Semesters
- 2025 Autumn
- 2024 Autumn
- 2023 Autumn
- 2022 Autumn
- 2021 Autumn
- 2020 Autumn
- 2019 Autumn
- 2018 Autumn
- 2017 Autumn
- 2016 Autumn
PPY122 Yrkesdidaktikk 2
Profesjonsfaget i praktisk-pedagogisk utdanning 8-13 for yrkesfag er samansett av 30 studiepoeng yrkesdidaktikk og 30 studiepoeng pedagogikk med praksis integrert i begge fagområda.
Studiet er delt i to emnegrupper:
- Emnegruppe 1: Leiing av læringsprosesser – leiing av lærings- og utviklingsarbeid i eit individ- og gruppeperspektiv
- Emnegruppe 2: Skulen i samfunnet – leiing av lærings- og utviklingsarbeid i eit organisasjons- og samfunnsperspektiv
Emnet yrkesdidaktikk 2 er eit av to emne i emnegruppa: Skulen i samfunnet – leiing av lærings- og utviklingsarbeid i eit organisasjons- og samfunnsperspektiv og utgjer 15 studiepoeng av totalt 30 studiepoeng i yrkesdidaktikk. I emnet skal studentane m.a. gjennomføre eit tverrfagleg utviklingsprosjekt, som skal kombinere pedagogikk, yrkesdidaktikk og praksis og utgjer 10 studiepoeng. Det vert lagt vekt på at kunnskap er eit resultat av både teoretisk studie og refleksjon over eigen praksis. Læringsutbytte vert derfor eit resultat av studenten sin eigeninnsats gjennom studie av litteratur, deltaking i undervising og praksis, diskusjon og refleksjon i gruppe eller i plenum over relevante problemstillingar.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Kandidaten:
kan sjå yrkesopplæringa og yrkesutøvinga i eit historisk og kulturelt perspektiv
har brei kunnskap om yrkesfag, pedagogikk og yrkesdidaktikk som er relevante for profesjons- og yrkesutøvinga.
kunnskap om ungdomskultur, ungdomen si utvikling og læring i ulike sosial og fleirkulturelle kontekstar
kjenner til nasjonalt og internasjonalt forskings- og utviklingsarbeid md relevans for lærarprofesjonane innafor det yrkespedagogiske og det yrkesfaglege området, og kan oppdatere sin kunnskap innanfor fagområdet
Kandidaten:
kan bruke sine yrkesfaglege, pedagogiske, yrkesdidaktiske og teknologiske kunnskapar
kan identifisere og arbeide systematisk med grunnleggjande ferdigheiter, meistrar relevante arbeidsprosessar, teknikkar og uttrykksformer, og å reflektere over eiga yrkesutøving og justere denne under rettleiing
kan bruke og vise til relevante forskingsresultat for å treffe grunngjeve val og gjennomføre systematisk yrkesfagleg og pedagogisk utviklingsarbeid.
Kandidaten:
kan leggje til rette for entreprenørskap, nytenking og innovasjon, og at lokalt arbeidsliv, samfunns- og kulturliv vert involvert i opplæringa
kan analysere eige behov for kompetanseheving og har endrings- og utviklingskompetanse for å møte framtidas behov i skule, arbeids- og samfunnsliv
har evne til å formidle sentralt fagstoff, og kan gjennom fagleg innsikt og engasjement motivere for læring og fremje yrkesstoltheit og yrkesidentitet.
Emnet er organisert gjennom samlingar. Arbeidsmåtane i studiet er ein kombinasjon av førelesingar og dialog, gruppearbeid, presentasjon av studentane sitt arbeid i plenum. Ein del av læringsarbeidet i studiet er basert på individuelt arbeid/sjølvstudium, der jamt arbeid gjennom heile året er tilrådd. Det er det viktig at studentane gjer seg kjend med aktuelt tema i forkant av kvar samling.
Arbeidskrav som må vere godkjende for å kunne gå opp til eksamen er:
- Forskingsplan knytt til individuelt tverrfagleg utviklingsprosjekt
- Abstrakt og deltaking i minikonferanse
- Fagtekst om yrkesfaget sin plass og verdi i lokalsamfunnet og opplæringssystemet på 2000 ord.
Arbeidskrava vert vurdert med godkjent/ ikkje godkjent.
Det er obligatorisk frammøte og deltaking i undervising. Viser til Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 4-6. Obligatorisk frammøte/deltaking
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, kap 5.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
- Vocational Teacher Qualification (part time)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individual | 1 Semesters | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | Oppgåva her eit omfang på inntil 7000 ord | |||
Oral examination | Individual | 45 Minutes | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade |