Semesters
- 2025 Autumn
- 2024 Autumn
- 2023 Autumn
- 2022 Autumn
- 2021 Autumn
- 2020 Autumn
- 2019 Autumn
- 2019 Autumn
- 2018 Autumn
- 2017 Autumn
- 2016 Autumn
PPUD-PRA2 Praksisplan PPU deltid 2. periode
Praksisopplæringa skal gi studenten brei erfaring med ulike aktivitetar i lærarprofesjonen. Hovudtema for praksisopplæringa er lærarrolla, lærararbeidet, elevmangfaldet, skulen som organisasjon og lærarens tilrettelegging for læring. Gjennom deltaking, utforsking, observasjon og refleksjon skal studenten gradvis utvikle eigen læraridentitet og profesjonskompetanse. Praksisopplæringa skal vere rettleia, vurdert og variert, og praksisskulen er ein læringsarena på lik line med opplæringa ved høgskulen. Ei tett kopling mellom innhald og arbeidsmåtar i praksis, pedagogikk og fagdidaktikk i studiet skal bidra til at studenten utviklar teoretisk refleksjon over eigen praksis og forskingsbasert grunngjeving for profesjonsutøving.
Hovudtema andre studieår i praksis, didaktikk og pedagogikk:
- Mangfald og inkludering
- Læringsleiing
- Skulen som organisasjon
- Skulen og samfunnet
Praksisplanen byggjer på Rammeplanen for Praktisk-pedagogisk utdanning av 21. Desember 2015. Omfanget av praksis i studiet er minimum 60 arbeidsdagar. Praksis andre studieår er 30 dagar.
I samsvar med det nasjonale kvalifiasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne :
Kandidaten:
har utvida kunnskap om læraren sine roller, oppgåver og ansvar i opplæringa
har brei kunnskap om barn og unge si utvikling, læring og danning i ulike sosiale, fleirkulturelle og digitale kontekstar, og om korleis kunnskapen kan brukast for å tilpasse opplæringa til elevar sine føresetnader og behov
har utvida kunnskap om samspel mellom elevar, mellom elevar og lærar, om klasseleiing, kollegarettleiing og teamarbeid
har brei kunnskap om tilrettelegging for læring og bruk av relevante læreprosessar, arbeidsmåtar, læremiddel og vurderingsformer i fag
har kunnskap om skulen som organisasjon, samarbeid med føresette og andre samarbeidspartnarar
Kandidaten:
kan planlegge, gjennomføre og vurdere eigen og andre si opplæring med utgangspunkt i nasjonale og lokale styringsdokument
kan tilpasse opplæringa til elevens og elevgruppa sine føresetnader
kan variere og grunngje eit utval undervisningsmetodar og samhandle med elevar og kollegaer
kan samhandle med elevar, føresette, kollegaer og andre interne og eksterne aktørar
kan ta ansvar for å utvikle og leie inkluderande, kreative, trygge og helsefremjande læringsmiljø
Kandidaten:
kan reflektere over elevane si læring i lys av fag, undervisning og aktuelle læreplanar og profesjonsetiske perspektiv
har utvikla eigen læraridentitet som bidrag til profesjonsfellesskapet, samt kommunikasjons- og relasjonskompetanse som ivaretek profesjonsetiske verdiar i opplæringa
har utvikla profesjonsetisk digital kompetanse og kan bidra til utvikling av digital dømmekraft mellom barn og unge
kan bidra til endringsprosessar og samarbeid om fagleg og pedagogisk nytenking i skulen og involvere lokalt samfunns-, arbeids- og kulturliv i opplæringa
Andre praksisperiode har eit omfang på 30 arbeidsdagar med rettleia undervisningspraksis. I praksis skal studenten følgje praksislærar og skulen si arbeidstidsorganisering. I samsvar med ein lærar sin arbeidsplan utgjer dette om lag 250 arbeidstimar i praksisemne 2, og dette inkluderer undervisning, førebuing, vurderingsarbeid, møte- og samarbeidstid samt tid til fagleg utviklingsarbeid.
Studie- og praksisrute klargjer tidfesting av praksisperioden. Studenten skal gjennomføre praksis både på ungdomssteget og i vidaregåande opplæring. Vanlegvis er praksisperioden i første studieår i ungdomstrinnet og praksisperioden i andre studieår i vidaregåande opplæring. Studentar med fagbakgrunn i fellesfaga bør ha praksis på ulike utdanningsprogram. Studentar med fagbakgrunn i utøvande og skapande kunstfag kan gjennomføre inntil 50 prosent av praksis i studiet i kulturskule eller liknande. I andre praksisperiode opnar for undervisningspraksis inntil 15 dagar i utlandet etter avtale.
Studentar som er tilsette som lærarar i skulen kan gjennomføre inntil femti prosent av praksis ved eigen arbeidsplass etter avtale ved studiestart. Ved praksis på eigen arbeidsplass skal 60 prosent av perioden vere rettleiia med tildelt praksislærar, og 40 prosent vere eigenpraksis med individuelt arbeidskrav.
I praksis skal studenten følgje praksislærar og skulen si arbeidstidsorganisering. I samsvar med ein lærar sin arbeidsplan utgjer dette om lag 250 arbeidstimar i praksis, og dette inkluderer undervisning, førebuing, vurderingsarbeid, møte- og samarbeidstid samt tid til fagleg utviklingsarbeid.
Praksislærar si hovudoppgåve er å legge til rette for studentens praksis, lage plan for praksisperioden saman med studenten og å leie rettleiingsøktene. Ei rettleiingsøkt omfattar tre delar: Før-rettleiing, observasjon av studenten sitt arbeid med elevgruppa og etter-rettleiing. Rettleiing frå praksislærar har som føremål å medverke til at studenten utviklar eigen forståing av kva det vil seie å vere lærar. Refleksjon over planlegging, gjennomføring og vurdering av undervisning er med på å utvikle studentens profesjonskompetanse. Studenten har ansvar for å vere aktiv og interessert deltakar i praksis, og å ta ansvar i rettleiinga. Studenten skal levere skriftleg plan for kvar undervisningsøkt til praksislærar, og eventuelt til faglærar og medstudent. Dette er utgangspunkt for rettleiing før og etter undervisning. Om lag halvvegs i praksisperioden skal praksislærar og student gjennomføre ein midtvegsvurderingssamtale med utgangspunkt i læringsutbytte og vurderingskritere for praksis
I sluttfasen praksis skal praksislærar og student gjennomføre ein avsluttande utviklingssamtale med utgangspunkt i praksislærar si formulering av ei individuell skriftleg vurdering med karakteren stått/ikkje stått. Vurderinga vert gitt med grunnlag i læringsutbytte og vurderingskriterie for praksisperioden.
Det er obligatorisk frammøte til praksis. Viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6 om obligatorisk frammøte/deltaking.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11
- Vocational Teacher Qualification (part time)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Praksis | Individual | 1 Semester | Pass / fail | Viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 4-8 |