Semesters
MGL5-10SA1A Samfunnsfag 1A: Samfunnsfag som skule- og vitskapsfag
Ingen.
Samfunnsfag som skule- og vitskapsfag gjeld fagområda geografi, historie og samfunnskunnskap. Faget i skulen og lærarrolla i samfunnsfag er sentralt i emnet.
Geografi:Grunnleggande problemstillingar i geografifaget er knytt til naturgitt og menneskeskapt rom. Tema som får særleg fokus er kartlære og GI (geografisk informasjon), relasjonen menneske og stad, og landformer og landskap.
Historie: Historiedelen av emnet skal utvikle forståing for eigenarten til historiefaget. Sentrale tema er historiemedvit, kjeldekunnskap, kritisk tenking, og korleis vi kan arbeide med ulike faglege problemstillingar i fortid, notid og framtid.
Samfunnskunnskap: Sentralt i dette emnet er å utvikle oversikt over informasjons- og publiseringskanalar i lys av eit saksfelt knytt til livsmeistring
Didaktikk: undervisningsøvingar knytt til livsmeistring som tema i skulen
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Kunnskap:
Studenten skal utvikle kunnskap om samfunnsfaget
- I eit historisk perspektiv og om historiske periodar
- i lys av LK20; folkehelse, livsmeistring og digital danning
- i eit vitskapleg perspektiv
- i eit profesjonsfagleg perspektiv; kjeldebruk, fagdidaktikk og danning
- i kartlære og GI (Geografisk informasjon), relasjonen menneske og stad, og geologi og landskap
Studenten skal utvikle innsikt i
- informasjons- og publiseringskanalar for forsking og ytring
- korleis strukturere informasjon i eit skriftleg dokument
- korleis strukturere informasjon i ein undervisningstime
Studenten skal kunne:
identitfisere informasjons- og publiseringskanalar for gjevne temaområde
bruke informasjon frå ulike publikasjonar og forskingskanalar i skriftleg og munnleg framstilling i arbeidskrav/datagrunnlag for undervisning.
utvikle eit nøyaktig og presist språk for fagleg formidling og didaktisk refleksjon
gjere didaktiske vurderingar
Studenten skal kunne
- reflektere sjølvstendig over samfunnsfaglege spørsmål og eigen praksis
- samarbeide og utøve ei profesjonsetisk haldning som fremjar dialog, toleranse og respekt
- reflektere over barn og unge sitt oppvekstmiljø i ein digital kultur
Organisering etter mål og innhald:
Forelesing/formidling: plenum (campus og ekskursjon)
Seminar/drøfting: gruppe
Refleksjon: studentaktivitet i par/gruppe
Samarbeid: grunnkunnskap om læringsplattformer og diverse digitale verkty
Litteraturstudium: individuelt arbeid/ læringspartnar
Frammøtekrav:
Obligatorisk oppmøte til alle timeplanfesta aktivitetar, jamfør Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
Arbeidskrav:
- Skrive ei oppgåve i historie på 1000 ord. Oppgåva inngår i ei mappe, og blir grunnlag for eksamensvurdering ved semesterslutt.
- Skrive ei oppgåve i geografi på 1000 ord. Oppgåva inngår i ei mappe, og blir grunnlag for eksamensvurdering ved semesterslutt.
- Praktisk undervisningsoppgåve for tema i samfunnskunnskap
- Studenten søker informasjon og samlar/utviklar eit datagrunnlag som undervisninga skal vere forankra i.
- I forkant av undervisningsøkta skal studenten levere ein rapport. Rapporten skal innehalde ei kort framstilling og grunngjeving av undervisningsutsnittet, kjeldevurdering og referanseliste (1000 ord + referanseliste)
- Undervisningspresentasjonen er på om lag 10 minutt, og blir vurdert som godkjent/ikkje godkjent.
- Presentasjonen må vere godkjent for levering til eksamen.
- Rapporten inngår i mappa, og blir del av vurderingsgrunnlaget til eksamen.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 9-4.
- Primary and Lower Secondary Teacher Education for Years 5-10 - master (5 years)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Portfolio | Individual | 1 Semester | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | Innhaldet i mappa er grunnlag for vurdering i emnet. | Mappa skal være på totalt 3200-3300 ord og skal innehalde: - Ei innleiande tekst på 250-300 ord som inneheld refleksjonar kring samfunnsfaget som skulefag, og som kort presenterer innhaldet i mappa. - Mappa skal i tillegg til innleiinga innehalde tre oppgåver: ei i historie og ei i geografi, samt ein rapport om den praktiske undervisningsoppgåva. Kvar av dei tre oppgåvene skal vere på kring 1000 ord. - Innhalds- og referanseliste kjem i tillegg. |