Semesters
- 2025 Autumn
- 2024 Autumn
- 2023 Autumn
- 2022 Autumn
- 2021 Autumn
- 2020 Autumn
- 2019 Autumn
- 2019 Autumn
- 2018 Autumn
- 2017 Autumn
- 2016 Autumn
PPUD-PRA2 Praksis 2
Praksisopplæringa skal gi studenten brei erfaring med ulike aktivitetar i lærarprofesjonen. Hovudtema for praksisopplæringa er lærarrolla, lærararbeidet, elevmangfaldet, skulen som organisasjon og lærarens tilrettelegging for læring. Gjennom deltaking, utforsking, observasjon og refleksjon skal studenten gradvis utvikle eigen læraridentitet og profesjonskompetanse. Praksisopplæringa skal vere rettleia, vurdert og variert, og praksisskulen er ein læringsarena på lik line med opplæringa ved høgskulen. Ei tett kopling mellom innhald og arbeidsmåtar i praksis, pedagogikk og fagdidaktikk i studiet skal bidra til at studenten utviklar teoretisk refleksjon over eigen praksis og forskingsbasert grunngjeving for profesjonsutøving. Gjennom tverrfaglege modular i undervisningsplanen vert det synleggjort korleis emna i fagdidaktikk, pedagogikk og praksis samarbeider. Det andre emnet i praksis er, saman med dei andre emna i pedagogikk og didaktikk organisert rundt modulane 3, 4, 7 og 8.
Praksisplanen byggjer på Rammeplanen for Praktisk-pedagogisk utdanning av 21. Desember 2015. Omfanget av praksis i studiet er minimum 60 arbeidsdagar. Praksis i første studieår er 30 dagar.
I samsvar med det nasjonale kvalifiasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne :
Kandidaten :
har erfaringsbasert kunnskap om læring, læreprosesser, arbeidsmåtar, læremidler og vurderingsformer
har erfaringsbasert kunnskap om samspel mellom elevar og mellom elevar og lærar, om klasseleiing og teamarbeid og skule-heim samarbeid
har erfaringsbasert kunnskap om læraren si rolle, rettigheitar og plikter og om lærararbeid på organisasjonsnivå
har kunnskap om konkret forskings- og utviklingsarbeid i praksisskulen
Kandidaten:
kan variere og grunngje eit bredt utval av undervisingsmetodar, sjølvstendig og i lag med eleven
kan vere ein tydeleg leiar og leie læringsarbeid tilpassa ulike elevar, samt kunne justere arbeidsmåtane undervegs
kan handle i lag med elevar, føresette, kollegaer, skuleleiing og andre aktørar i skulen
Kandidaten:
kan kritisk vurdere eigen og andre sin praksis med referanse til teori og forsking
kan initiere og gjennomføre utviklingsarbeid i samarbeid med utdanningsinstitusjonen og praksisskulen
kan identifisere, handtere og førebyggje brot på normer og reglar
kan ta imot og reflektere over rettleiing gitt av praksislærar
Studie- og praksisrute klargjer tidfesting av praksisperioden. Studenten skal gjennom studiet ha praksis både på ungdomssteget og i vidaregåande opplæring. Vanlegvis er praksisperioden i første studieår på ungdomstrinnet og praksisperioden i andre studieår i vidaregåande opplæring. Studentar med fagbakgrunn i fellesfaga bør ha praksis på ulike utdanningsprogram. Første praksisperiode har eit omfang på 30 arbeidsdagar. Her inngår både observasjonspraksis og rettleia undervisningspraksis. I praksis skal studenten følgje praksislærar og skulen si arbeidstidsorganisering. I samsvar med ein lærar sin arbeidsplan utgjer dette om lag 250 arbeidstimar i praksis, og dette inkluderer undervisning, førebuing, vurderingsarbeid, møte- og samarbeidstid samt tid til fagleg utviklingsforum.
Praksislærar/rettleiaren si hovudoppgåve er å legge til rette for studentens praksis, lage plan for praksisperioden saman med studenten og å leie rettleiingsøktene. Ei rettleiingsøkt omfattar tre delar: Før-rettleiing, observasjon av studenten sitt arbeid med elevgruppa og etter-rettleiing. Rettleiing har som føremål å medverke til at studenten utviklar eigen forståing av kva det vil seie å vere lærar. Refleksjon over planlegging, gjennomføring og vurdering av undervisning er med på å utvikle studenten sin profesjonskompetanse. Studenten har ansvar for å vere aktiv og interessert deltakar i praksis, og å ta ansvar i rettleiinga. Studenten skal levere skriftleg plan for undervisningsøkt til praksislærar, og eventuelt til faglærar og medstudent. Dette er utgangspunkt for rettleiing før og etter undervisning.Om lag halvvegs i praksisperioden gjennomfører praksisrettleiar og student ein midtvegsvurderingssamtale med utgangspunkt i læringsutbytte og vurderingskritere for praksis
Etter avslutta praksis skal praksisrettleiar gi ei skriftleg individuell vurdering med karakteren stått/ikkje stått. Vurderinga vert gitt med grunnlag i læringsutbytte og vurderingskriterier for praksisperioden. Studenten skal legge sluttvurdering frå første praksisperiode fram for praksislærar i forkant av andre praksisperiode.
Studentar med tilsetjing i skulen kan få delar av praksis på eigen arbeidsplass. Normalt vert det gitt høve til dette i første studieår.
Det er krav om 30 dagar frammøte for å få karakteren stått i praksis.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11
- Professional Teacher Qualification
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Praksis | Individual | 1 Semester | Pass / fail | Viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 4-8 |