Semesters

MEI305 Masteroppgåve i helse- og sosialfag (45 stp)

Course code: 
MEI305
Duration: 
2 semesters
Credits (ECTS): 
45
Level of study: 
Master
Course name in Norwegian Nynorsk: 
Masteroppgåve i helse- og sosialfag (45 stp)
Teaching semester: 
2024 Autumn
2025 Spring
Course name in Norwegian Bokmål: 
Masteroppgåve i helse- og sosialfag (45 stp)
Assessment semester: 
2025 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

I alt 60 studiepoeng av masterprogrammet må vere fullført for å få opptak til emnet. Dei obligatoriske emna Meistring og myndiggjering – samhandlingsperspektivet og Meistring og myndiggjering - strukturperspektivet må vere fullførte med karakteren C eller betre for å få opptak. Masteroppgåve kan ikkje leverast før ein har bestått eksamen i Forskingsmetode og vitskapsteori.

Course content

Emnet Masteroppgåve er det avsluttande på Masterstudiet i helse- og sosialfag. Studiet skal gi studentane kunnskap, ferdigheiter, haldningar og etisk medvit til å fremje læring, meistring og myndiggjering i eige arbeid. Ei masteroppgåve på 45 stp gir særleg grunnlag for vidare forskarutdanning.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne: 

Learning outcome knowledge
  • Studenten skal ha inngåande kunnskap om forskingsmetoden som er valt for masteroppgåva
  • Studenten skal ha inngåande kunnskap om forskingsetiske retningslinjer
  • Studenten skal ha omfattande kunnskap om feltet studenten vel å forske på 
  • Studenten skal ha forskingsmetodisk kunnskap til å kunne analysere og vurdere eiga og andre si forsking
  • Studenten skal ha god kunnskap om krav til akademisk skriving 
Learning outcome skills
  • Studenten skal ha sjølvstendige ferdigheiter til å utvikle eit helse- eller sosialfagleg forskingsopplegg som gir relevante data; innsamla og analysert med vitskaplege metodar
  • Studenten skal kunne vurdere om ulike forskingsdesign er tenlege for å utvikle kunnskap og analysere og vurdere eiga og andre si forsking
  • Studenten skal ha gode ferdigheiter til å kunne gjere grundige vurderingar av forskingsetiske omsyn gjennom heile forskingsprosessen
  • Studenten skal kunne finne og gjere seg nytte av relevant litteratur og kunne setje eiga forsking inn i ei teoretisk fruktbar ramme på ein kritisk reflektert måte. Det blir sett særleg krav til å vise breidde i teori- og litteraturoversikt for studentar som skriv ei masteroppgåve på 45 studiepoeng.
  • Studenten skal i høg grad meistre akademisk skriving og skal kunne presentere eigne forskingsprosjekt, resultat og faglege drøftingar skriftleg og munnleg
Learning outcome qualification
  • Studenten skal utvikle god kompetanse i å planlegge, gjennomføre, presentere og reflektere kritisk i sjølvstendige forskings- og utviklingsprosjekt.
Working and learning activities

Arbeidet med masteroppgåva startar medan ein tek emnet Forskingsmetode og vitskapsteori. Studentane må ta del i seminar der dei legg fram sitt eige masterprosjekt og gir tilbakemelding på medstudentar sine prosjekt. 

Aktiv deltaking frå studentane er ein føresetnad for læringsutbytet.  

Assessment requirements

For å levere masteroppgåva til vurdering, må studenten ha bestått til eksamen i emnet Forskingsmetode og vitskapsteori. Masteroppgåva må vere bestått for å få gå opp til munnleg justerande eksamen.  

Evaluation system
Maximum number of students: 
20
Person in charge: 
Øyvind Økland
Silje Louise Dahl
Used in other programs
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Master's thesis
Individual
2 Semesters
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
Masteroppgåva blir evaluert av ein kommisjon med to medlemmar og får ein førebels bokstavkarakter.
Alle.
35.000 ord (+/- 10%). Skrifttype Times New Roman, linjeavstand 1,5 og bokstavstorleik 12-punkt. Standard framside, obligatorisk samandrag (norsk og engelsk), forord, innhaldsliste, litteraturliste og eventuelle vedlegg tel ikkje med i talet på ord.
Adjusting oral examination
Individual
45 Minutes
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
100
Munnleg justerande eksamen der masteroppgåva skal forsvarast, inntil 45 minutt. Munnleg justerande eksamen fastset den endelege karakteren i emnet.
Approval signature: 
Randi Bergem 27.02.2023