Semesters
MGL1-7PE1 Pedagogikk og elevkunnskap 1: Læraren si tilrettelegging for læring og utvikling
Ingen
Emneplanen er utarbeidd i samsvar med nasjonale retningslinjer for grunnskulelærarutdanninga 1-7. Emnet er første del av faget pedagogikk og elevkunnskap, og tilsvarar 13 stp. pedagogikk og 2 stp. religion, livssyn og etikk.
Emnet tek føre seg korleis læraren kan tilrettelegge for elevane si læring og utvikling på 1.-7. trinn, med særleg vekt på begynnaropplæringa. Det vert teke utgangspunkt i fem område som grunnlag for utvikling av profesjonskompetanse. Desse områda er lærarrolla, læringsteori, didaktikk, læringsleiing og profesjonsetikk. Det er læraren sitt arbeid i møte med eleven, elevgruppa og lærestoffet som er i sentrum. Forskingsbasert kunnskap om læring og undervisning står sentralt, og studentane skal få ei første erfaring med forskingsarbeid knytt til praksis.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten har kunnskap om
- læringsteoriar og sentrale prinsipp for fremjing av gode læringsprosessar for skulestartarar og elevar på mellomtrinnet
- sentrale didaktiske prinsipp i undervisningsarbeidet
- teori om utvikling av læringsmiljø og grunnleggande prinsipp for
læringsleiing i begynnaropplæringa og på mellomtrinnet, herunder kontaktlærarrolla - observasjon som metode
- etisk teori og grunnleggande profesjonsetiske prinsipp og dilemma som regulerer undervisning og læring i skulen
- dei grunnleggande ferdigheitene som ressurs for læring i begynnaropplæringa, og med fortsetting på mellomtrinnet.
- sentrale styringsdokument i skulen
- lærarrolla i det fleirreligiøse og livssynsmangfaldige klasserommet
Studenten skal kunne
- planlegge og leie undervisningsarbeid i samsvar med faglege og profesjonsetiske prinsipp og gjeldande læreplanverk
- engasjere seg i læringsfremjande relasjonar med elevar
- diskutere og fagleg grunngje didaktiske og etiske val
- planlegge og gjennomføre systematisk observasjon
- meistre norsk munnleg og skriftleg på ein kvalifisert måte.
Studenten kan
- på eit reflektert og fagleg grunnlag vere i samspel og kommunikasjon med eleven.
- innta ei lærarrolle som er i samsvar med grunnleggande profesjonsetiske og faglege prinsipp.
Undervisningsformene vekslar mellom plenumsførelesing, seminar med studentaktivitet, arbeid i grupper og individuelt. Arbeidskrava har til hensikt å støtte studentane i deira læringsprosessar, gjennom rettleiing og øving i munnlege, skriftlege og digitale uttrykksformer. I og med at dette er studentane sitt første møte med faget pedagogikk og elevkunnskap, legg ein særleg vekt på munnleg og digital dialog om studentane sine praktiske erfaringar og deira teoretiske forståingsmåtar.
Studentane skal gjennomføre systematisk observasjon av læraren sitt arbeid, analysere og rapportere denne skriftleg. Gjennom dette vert dei kjende med observasjon som vitskapleg metode, får kjennskap til kva læraren sitt arbeid kan dreie seg om, og får ei første innføring i akademisk skriving i faget.
Eksamen i emnet er ein skriftleg skuleeksamen, som etterspør kunnskap om sentrale innhaldselement som er grunnleggande for profesjonell utøving av læraryrket.
Frammøtekrav:
Det er obligatorisk oppmøte til all timeplanfesta aktivitet, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §4-6.
Arbeidskrav:
- Ei skriftleg, gruppebasert oppgåve på inntil 2000 ord, bygd på systematisk observasjon av læraren sitt arbeid
- Ein individuell, teoretisk refleksjonstekst på inntil 1200 ord
- Ein munnleg presentasjon av eit sentralt tema frå pensumlitteraturen
- Aktiv deltaking i seminara knytt til dei munnlege arbeidskrava
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11 (http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/%C2%A75-11)
- Primary and Lower Secondary Teacher Education for Years 1-7 - master (5 years)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Home exam | Individual | 29 Hours | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | Alle hjelpemiddel tillatt |