Semesters

PPUD-PRA2 Praksisplan PPU deltid 2. periode

Course code: 
PPUD-PRA2
Duration: 
2 semesters
Credits (ECTS): 
0
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2018 Autumn
2019 Spring
Assessment semester: 
2019 Spring
Required prerequisite courses
PPUD-PRA1 Teaching practice 1
Course content

Praksisplanen byggjer på rammeplan for Praktisk-pedagogisk utdanning av 21. desember 2015 og Forskrift om rammeplan for Praktisk-pedagogisk utdanning 8-13 for yrkesfag, fastsett 18.mars 2013. Praksisplanen skal saman med emneplanar for profesjonsfaget vere eit utrykk for konkretisering av rammeplanen sine målområde og mål.

PPU er yrkesretta og praksis har ei særstilling. I praksisopplæringa skal studentane få erfaring med ulike aktivitetar som inngår i ein lærar sin arbeidsdag og gradvis utvikle sin profesjonskunnskap gjennom å prøve ut og analysere eigne faglege og didaktiske kunnskapar. Praksisopplæringa skal vere rettleia, integrert, relevant og variert, og er ein læringsarena på lik line med opplæringa ved høgskulen.Omfanget av praksis er sett til 60 dagar. Den andre praksisperioden på 30 dagar vert gjennomført i andre studieår. Studentar på PPU yrkesfag skal ha 5 av desse dagane som undervisningspraksis på ungdomssteget, og 25 dagar i vidaregåande skule. PPU allmennfag skal ha 30 dagar i motsett skuleslag av det studenten hadde praksis i første studieår (PPUD-PRA1).

Studentar som er tilsett som lærar i skulen kan ha inntil 50% av den totale praksisopplæringa ved eigen arbeidsplass. Ordninga ved Høgskulen i Volda for 2. periode er at dei som ynskjer det, kan inngå avtale om "60/40-ordning". Først skal studenten i 2. studieår ha 60% av praksisomfanget som rettleia praksis, med tildelt praksisrettleiar, anten på eigen arbeidsplass eller ved annan skule. Siste 40% kan takast som eigenpraksis, og skal dokumenterast med skriftleg arbeidskrav, vurdert ved Høgskulen i Volda. For å få godkjent 2. praksisperiode må alle delar av praksis vere fullført og godkjent.

 

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifiasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne :

Learning outcome knowledge

Kandidaten :

har erfaringsbasert kunnskap om læring, læreprosesser, arbeidsmåtar, læremidler og vurderingsformer 

har erfaringsbasert kunnskap om samspel mellom elevar og mellom elevar og lærar, om klasseleiing og teamarbeid og skule-heim samarbeid

har erfaringsbasert kunnskap om læraren si rolle, rettigheitar og plikter og om lærararbeid på organisasjonsnivå

har kunnskap om konkret forskings- og utviklingsarbeid i praksisskulen

Learning outcome skills

Kandidaten:

kan variere og grunngje eit bredt utval av undervisingsmetodar, sjølvstendig og i lag med eleven

kan vere ein tydeleg leiar og leie læringsarbeid tilpassa ulike elevar, samt kunne justere arbeidsmåtane undervegs

kan handle i lag med elevar, føresette, kollegaer, skuleleiing og andre aktørar i skulen  

Learning outcome qualification

Kandidaten:

kan kritisk vurdere eigen og andre sin praksis med referanse til teori og forsking

kan initiere og gjennomføre utviklingsarbeid i samarbeid med utdanningsinstitusjonen og praksisskulen

kan identifisere, handtere og førebyggje brot på normer og reglar

kan ta imot og reflektere over rettleiing gitt av praksislærar  

Working and learning activities

Det vert utarbeidd studie- og praksisrute for kvart studieår.   I andre praksisperiode er det ein naturleg progresjon at studenten har eit sjølvstendig ansvar for delar av opplæringa. Studentar som har hatt praksis på ungdomssteget i første praksisperiode, skal ha praksis i vidaregåande opplæring i andre praksisperiode, og omvendt. Studentar på PPU  yrkesfag som har hatt praksis på Vg1 i første periode, bør ha praksis på Vg2 i andre praksisperiode.

Praksislærar si hovudoppgåve er å leggje til rette for studenten sin praksis, lage plan for praksisperioden i lag med student og å leie rettleiingsøktene. Ei rettleiingsøkt består av tre delar: Før-rettleiing, Observasjon av studenten sitt arbeid med klassa/elevgruppa og Etter-rettleiing. Rettleiing frå praksislærar har som føremål å medverke til at studenten får utvikla eigen forståing av kva det vil seie å vere lærar. Refleksjon over planlegging, gjennomføring og vurdering av undervisning vil vere viktig i studenten sin utvikling av profesjonskompetanse.

Studenten sitt ansvar er å vere aktiv og interessert deltakar i praksis, og ta sitt ansvar i rettleiinga.  I praksisperioden skal studenten følge praksislærar og skulen si arbeidstidsorganisering. Studenten skal før kvar rettleiingsøkt levere ein skriftleg plan for timen/undervisingsøkta til praksislærar, eventuelt faglærar og med-student om det er behov for det. Denne planen med bestilling av rettleiing, og eventuelt andre skriftlege dokument til dømes logg eller arbeidsplan, vil vere utgangspunkt for rettleiingssamtalane før og etter gjennomføring av undervisningsøkta. Etter avslutta praksis skal praksislærar gi ei skriftleg individuell vurdering med karakteren stått/ikkje stått. Vurderinga vert gitt med grunnlag i læringsutbytte og vurderingskriterier for praksisperioden. Studenten skal ha kopi av sluttvurderinga.

Studentar med avtale om "60/40-ordning" skal levere eit individuelt skriftleg arbeidskrav. Nærare orientering om dette arbeidskravet vert gjeve ved studiestart. 

Assessment requirements

Det er obligatorisk frammøte til praksis. Viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6 om obligatorisk frammøte/deltaking. 
 

Evaluation system
Maximum number of students: 
50
Used in other programs
  • Vocational Teacher Qualification (part time)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Praksis
Individual
1 Semester
Pass / fail
Viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 4-8
Approval signature: 
Anne Øie