masteroppgåve kan ikkje leverast før ein har bestått eksamen i Forskingsmetode og vitskapsteori (MEI303).

Course content

Skriving av masteroppgåve er avluttande emne på Masterstudiet i helse og sosialfag, Meistring og myndiggjering. Studiet skal gi studentane kunnskap, ferdigheiter, haldningar og etisk medvit til å fremje læring, meistring og myndiggjering i eige arbeid med pasientar og klientar. Studiet skal også gjere dei i stand til å undervise, rettleie og initiere FOU-prosjekt med vekt på slike mål. Fullført masterstudium skal samtidig kunne kvalifisere for opptak til doktorgradsstudium.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne: 

Learning outcome knowledge

Målet er at undervisninga og rettleiinga skal hjelpe studentane til å skrive ei masteroppgåve som fyller krava til vitskapleg arbeid. Då må dei på ein grunngitt måte velje eit helsefagleg eller sosialfagleg forskingstema og presisere dette temaet til ei forskbar problemstilling. Denne problemstillinga må drøftast med utgangspunkt i relevant litteratur og setjast inn i ei teoretisk fruktbar ramme. Studentane skal velje eit forskingsopplegg som gir relevante data, innsamla og analysert med vitskaplege metodar. Kravet til ei masteroppgåve på 45 stp er her noko større enn til ei oppgåve på 30 stp.Forskingsetiske omsyn skal også tilleggjast vekt. Masteroppgåva skal vere språkleg ryddig og formelt korrekt når det gjeld referansar og kjeldebruk.

Learning outcome skills

Målet er at undervisninga og rettleiinga skal hjelpe studentane til å skrive ei masteroppgåve som fyller krava til vitskapleg arbeid. Det inneber val av ei forskbar problemstilling, drøfting av problemstillinga i forhold til relevant litteratur, val av teoretisk ramme, datainnsamling og -analyse, og korrekt kjeldebruk. Forskingsetiske omsyn skal og tilleggast vekt.

Learning outcome qualification

Målet er at studenten skal få kompetanse til å gjennomføre forskingsprosjekt på eiga hand.

Working and learning activities

Arbeidet med masteroppgåva går parallelt med emnet Forskingsmetode og vitskapsteori (MEI303) i haustsemesteret. Studentane skal levere eit oppgåvenotat, samt presentere status for oppgåva for medstudentar og rettleiarar på oppgåveseminar undervegs i haustsemesteret. I det påfølgjande vårsemesteret vert det arrangert to samlingar med undervisningstilbod rundt oppgåveskriving og analyse. På desse samlingane vert det også oppgåvepresentasjonar frå studentane, der rettleiiarar og medstudentar deltek.
Oppgåveseminar i samband med masteroppgåva og undervisninga i Forskingsmetode og vitskapsteori er lagt til dei same undervisningssamlingane i haustsemesteret:

  • Samling 1: veke 36 - Notatskriving
  • Samling 2: veke 43 - Presentasjon og tid avsett til rettleiing
  • Samling 3: veke 48 - Tid avsett til rettleiing
  • Samling 4: veke 4 (2020) - Om oppgåveskriving, presentasjon og tid avsett til rettleiing
  • Samling 5: veke 12 (2020) - Om analyse, presentasjon og tid avsett til rettleiing

Til den tredje samlinga skal heiltidsstudentane levere ein prosjektplan for masteroppgåva. Studentar som gjennomfører master på deltid skal levere prosjektplanen innan 1.februar påfølgjande semester. Vidare rettleiing føreset at prosjektplanen er levert og godkjent.

Assessment requirements

For å levere masteroppgåva til vurdering må studenten ha bestått til eksamen i emnet MEI 303 Forskingsmetode og vitskapsteori. Masteroppgåva må vere bestått for å få gå opp til munnleg justerande eksamen.

Studenten må ha presentert og gitt førebudde kommentarar til medstudentar, på minst to av samlingar
 

Evaluation system
Maximum number of students: 
20
Person in charge: 
Finn Ove Båtevik
Bente Hasle
Used in other programs
  • Health and Social Sciences - master
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Master's thesis
Individual
2 Semesters
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
100
Masteroppgåva blir evaluert av ein kommisjon med to medlemmar og får ein bokstavkarakter.
Alle.
Omlag 115 sider (+/- 10%), skrifttype Times New Roman, linjeavstand 1,5 og bokstavstorleik 12-punkt. Standard framside, obligatorisk samandrag og eventuelle vedlegg tel ikkje med i talet på sider.
Approval signature: 
Odd Ragnar Hunnes 25.02.19