Semesters
MGL5-10SA2A Samfunnsfag 2A: politikk og demokrati - kontinuitet og vendepunkt
Samfunnsfag i grunnskulelærarutdanninga er eit profesjonsretta og forskings- og erfaringsbasert studium der teori og praksis verkar saman. Studiet kvalifiserer mellom anna til å planlegge, gjennomføre og kritisk analysere undervisning i samfunnsfaget, med utgangspunkt i refleksjon over elevar si læring. Barn og unge sin rett til opplæring i tråd med opplæringslova og gjeldande læreplanverk for 5. – 10. trinn er grunnlaget for studiet.
Samfunnsfag 2A er samansett av geografi, historie og samfunnskunnskap. Emnet inviterer særleg til å lære og å forstå meir om samspelet mellom menneske, mellom grupper og mellom samfunn. Emnet tek opp tema som politisk makt og politiske prosessar, demokrati, skule og media, pedagogisk entreprenørskap, norsk etterkrigstid, lokalisering av næringsverksemd og bruk av kart og digitale kartverktøy i skulen.
Samfunnsvitskapleg omgrepsforståing blir utvikla ved å lære om teorigrunnlag for demokrati, ideologiar, makt og politiske system. Studentane skal skrive ei semesteroppgåve, og samband med dette møter dei undervisning i og litteratur om samfunnsvitskapleg metode.
Utforsking av ulike kjelder er tema for fagdidaktikk i historie, medan eit praktisk arbeidskrav knytt til bruk av digitale kart og kartverktøy i skulen, skal gjere studentane i stand til å ta i bruk slike verktøy, og kritisk vurdere denne bruken i geografiundervisninga. I samfunnskunnskap er det demokratiteori og demokratiundervisning som har ei særleg vinkling mot fagdidaktikk.
Ei semesteroppgåve med sjølvvald problemstilling dannar, saman med munnleg eksamen, grunnlaget for vurderinga i emnet. Dette kombinerer djupne og breidde i høve til læringsutbytte: Studentane får høve til fordjuping innan eit meir avgrensa tema, noko som både gir utvida ferdigheiter i akademisk skriving og ei førebuing til FoU-oppgåva i neste studieår. Munnleg eksamen bidreg til å vurdere breidda i læringsutbyttet.
Kunnskapar og ferdigheiter er resultat av teoretisk studiearbeid saman med refleksjon over eigen praksis. Eit godt læringsutbytte krev eigeninnsats gjennom sjølvstudium, deltaking i undervisning og praksis, samt diskusjon og refleksjon i gruppe eller plenum over relevante problemstillingar. Samfunnsfagstudiet legg til rette for profesjonslæring hos den enkelte. Studiet kvalifiserer også til å vidareutvikle samfunnsfaget og skulen som institusjon for læring og danning for demokrati i eit globalt samfunn.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal ha
- djupnekunnskap om utvalde teoriar og metodar i geografi, historie og samfunnskunnskap
- kunnskap om fagdidaktisk teori og forsking i samfunnsfag og samfunnsfag som skulefag
- kunnskap om sentrale føresetnadar for og problemstillingar knytte til medborgarskap, demokrati og demokratiseringsprosessar, nasjonal og internasjonal politikk
- kunnskap om ideologiar, makt og politiske system
- djupnekunnskap om skulen og samfunnsfaget si rolle i møte med eleven sin mediebruk og digitale kvardag
- kunnskap om økonomiske strukturar, verdiskaping, makt og marknad ut frå romlege og politiske perspektiv
Studenten skal kunne
- arbeide sjølvstendig med faglege spørsmål
- bruke og vurdere relevansen av faglege hjelpemiddel og uttrykksformer i samfunnsfag
- arbeide med verdiar og haldningar i samfunnsfag for å fremme kritisk refleksjon og handlingskompetanse hos elevane
- finne, vurdere og bruke ulike typar samfunnsfaglege kjelder for å legge til rette for gode læringsprosessar
- legge til rette for demokratisk praksis, utvikling av medborgarskap, samarbeid og konfliktløysing i skulen
- bruke faglege kunnskapar og ferdigheiter i geografi, historie og samfunnskunnskap i eigen praksis og kritisk vurdere eiga undervisning
- bruke og evaluere ulike arbeidsmåtar som stimulerer elevane til medvit om tid og rom
Studenten skal kunne
- legge til rette for at elevane kan reflektere over samfunnsfaglege spørsmål og stimulere til kritisk tenking og kreativitet
- reflektere over bruk av ulike typar kjelder og kva kjeldekritikk har å seie for kritisk tenking
- oppdatere seg fagleg og reflektere over eigen praksis
Aktuelle arbeidsformer er litteraturstudium, klasseundervisning, gruppearbeid, rettleiing, praksis, skriftleg arbeid og ein kort ekskursjon i samfunnskunnskap. Bruk av digitale verktøy ein viktig del av emnet. Studentane vil nytte tilgjengeleg programvare og ressurssider på internett for løysing av oppgåver og for å tileigne seg kunnskap innanfor emnet.
Frammøtekrav:
Det er obligatorisk frammøte til undervisinga (sjå Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6).
Arbeidskrav:
Gjennomføre eit praktisk arbeidskrav knytt til bruk av digitale kart og kartverktøy i undervisningssamanheng. I tillegg skal studenten skrive eit kort refleksjonsnotat på 250 -500 ord knytt til dette.
Gruppebasert arbeidskrav i demokrati som skal munne ut i ein munnleg gruppepresentasjon.
Alle studentane skal skrive ei semesteroppgåve, individuelt (på 3 000 – 3 500 ord). Tema for dette arbeidet skal vere knytt til undervisningstema i emnet.
- For å få vurdert semesteroppgåva si med tanke på karakter, må studenten få godkjent tema og problemstilling av faglærar.
Som del av arbeidet med oppgåva skal studenten:
- Gi ein munnleg presentasjon av arbeidet med oppgåva for studentgruppa tidleg i arbeidsprosessen.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11 (http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/%C2%A75-11)
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
- Primary and Lower Secondary Teacher Education for Years 5-10 - master (5 years)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individual | 1 Semesters | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | Studentane skal velje tema og problemstilling sjølv, og denne skal godkjennast av faglærar. Rettleiinga er obligatorisk. Det vert gitt ein førebels bokstavkarakter på semesteroppgåva. | Oppgåva skal ha eit omfang på minimum 3 000 og maksimum 3 500 ord. | ||
Adjusting oral examination | Individual | 30 Minutes | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | - Semesteroppgåva må vere bestått før ein kan gå opp til munnleg eksamen. - Eksamenen tek utgangspunkt i semsteroppgåva, men gjeld pensum for heile emnet. - Munnleg justerande eksamen betyr at prestasjonen på munnleg eksamen kan føre til ei eventuell justering av karakteren på semesteroppgåva. Studenten får vite den endelege karakteren same dag. |