Semesters
MGL5-10SA1A Samfunnsfag 1A: Samfunnsfag som skule- og vitskapsfag
Samfunnsfag som skule- og vitskapsfag gjeld fagområda geografi, historie og samfunnskunnskap. Faget i skulen og lærarrolla i samfunnsfag er sentralt i emnet.
Grunnleggande problemstillingar i geografifaget er knytt til naturgitt og menneskeskapt rom. Tema som får særleg fokus er kartlære og GI (geografisk informasjon), relasjonen menneske og stad, og geologi og landskap.
Historiedelen av emnet skal utvikle forståing for eigenarten til historiefaget. Sentrale tema er historiemedvit, kjeldekunnskap, kritisk tenking, og korleis vi kan arbeide med ulike faglege problemstillingar i fortid, notid og framtid.
Samfunnsvitskaplege metodar og refleksjonar over grunnlagsproblem for samfunnskunnskap som fagområde i skulen er viktig. Individ og samfunn, oppvekst og fleirkultur er sentrale tema i emnet.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal utvikle
- kunnskap om utvalde teoriar og metodar i geografi, historie og samfunnskunnskap
- kunnskap om fagdidaktisk teori og forsking i møte med samfunnsfag som skulefag
- kunnskap om kartlære og GI (Geografisk informasjon), relasjonen menneske og stad, og geologi og landskap
- kunnskap om historiemedvit, kjeldekunnskap og tid-rom-dimensjonen i faget
- kunnskap om individ og samfunn, sosialisering og oppvekst, identitetsdanning, fleirkultur og ulikskap i samfunnsfaglege perspektiv
Studenten skal kunne
- gjere greie for nokre grunnlagsproblem i faget
- bruke enkle samfunnsfaglege teoriar og metodar for å svare på faglege spørsmål
- finne, vurdere og bruke ulike typar samfunnsfaglege kjelder for å legge til rette for gode læringsprosessar
- skrive fagtekstar etter vitskaplege kriterium om ulike samfunnsfaglege tema
Studenten skal kunne
- reflektere sjølvstendig og kritisk over samfunnsfaglege spørsmål og eigen praksis
- samarbeide og utøve ei profesjonsetisk haldning som fremjar dialog, toleranse og respekt
- reflektere over barn og unge sitt oppvekstmiljø i ein digital kultur
Læringsutbytte blir ivaretatt gjennom studentaktive undervisnings- og vurderingsformer, som legg vekt på fagleg refleksjon. I undervisningssituasjonen blir dette gjort gjennom at studentane aktivt deltek i gruppearbeid og drøftingar i plenum. Bruk av digitale verktøy i emnet skal fremje læring og samarbeid. Arbeidsformer er litteraturstudium, klasseundervisning, gruppearbeid, rettleiing, praksis, skriftlege arbeid og korte ekskursjonar.
Frammøtekrav:
Obligatorisk oppmøte til alle timeplanfesta aktivitetar, jamfør Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §7-3.
Arbeidskrav:
Skrive tre oppgåver, kvar på 1 500 - 1 800 ord.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
- Primary and Lower Secondary Teacher Education for Years 5-10 - master (5 years)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Portfolio | Individual | 1 Semester | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | Ved sluttvurderinga vert ei av innleveringsoppgåvene trekt ut og vurdert. Det arbeidet som vert uttrekt, utgjer eksamen. | Skriftleg oppgåve. Om lag 1 500 - 1 800 ord |