Semesters

MGL1-7PE1 Pedagogikk og elevkunnskap 1: Læraren si tilrettelegging for læring og utvikling

Course code: 
MGL1-7PE1
Duration: 
2 semesters
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2024 Autumn
2025 Spring
Assessment semester: 
2025 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Ingen

Course content

Emneplanen er utarbeidd i samsvar med nasjonale retningslinjer for Grunnskulelærarutdanning trinn 1-7. Emnet er første del av faget Pedagogikk og elevkunnskap, og inneheld 15 stp. pedagogikk.

Emnet tek føre seg korleis læraren kan tilrettelegge for elevane si læring og utvikling på 1.-7. trinn, med særleg vekt på begynnaropplæringa. Det vert teke utgangspunkt i fem område som grunnlag for utvikling av profesjonskompetanse. Desse områda er lærarrolla, læringsteori, didaktikk, klasseleiing og profesjonsetikk. Det er læraren sitt arbeid i møte med eleven, elevgruppa og lærestoffet som er i sentrum. Forskingsbasert kunnskap om læring og undervisning står sentralt, og studentane skal få ei første erfaring med forskingsarbeid knytt til praksis.

 

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

 

Learning outcome knowledge

Studenten har kunnskap om

  • læringsteoriar og sentrale prinsipp for fremjing av gode læringsprosessar for skulestartarar og elevar på mellomtrinnet 
  • sentrale didaktiske prinsipp for undervisningsarbeid i begynnaropplæringa 
  • teori om utvikling av læringsmiljø og grunnleggande prinsipp for klasseleiing i begynnaropplæringa og på mellomtrinnet  
  • varierte arbeids- og vurderingsformer for elevane 
  • observasjon som reiskap for lærararbeidet 
  • lærarprofesjonen og lærarrolla i det fleirreligiøse og livssynsmangfaldige klasserommet 
  • etisk teori og grunnleggande profesjonsetiske prinsipp og dilemma som regulerer undervisning og læring i skulen 
  • dei grunnleggande ferdigheitene som ressurs for læring på småskule- og mellomtrinnet 
  • sentrale styringsdokument som regulerer skulen si verksemd  
Learning outcome skills

Studenten kan  

  • planlegge og leie undervisningsarbeid i samsvar med faglege og profesjonsetiske prinsipp og gjeldande læreplanverk   
  • engasjere seg i læringsfremjande relasjonar med elevar   
  • forstå og engasjere seg i elevane sine læringsprosessar 
  • diskutere og fagleg grunngje didaktiske og etiske val   
  • planlegge og gjennomføre systematisk observasjon   
  • meistre norsk munnleg og skriftleg på ein kvalifisert måte 
Learning outcome qualification

Studenten kan  

  • på eit reflektert og fagleg grunnlag vere i samspel og kommunikasjon med eleven 
  • innta ei lærarrolle som er i samsvar med grunnleggande profesjonsetiske og faglege prinsipp 
Working and learning activities

Arbeidsmåtane vekslar mellom plenumsundervisning, undervisning og seminar med studentaktivitet, arbeid i grupper og individuelt. Arbeidskrava har til hensikt å støtte studentane i deira læringsprosessar, gjennom rettleiing og øving i skriftlege uttrykksformer. I og med at dette er studentane sitt første møte med faget Pedagogikk og elevkunnskap, legg ein særleg vekt på munnleg dialog om studentane sine praktiske erfaringar og deira teoretiske forståingsmåtar. 

 

Assessment requirements

Frammøtekrav:

Det er obligatorisk oppmøte til all timeplanfesta aktivitet, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §6-6

Arbeidskrav:

  • Det er to skriftlege arbeidskrav i emnet.
  • Studenten skal delta på seminar knytt til begge arbeidskrava.
Evaluation system
Maximum number of students: 
70
Person in charge: 
Lina Rebekka Kobberstad
Used in other programs
  • Primary and Lower Secondary Teacher Education for Years 1-7 - master (5 years)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Written Exam
Individual
5 Hours
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
Approval signature: 
Arne Myklebust