Semesters
MGL5-10SA2B Samfunnsfag 2B - Utforsking av globale perspektiv i samfunnsfaget
Utforskaren og kritisk tenking er sentralt i dette emnet. Overordna tema er identitet. Fattigdom, diskriminering, berekraftig utvikling, forholdet mellom menneske, stad og ressursar, konflikt og samarbeid, før og no i eit internasjonalt perspektiv er i fokus.
Tema knytt til helse- og livmeistringsfaget er kjønn, seksualitet og kjærleik i lys av hisoriske, sosiale og kulturelle kontekstar.
Studentane skal vidareutvikle didaktiske ferdigheiter frå tidlegare emne. Det blir lagt opp til at studenten skal utvikle sjølvstende i arbeidet med kunnskapsutvikling, og evne til kritisk tenking og etisk refleksjon. Emnet omfattar deltaking på ekskursjon som skal gi praktisk erfaring med organisering av ekskursjon, og oppleving av samanheng melom tematikken i emnet; menneske, stad og ressursar (natur)
Studentane arbeidar praktisk med å utvikle digital kompetanse som føresetnad for å forstå mandatet om digital danning.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
- Lokal, regional og internasjonal handelshistorie i lys av ressursforvaltning og berekraftig utvikling og Internasjonale politiske tilhøve.
- Perspektiv på diskriminering
- Sosial og kulturell påverknad på forståing av kjønn, seksualitet og kjærleik
- Samfunnsfag, identitetsdanning og undervisning; eit danningsperspektiv
- Kjeldeforståing og didaktiske val; Forteljinga i analog og digital undervisning
- Utvikle eit profesjonsfagleg språk; omgrepsforståing og fagterminologi
- Observasjonskompetanse
- Vurdering av arbeidsmetodar og -val - operasjonalisere skilje pedagogisk og didaktisk forankring
- Sette opp ein strukturert analyse av årsak- og verknadsforhold i samfunnsfaglege fenomen
- Identifisere perspektiv brukt i ein fagtekst og anna fagformidlande materiale.Vurdering av kunnskapsgrunnlag.
- Drøfte kritisk implikasjonar ved perspektiv-val
- Arbeid med primærkjelder, sekundærkjelder, mediemangfald og digitale plattformer
- Utvikle innhald i digitale læringsrom
- God akademisk tekstframstilling, formell tekstkompetanse, sjølvstendig refleksjon.
- Fagleg autonomi og mot til arbeide på sjølvstendig og kritisk grunnlag.
- God kommunikasjon - skriftleg og munnleg
- Kritisk undervisnings- og praksisrefleksjon
- Sjølvstende i kunnskapsutvikling og vurdering av kunnskapsgrunnlag
- Samarbeidsevne
- Rolleforståing
- Etisk refleksjon
Organisering etter mål og innhald:
Forelesing/formilding: plenum (campus og ekskursjon)
Seminar/drøfting: gruppe
Refleksjon: studentaktiviteti par/gruppe
Samarbeid: læringsplattform (Canvas) og digitale verkty
Litteraturstudium: individuelt arbeid/læringspartnar
Emnet har tre obligatoriske arbeidskrav. Kandidatar må få godkjent alle for å framstille seg til eksamen.
- Levere sju refleksjonsoppgåver knytt til pensumlitteraturen
- Gjer eit sjølvstendig utval i pensumlitteraturen som grunnlag for eksamen (500 sider). Lista skal vere godkjent av undervisar.
- Ta del i arbeidet med å utvikle Canvas-rom i Læringsverkstaden. Deltakinga skal vere dokumentert i logg.
- Primary and Lower Secondary Teacher Education for Years 5-10 - master (5 years)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oral examination | Individual | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | Munnleg eksamen i form av ei presentasjon på 15 minutter og ein samtale om dei vala studenten har gjort i presentasjonen. |