Semesters

PPUD-PRA2 Praksis 2

Course code: 
PPUD-PRA2
Duration: 
2 semesters
Credits (ECTS): 
0
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2022 Autumn
2023 Spring
Assessment semester: 
2023 Spring
Required prerequisite courses
PPUD-PRA1 Teaching practice 1
Course content

Praksisopplæringa skal gi studenten brei erfaring med ulike aktivitetar i lærarprofesjonen. Hovudtema for praksisopplæringa er lærarrolla, lærararbeidet, elevmangfaldet, skulen som organisasjon og lærarens tilrettelegging for læring. Gjennom deltaking, utforsking, observasjon og refleksjon skal studenten gradvis utvikle eigen læraridentitet og profesjonskompetanse. Praksisopplæringa skal vere rettleia, vurdert og variert, og praksisskulen er ein læringsarena på lik line med opplæringa ved høgskulen. Ei tett kopling mellom innhald og arbeidsmåtar i praksis, pedagogikk og fagdidaktikk i studiet skal bidra til at studenten utviklar teoretisk refleksjon over eigen praksis og forskingsbasert grunngjeving for profesjonsutøving. Gjennom tverrfaglege modular i undervisningsplanen vert det synleggjort korleis emna i fagdidaktikk, pedagogikk og praksis samarbeider. 

Praksisplanen byggjer på Rammeplanen for Praktisk-pedagogisk utdanning av 21. Desember 2015. Omfanget av praksis i studiet er minimum 60 arbeidsdagar. Praksis i andre studieår er 30 dagar.

 

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifiasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne :

Learning outcome knowledge

Kandidaten :

har erfaringsbasert kunnskap om læring, læreprosesser, arbeidsmåtar, læremidler og vurderingsformer 

har erfaringsbasert kunnskap om samspel mellom elevar og mellom elevar og lærar, om klasseleiing og teamarbeid og skule-heim samarbeid

har erfaringsbasert kunnskap om læraren si rolle, rettigheitar og plikter og om lærararbeid på organisasjonsnivå

har kunnskap om konkret forskings- og utviklingsarbeid i praksisskulen

Learning outcome skills

Kandidaten:

kan variere og grunngje eit bredt utval av undervisingsmetodar, sjølvstendig og i lag med eleven

kan vere ein tydeleg leiar og leie læringsarbeid tilpassa ulike elevar, samt kunne justere arbeidsmåtane undervegs

kan handle i lag med elevar, føresette, kollegaer, skuleleiing og andre aktørar i skulen  

Learning outcome qualification

Kandidaten:

kan kritisk vurdere eigen og andre sin praksis med referanse til teori og forsking

kan initiere og gjennomføre utviklingsarbeid i samarbeid med utdanningsinstitusjonen og praksisskulen

kan identifisere, handtere og førebyggje brot på normer og reglar

kan ta imot og reflektere over rettleiing gitt av praksislærar  

Working and learning activities

Studie- og praksisrute klargjer tidfesting av praksisperioden. Studenten skal gjennom studiet ha praksis både på ungdomssteget og i vidaregåande opplæring. Vanlegvis er praksisperioden i første studieår på ungdomstrinnet og andre studieår i vidaregåande opplæring. Studentar med tilsetjingsforhold i skulen, kan ha delar av praksisen på eigen arbeidsstad, men minimum 50% av samla praksis gjennom studiet bør vere på annan skule. Gjennom studiet skal studenten ha minimum 15 dagar samanhengande blokkpraksis ved ein annan skule enn eigen arbeidsstad.

Studentar med fagbakgrunn i fellesfaga bør ha praksis på ulike utdanningsprogram i vidaregåande opplæring. Studentar med bakgrunn i fag med få undervisningstimar i skulen, må rekne med noko reiseveg i praksis. Andre praksisperiode har eit omfang på 30 arbeidsdagar. Her inngår både observasjonspraksis og rettleia undervisningspraksis. I praksis skal studenten følgje praksislærar og skulen si arbeidstidsorganisering. I samsvar med ein lærar sin arbeidsplan utgjer dette om lag 250 arbeidstimar i praksis, og dette inkluderer undervisning, førebuing, vurderingsarbeid, møte- og samarbeidstid samt tid til fagleg utviklingsforum.

Praksislærar/rettleiaren si hovudoppgåve er å legge til rette for studentens praksis, lage plan for praksisperioden saman med studenten og å leie rettleiingsøktene. Ei rettleiingsøkt omfattar tre delar: Før-rettleiing, observasjon av studenten sitt arbeid med elevgruppa og etter-rettleiing. Rettleiing har som føremål å medverke til at studenten utviklar eigen forståing av kva det vil seie å vere lærar. Refleksjon over planlegging, gjennomføring og vurdering av undervisning er med på å utvikle studenten sin profesjonskompetanse. Studenten har ansvar for å vere aktiv og interessert deltakar i praksis, og å ta ansvar i rettleiinga. Studenten skal levere skriftleg plan for undervisningsøkt til praksislærar, og eventuelt til faglærar og medstudent. Dette er utgangspunkt for rettleiing før og etter undervisning.Om lag halvvegs i praksisperioden gjennomfører praksisrettleiar og student ein midtvegsvurderingssamtale med utgangspunkt i læringsutbytte og vurderingskritere for praksis

Etter avslutta praksis skal praksisrettleiar gi ei skriftleg individuell vurdering med karakteren stått/ikkje stått. Vurderinga vert gitt med grunnlag i læringsutbytte og vurderingskriterier for praksisperioden. Studenten skal legge sluttvurdering frå første praksisperiode fram for praksislærar i forkant av andre praksisperiode.

Assessment requirements

Det er krav om 30 dagar frammøte.

Evaluation system
Maximum number of students: 
50
Person in charge: 
Torstein Drabløs
Used in other programs
  • Professional Teacher Qualification
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Praksis
Individual
1 Semester
Pass / fail
Approval signature: 
Arne Myklebust