Semesters
MGL5-10SA2B Samfunnsfag 2B - Utforsking av globale perspektiv i samfunnsfaget
Utforskaren er sentral i dette emnet. Problemstillingar som gjeld globale forhold og danning av ny kunnskap er særleg viktig. Sentrale tema vil vere levekår og fattigdom, berekraftig utvikling, forholdet mellom menneske, stad og ressursar, konflikt og samarbeid, før og no. Emnet utforskar også urfolksproblematikk både i norsk og internasjonal samanheng, og elles korleis kjønn, seksualitet og kjærleik blir forstått på forskjellige måtar i forskjellige sosiale og kulturelle kontekstar.
Emnet set utdanning i eit globalt perspektiv og kvalifiserer studentane til å bidra til vidareutvikling av samfunnsfaget og skulen som institusjon for læring og danning i eit globalt og mangfaldig samfunn.
Studentane skal vidareutvikle didaktiske ferdigheiter frå tidlegare emne. Kritisk medvit og gode tilnærmingar for å undervise om verda utanfor Noreg vert særleg tematisert. Emnet gir også innsikt i ekskursjonsdidaktikk og digital didaktikk.
Gjennom deltaking på ekskursjon, møter studentane ekskursjonsdidaktiske utfordringar, og studentane får innsikt i bruk av digitale verktøy i ekskursjonsdidaktikk (sjå «Vilkår for å framstille seg til eksamen»). Ekskursjonen utforskar klippfisk som eit inntak til kunnskap om samspelet mellom natur og menneske, kultur, økonomi og natur, i fortid og notid.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten har
Djupnekunnskap om utvalde døme på samspelet mellom ressursfordeling, demografi, globalisering og berekraftig utvikling
Kunnskap om økonomiske strukturar, verdiskaping, makt og marknad
Inngåande kunnskap om kritiske perspektiv på globale maktforhold, ulikskap og ressursfordelinga i verda
Djupnekunnskap om samane som urfolk og kjennskap til urfolksproblematikk i internasjonalt perspektiv
Innsikt i sosiale og kulturelle faktorar som påverkar synet på kjønn seksualitet og kjærleik
Djupnekunnskap om utvalde døme på konfliktar og samarbeid i geografisk, historisk og samfunnsvitskapleg perspektiv
Kunnskap om korleis det kan leggast til rette for opplæring om samfunnsforhold i eit fleirkulturelt og globalt perspektiv, med vekt på kritisk medvit
Kunnskap om ekskursjonsdidaktikk
Kunnskap om akademisk skriving
Studenten kan
Kritisk analysere samfunnsmessige problemstillingar av global relevans, og stimulere til dette i opplæringa
Analysere relevant forsking og formidle eit samansett fagstoff
Reflektere over samanhengar mellom dei forskjellige tema i emnet
Finne, vurdere og tolke ulike typar kjelder og bruke dette i arbeidet med å utvikle elevane sin kritiske kompetanse og kreativitet
Bruke og evaluere ulike arbeidsmåtar som stimulerer elevane til medvit om tid, rom og samfunnsprosessar
Legge til rette for at elevane utviklar kritisk tenking, medvit og forståing i møte med kulturelt mangfald, og kunnskap om bakgrunnen for globale maktforhold
Legge til rette for at elevane skaffar seg overblikk over periodar og utviklingsmønster, og for refleksjon over korleis historie og kultur blir konstruert
Planlegge, leie og vurdere læringsarbeidet til elevane på ein måte som tek omsyn til mangfaldet i elevgruppa, ulike behov og kulturell og språkleg bakgrunn
Studenten kan
Reflektere kritisk over globale samfunnsfaglege spørsmål og stimulere til kritisk tenking
Oppdatere seg fagleg og reflektere over eigen praksis
Arbeide sjølvstendig og saman med andre for å identifisere, analysere og løyse problem som gjeld elevane si læring og utvikling i samfunnsfaget
Kommunisere og samarbeide med barn og føresette med ulik sosial og kulturell bakgrunn
Aktuelle arbeidsformer er litteraturstudium, klasseundervisning, gruppearbeid, rettleiing, praksis, skriftlege arbeid og ekskursjon. Det vert gjennomført ein ekskurskjon på Sunnmøre. Det er forventa at studentane brukar læringsplattforma Canvas og andre anbefalte nettressursar for kommunikasjon, løysing og innlevering av oppgåver, og for å tileigne seg kunnskap innanfor emnet.
Emnet har to obligatoriske arbeidskrav. Kandidatar må få godkjent begge for å framstille seg til eksamen.
1) Levere ei rekkje med arbeidsoppgåver, gruppeoppgåver og presentasjonar gjennom dei to semestra.
2) Lage ei digital framstilling med ekskursjonsdidaktisk tema.
Det vil gå fram av semesterplanen i Canvas kva delar av undervisninga som er obligatorisk.
- Primary and Lower Secondary Teacher Education for Years 5-10 - master (5 years)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oral examination | Individual | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | Avsluttande vurdering skjer på grunnlag av ein munnleg eksamen i form av ein munnleg presentasjon på 10 minutt over eit valfritt tema frå emnet og ei munnleg prøve knytt til andre deler av pensum. Eit manus/oversyn over presentasjonen med kjeldetilvisingar skal leverast inn, og vil vere ein del av vurderingsgrunnlaget. - Eit manus/oversyn over presentasjonen med kjeldetilvisingar skal leverast inn, og vil vere ein del av vurderingsgrunnlaget. |