Semesters

MGL5-10SA1A Samfunnsfag 1A: Samfunnsfag som skule- og vitskapsfag

Course code: 
MGL5-10SA1A
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2023 Autumn
Assessment semester: 
2023 Autumn
Language of instruction: 
Norwegian
Course content

Samfunnsfag som skule- og vitskapsfag gjeld fagområda geografi, historie og samfunnskunnskap. Faget i skulen og lærarrolla i samfunnsfag er sentralt i emnet. 

Geografi:Grunnleggande problemstillingar i geografifaget er knytt til naturgitt og menneskeskapt rom. Tema som får særleg fokus er kartlære og GI (geografisk informasjon), relasjonen menneske og stad, og landformer og landskap.Geografi:Grunnleggande problemstillingar i geografifaget er knytt til naturgitt og menneskeskapt rom. Tema som får særleg fokus er kartlære og GI (geografisk informasjon), relasjonen menneske og stad, og landformer og landskap.

Historie: Historiedelen av emnet skal utvikle forståing for eigenarten til historiefaget. Sentrale tema er historiemedvit, kjeldekunnskap, kritisk tenking, og korleis vi kan arbeide med ulike faglege problemstillingar i fortid, notid og framtid. 

Samfunnskunnskap:  Sentralt i dette emnet er å utvikle oversikt over informasjons- og publiseringskanalar i lys av rus som saksfelt. Rustematikken er knytt til livsmeistringsfaget/LK20

Didaktikk: undervisningsøvingar knytt til rus som saksfelt 

 

Learning outcome

 

    I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

      Learning outcome knowledge

      Kunnskap:

      Studenten skal utvikle​ kunnskap om samfunnsfaget

      • I eit historisk perspektiv og om historiske periodar
      • i lys av LK20; folkehelse, livsmeistring og digital danning
      • i eit vitskapleg perspektiv
      • i eit profesjonsfagleg perspektiv; kjeldebruk, fagdidaktikk og danning
      • i kartlære og GI (Geografisk informasjon), relasjonen menneske og stad, og geologi og landskap 

      Studenten skal utvikle innsikt i

      • informasjons- og publiseringskanalar for forsking og ytring
      • korleis strukturere informasjon i eit skriftleg dokument
      • korleis strukturere informasjon i ein undervisningstime
      Learning outcome skills

      Studenten skal kunne:  

      • identitfisere informasjons- og publiseringskanalar for rus som saksfelt.  

      • bruke informasjon frå ulike publikasjonar og forskingskanalar i skriftleg og munnleg framstilling i arbeidskrav/datagrunnlag for undervisning. 

      • utvikle eit nøyaktig og presist språk for fagleg formidling og didaktisk refleksjon  

      • gjere didaktiske vurderingar 

      Learning outcome qualification

      Studenten skal kunne

      • reflektere sjølvstendig over samfunnsfaglege spørsmål og eigen praksis
      • samarbeide og utøve ei profesjonsetisk haldning som fremjar dialog, toleranse og respekt
      • reflektere over barn og unge sitt oppvekstmiljø i ein digital kultur
      Working and learning activities

      Organisering etter mål og innhald:  

      Forelesing/formidling: plenum (campus og ekskursjon)

      Seminar/drøfting: gruppe  

      Refleksjon: studentaktivitet i par/gruppe 

      Samarbeid: grunnkunnskap om læringsplattformer og diverse digitale verkty  

      Litteraturstudium: individuelt arbeid/ læringspartnar

       

      Assessment requirements

      Frammøtekrav:

      Obligatorisk oppmøte til alle timeplanfesta aktivitetar, jamfør Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §7-3.

      Arbeidskrav:

      1. Skrive ei oppgåve i historie på 1000 ord. Oppgåva inngår i ei mappe, og blir grunnlag for eksamensvurdering ved semesterslutt.
      2. Skrive ei oppgåve i geografi på 1000 ord. Oppgåva inngår i ei mappe, og blir grunnlag for eksamensvurdering ved semesterslutt.
      3. Praktisk undervisningsoppgåve: Studenten skal lage ei introduksjonsøkt til undervisning i emnet rus for 9. trinn:
        • Studenten søker informasjon og samlar/utviklar eit datagrunnlag som undervisninga skal vere forankra i.
        • I forkant av undervisningsøkta skal studenten levere ein rapport. Rapporten skal innehalde ei kort framstilling og grunngjeving av undervisningsutsnittet, kjeldevurdering og referanseliste (1000 ord + referanseliste)
        • Undervisningspresentasjonen er på om lag 10 minutt, og blir vurdert som godkjent/ikkje godkjent.
        • Presentasjonen må vere godkjent for å få levere mappe.
        • Rapporten inngår i mappa, og blir del av vurderingsgrunnlaget ved semesterslutt.
      Evaluation system
      Maximum number of students: 
      45
      Person in charge: 
      Trudi Henrydotter Eikrem
      Used in other programs
      • Primary and Lower Secondary Teacher Education for Years 5-10 - master (5 years)
      VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
      Portfolio
      Individual
      1 Semester
      A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
      Innhaldet i mappa er grunnlag for vurdering i emnet.
      Mappa skal være på totalt 3200-3300 ord og skal innehalde:

      - Ei innleiande tekst på 250-300 ord som inneheld refleksjonar kring samfunnsfaget som skulefag, og som kort presenterer innhaldet i mappa.

      - Mappa skal i tillegg til innleiinga innehalde tre oppgåver: ei i historie og ei i geografi, samt ein rapport om den praktiske undervisningsoppgåva. Kvar av dei tre oppgåvene skal vere på kring 1000 ord.

      - Innhalds- og referanseliste kjem i tillegg.
      Approval signature: 
      Randi Bergem 27.02.2023