Semesters

PPY122 Yrkesdidaktikk 2

Course code: 
PPY122
Duration: 
2 semesters
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2018 Autumn
2019 Spring
Assessment semester: 
2019 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite courses
PPY121 Vocational didactic 1
Course content

Profesjonsfaget i praktisk-pedagogisk utdanning 8-13 for yrkesfag er samansett av 30 studiepoeng yrkesdidaktikk og 30 studiepoeng pedagogikk med praksis integrert i begge fagområda.

Studiet er delt i to emnegrupper:

  • Emnegruppe 1: Leiing av læringsprosesser – leiing av lærings- og utviklingsarbeid i eit individ- og gruppeperspektiv
  • Emnegruppe 2: Skulen i samfunnet – leiing av lærings- og utviklingsarbeid i eit organisasjons- og samfunnsperspektiv

    Emnet yrkesdidaktikk 2 er eitt av to emne i emnegruppa: Skulen i samfunnet – leiing av lærings- og utviklingsarbeid i eit organisasjons- og samfunnsperspektiv og utgjer 15 studiepoeng av totalt 30 studiepoeng i yrkesdidaktikk. I emnet skal studentane m.a. gjennomføre eit tverrfagleg utviklingsprosjekt, som skal kombinere pedagogikk, yrkesdidaktikk og praksis og utgjer 10 studiepoeng. Det vert lagt vekt på at kunnskap er eit resultat av både teoretisk studie og refleksjon over eigen praksis. Læringsutbytte vert derfor eit resultat av studenten sin eigeninnsats gjennom studie av litteratur, deltaking i undervising og praksis, diskusjon og refleksjon i gruppe eller i plenum over relevante problemstillingar.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

 

Learning outcome knowledge

Kandidaten:

kan sjå yrkesopplæringa og yrkesutøvinga i eit historisk og kulturelt perspektiv

har brei kunnskap om yrkesfag, pedagogikk og yrkesdidaktikk som er relevante for profesjons- og yrkesutøvinga.

kjenner til nasjonalt og internasjonalt forskings- og utviklingsarbeid md relevans for lærarprofesjonane innafor det yrkespedagogiske og det yrkesfaglege området, og kan oppdatere sin kunnskap innanfor fagområdet

Learning outcome skills

Kandidaten:

kan bruke sine yrkesfaglege, pedagogiske, yrkesdidaktiske og teknologiske kunnskapar

kan identifisere og arbeide systematisk med grunnleggjande ferdigheiter, meistrar relevante arbeidsprosessar, teknikkar og uttrykksformer, og å reflektere over eiga yrkesutøving og justere denne under rettleiing

kan bruke og vise til relevante forskingsresultat for å treffe grunngjeve val og gjennomføre systematisk yrkesfagleg og pedagogisk utviklingsarbeid.

Learning outcome qualification

 Kandidaten:

kan leggje til rette for entreprenørskap, nytenking og innovasjon, og at lokalt arbeidsliv, samfunns- og kulturliv vert involvert i opplæringa

kan analysere eige behov for kompetanseheving og har endrings- og utviklingskompetanse for å møte framtidas behov i skule, arbeids- og samfunnsliv

har evne til å formidle sentralt fagstoff, og kan gjennom fagleg innsikt og engasjement motivere for læring og fremje yrkesstoltheit og yrkesidentitet.

Working and learning activities

Emnet er organisert gjennom samlingar. Arbeidsmåtane i studiet er ein kombinasjon av førelesingar og dialog, gruppearbeid, presentasjon av studentane sitt arbeid i plenum. Ein del av læringsarbeidet i studiet er basert på individuelt arbeid/sjølvstudium, der jamt arbeid gjennom heile året er tilrådd. Det er det viktig at studentane gjer seg kjend med aktuelt tema i forkant av kvar samling. 

Assessment requirements

Arbeidskrav som må vere godkjende for å kunne gå opp til eksamen er:

  • Forskingsplan knytt til individuelt tverrfagleg utviklingsprosjekt
  • Abstrakt og deltaking i minikonferanse
  • Fagtekst om yrkesfaget sin plass og verdi i lokalsamfunnet og opplæringssystemet på 2000 ord.

Arbeidskrava vert vurdert med godkjent/ ikkje godkjent. 

Det er obligatorisk frammøte og deltaking i undervising. Viser til Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 4-6. Obligatorisk frammøte/deltaking

Evaluation system
Maximum number of students: 
50
Person in charge: 
Marit Løvøy Gascogne
Used in other programs
  • Vocational Teacher Qualification (part time)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individual
1 Semesters
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
Oppgåva her eit omfang på inntil 7000 ord
Oral examination
Individual
45 Minutes
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
Approval signature: 
Anne Øie