Semesters
MGL1-7PE1 Pedagogikk og elevkunnskap 1: Læraren si tilrettelegging for læring og utvikling
Ingen
Emneplanen er utarbeidd i samsvar med nasjonale retningslinjer for Grunnskulelærarutdanning trinn 1-7. Emnet er første del av faget Pedagogikk og elevkunnskap, og inneheld 15 stp. pedagogikk.
Emnet tek føre seg korleis læraren kan tilrettelegge for elevane si læring og utvikling på 1.-7. trinn, med særleg vekt på begynnaropplæringa. Det vert teke utgangspunkt i fem område som grunnlag for utvikling av profesjonskompetanse. Desse områda er lærarrolla, læringsteori, didaktikk, klasseleiing og profesjonsetikk. Det er læraren sitt arbeid i møte med eleven, elevgruppa og lærestoffet som er i sentrum. Forskingsbasert kunnskap om læring og undervisning står sentralt, og studentane skal få ei første erfaring med forskingsarbeid knytt til praksis.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten har kunnskap om
- læringsteoriar og sentrale prinsipp for fremjing av gode læringsprosessar for skulestartarar og elevar på mellomtrinnet
- sentrale didaktiske prinsipp for undervisningsarbeid i begynnaropplæringa
- teori om utvikling av læringsmiljø og grunnleggande prinsipp for klasseleiing i begynnaropplæringa og på mellomtrinnet
- varierte arbeids- og vurderingsformer for elevane
- observasjon som reiskap for lærararbeidet
- etisk teori og grunnleggande profesjonsetiske prinsipp og dilemma som regulerer undervisning og læring i skulen
- dei grunnleggande ferdigheitene som ressurs for læring på småskule- og mellomtrinnet
- sentrale styringsdokument som regulerer skulen si verksemd
Studenten kan
- planlegge og leie undervisningsarbeid i samsvar med faglege og profesjonsetiske prinsipp og gjeldande læreplanverk
- engasjere seg i læringsfremjande relasjonar med elevar
- forstå og engasjere seg i elevane sine læringsprosessar
- diskutere og fagleg grunngje didaktiske og etiske val
- planlegge og gjennomføre systematisk observasjon
- meistre norsk munnleg og skriftleg på ein kvalifisert måte
Studenten kan
- på eit reflektert og fagleg grunnlag vere i samspel og kommunikasjon med eleven
- innta ei lærarrolle som er i samsvar med grunnleggande profesjonsetiske og faglege prinsipp
Arbeidsmåtane vekslar mellom plenumsundervisning, undervisning og seminar med studentaktivitet, arbeid i grupper og individuelt. Arbeidskrava har til hensikt å støtte studentane i deira læringsprosessar, gjennom rettleiing og øving i skriftlege uttrykksformer. I og med at dette er studentane sitt første møte med faget Pedagogikk og elevkunnskap, legg ein særleg vekt på munnleg dialog om studentane sine praktiske erfaringar og deira teoretiske forståingsmåtar.
1. Krav om 80 prosent frammøte/deltaking til obligatorisk undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 6-6.
2. Gjennomføre to skriftlege arbeidskrav i emnet
3. Oppmøte og aktiv deltaking i alle seminara som er knytt til arbeidskrava
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 9-4.
- Primary and Lower Secondary Teacher Education for Years 1-7 - master (5 years)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Written Exam | Individual | 5 Hours | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade |