Semesters

MGL5-10SA1A Samfunnsfag 1A: Samfunnsfag som skule- og vitskapsfag

Course code: 
MGL5-10SA1A
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2019 Autumn
Assessment semester: 
2019 Autumn
Language of instruction: 
Norwegian
Course content

Formålet med emnet er å gi ei innføring i samfunnsfag som skule- og vitskapsfag. Samfunnsfaget i skulen skal bidra til å bygge eit demokratisk samfunn gjennom å skape samfunnsengasjerte og deltakande borgarar. Samfunnskritisk tenking og tverrfagleg utforsking av tema som demokrati og medborgarskap, berekraft og utvikling, identitetsutvikling og fellesskap er kjerneelement i faget.

Innføring i samfunnsfag som skulefag inneber å få oversikt over utviklinga av føremålet i faget. Mandat og faginnhald, samt didaktiske problemstillingar og refleksjonar er fokus i emnet. Innføring i samfunnsfag som vitskap inneber å få oversikt over fagområda sine problemstillingar og vitskaplege metodar. I emnet vert det gitt ei oversikt over grunleggande problemstillingar og metodar innan dei to faga geografi og historie, og fagområdet samfunnskunnskap.

I geografi handlar innføringa om oversikt over geografifagets grunnleggande problemstillingar knytt til naturgitt og menneskeskapt rom. Tema som får særlig fokus er kartlære og GIS, relasjonen menneske og stad, og geologi og landskap.

Historiedelen av emnet handlar om å gi studenten ei oversikt over historiefaget sin eigenart. Sentrale tema er historiemedvit, kjeldekunnskap, historiske årsaksforhold, kritisk tenking, og forståing av korleis historikaren arbeider med ulike samfunnsfaglege problemstillingar i fortid, notid og framtid.

I samfunnskunnskap vert det fokusert på å gi studenten oversikt over samfunnsvitskaplige metodar og grunnlagsproblem. Sentrale tema er aktør og samfunn, identitetsutvikling og fellesskap, og kultur og meining.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten skal ha

  • kunnskap om utvalde teoriar og metodar i geografi, historie og samfunnskunnskap
  • kunnskap om fagdidaktisk teori og forsking i møte med samfunnsfag som skulefag 
  • kunnskap om kartlære og GIS, relasjonen menneske og stad, og geologi og landskap
  • kunnskap om historiske grunnlagsproblem som historiemedvit, kjeldekunnskap, årsaksforhold og tid-rom-dimensjonen i faget
  • kunnskap om aktør og samfunn, identitetsutvikling og fellesskap, og kultur og meining
Learning outcome skills

Studenten skal kunne

  • gjere greie for grunnlagsproblemstillingar i faget
  • bruke enkle samfunnsvitskaplege metodar for å svare på faglege spørsmål
  • finne, vurdere og bruke ulike typar samfunnsfaglege kjelder for å legge til rette for gode læringsprosessar
  • skrive fagtekstar etter vitskaplege kriterium om ulike samfunnsfaglege tema

 

Learning outcome qualification

Studenten skal kunne

  • reflektere sjølvstendig og kritisk over samfunnsfaglege spørsmål
  • oppdatere seg fagleg
  • reflektere over eigen praksis med utgangspunkt i samfunnsfaget
Working and learning activities

Aktuelle arbeidsformer er litteraturstudium, klasseundervisning, gruppearbeid, rettleiing, praksis, skriftlege arbeid og korte ekskursjonar. Denne variasjonen er viktig for å nå læringsutbytta i emnet. Bruk av digitale verktøy er ein viktig del av emnet. Studentane vil nytte tilgjengeleg programvare og ressurssider på internett for løysing av oppgåver og for å tileigne seg kunnskap innanfor emnet. Læreplan- og lærebokanalyse, undervisningsplanlegging og lærarrolla i faget er i fokus dei første praksisperiodane.

Assessment requirements

Frammøtekrav:

Obligatorisk oppmøte til alle timeplanfesta aktivitetar, jamfør Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §7-3.

Arbeidskrav:

Skrive tre oppgåver kvar på 1 500 - 1 800 ord.

 

Evaluation system
Minimum number of students: 
10
Maximum number of students: 
35
Person in charge: 
Elisabeth Teige
Used in other programs
  • Primary and Lower Secondary Teacher Education for Years 5-10 - master (5 years)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Portfolio
Individual
1 Semester
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
Ved sluttvurderinga vert ei av innleveringsoppgåvene trekt ut og vurdert. Det arbeidet som vert uttrekt, utgjer eksamen.
Skriftleg oppgåve. Om lag 1 500 - 1 800 ord
Approval signature: 
Odd Ragnar Hunnes 27.02.19