Semesters

MEI305 Masteroppgåve i helse- og sosialfag - meistring og myndiggjering (45 stp)

Course code: 
MEI305
Duration: 
2 semesters
Credits (ECTS): 
45
Level of study: 
Master
Teaching semester: 
2021 Autumn
2022 Spring
Assessment semester: 
2022 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

I alt 60 studiepoeng av masterprogrammet må vere fullført for å få opptak til emnet. Emna Meistring og myndiggjering - samhandlingsperpektivet (MEI301) og Meistring og myndiggjering - strukturperspektivet (MEI302) må vere fullført med karakteren C eller betre.I tillegg må studenten har fullført 15 valfrie studiepoeng på masternivå. Masteroppgåve kan ikkje leverast før ein har bestått eksamen i Forskingsmetode og vitskapsteori (MEI303).

Course content

Skriving av masteroppgåve er avsluttande emne på Masterstudiet i helse og sosialfag, Meistring og myndiggjering. Studiet skal gi studentane kunnskap, ferdigheiter, haldningar og etisk medvit til å fremje læring, meistring og myndiggjering i eige arbeid med menneske. Studiet skal også gjere studenten i stand til å undervise, rettleie og initiere FOU-prosjekt med vekt på slike mål. Fullført masterstudium skal samtidig kunne kvalifisere for opptak til doktorgradsstudium.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne: 

Learning outcome knowledge
  • Studenten skal ha inngåande kunnskap om kvalitative og kvantitative design i samfunnsvitskapleg forsking 
  • Studenten skal ha inngåande kunnskap om forskingsetiske retningslinjer
  • Studenten skal ha omfattande kunnskap om feltet han/ho vel å forske på 
  • Studenten skal ha forskingsmetodisk kunnskap til å kunne analysere og vurdere eiga og andre si forsking
  • Studenten skal ha god kunnskap om krav til akademisk skriving 
Learning outcome skills
  • Studenten skal ha sjølvstendige ferdigheiter til å utvikle eit helse- eller sosialfagleg forskingsopplegg som gir relevante data; innsamla og analysert med vitskaplege metodar.
  • Studenten skal kunne vurdere korvidt ulike forskingsdesign er tenlege for å utvikle kunnskap og analysere og vurdere eiga og andre si forsking
  • Studenten skal ha gode ferdigheiter til å kunne gjere grundige vurderingar av forskingsetiske omsyn gjennom heile forskingsprosessen
  • Studenten skal kunne finne og gjere seg nytte av relevant litteratur og kunne setja eiga forsking inn i ei teoretisk fruktbar ramme på ei kritisk reflektert måte
  • Studenten skal i høg grad meistre akademisk skriving og skal kunne presentere eigne forskingsprosjekt, resultat og faglege drøftingar skriftleg og munnleg til brukarar av forskinga og til fagfellar
Learning outcome qualification
  • Studenten skal utvikle kompetanse til å planlegge, gjennomføre, presentere og reflektere kritisk i sjølvstendige forskings- og utviklingsprosjekt.
Working and learning activities

Arbeidet med masteroppgåva går parallelt med emnet Forskingsmetode og vitskapsteori (MEI303) i haustsemesteret. Studentane skal levere eit oppgåvenotat, samt presentere status for oppgåva for medstudentar og rettleiarar på oppgåveseminar undervegs i haustsemesteret. I det påfølgjande vårsemesteret vert det arrangert to samlingar med undervisningstilbod rundt oppgåveskriving og analyse. På desse samlingane vert det også oppgåvepresentasjonar frå studentane.

Oppgåveseminar i samband med masteroppgåva og undervisninga i Forskingsmetode og vitskapsteori er lagt til dei same samlingane i haustsemesteret:

  • Samling 1: veke 33 - Notatskriving
  • Samling 2: veke 42 - Presentasjon og tid til rettleiing
  • Samling 3: veke 47 - Tid til rettleiing
  • Samling 4: veke 3 (2022) - Om oppgåveskriving, presentasjon og tid til rettleiing
  • Samling 5: veke 11 (2022) - Om analyse, presentasjon og tid til rettleiing

Til den tredje samlinga skal heiltidsstudentane levere ein prosjektplan for masteroppgåva. Studentar som gjennomfører master på deltid skal levere prosjektplanen innan 1. februar påfølgjande semester. Vidare rettleiing føreset at prosjektplanen er levert og godkjent.

Aktiv deltaking frå studentane er ein føresetnad for læringsutbytet. 

Assessment requirements

For å levere masteroppgåva til vurdering, må studenten ha bestått til eksamen i emnet MEI303 Forskingsmetode og vitskapsteori. Masteroppgåva må vere bestått for å få gå opp til munnleg justerande eksamen.

Studenten må ha presentert og gitt førebudde kommentarar til medstudentar, på minst to av samlingane.

Levert prosjektskisse som er godkjent av rettleiar.

Evaluation system
Maximum number of students: 
20
Person in charge: 
Finn Ove Båtevik
Silje Louise Dahl
Used in other programs
  • Health and Social Sciences - master
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Master's thesis
Individual
2 Semesters
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
Masteroppgåva blir evaluert av ein kommisjon med to medlemmar og får ein førebels bokstavkarakter.
Alle.
35.000 ord (+/- 10%). Skrifttype Times New Roman, linjeavstand 1,5 og bokstavstorleik 12-punkt. Standard framside, obligatorisk samandrag (norsk og engelsk), forord, innhaldsliste, litteraturliste og eventuelle vedlegg tel ikkje med i talet på ord.
Adjusting oral examination
Individual
45 Minutes
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
100
Munnleg justerande eksamen der masteroppgåva skal forsvarast, inntil 45 minutt. Munnleg justerande eksamen fastset den endelege karakteren i emnet.
Approval signature: 
Randi Bergem 02.03.2021