Semesters

RUS302 Tiltak mot rusproblem

Course code: 
RUS302
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Master
Teaching semester: 
2026 Spring
Assessment semester: 
2026 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Ingen

Course content

Målet med Tiltak mot rusproblem er utvida forståing og handleevne i møte med menneske med rusrelaterte utfordringar og deira pårørande. Emnet gjev auka innsikt i forståingsmåtar som ligg til grunn for og formar ulike tiltak og behandlingsmodellar i rusfeltet. Gjennom studiet får ein innsyn i tiltak på ulike nivå og med ulik innretting – frå lågterskel til spesialisert behandling.

Emnet gjev innsikt i aktuelle juridiske føringar og etiske problemstillingar for arbeid i rusfeltet. Emnet er tverrfagleg og tek mellom anna utgangspunkt i psykologisk, sosialfagleg og helsefagleg forsking og erfaringsbasert kunnskap.

Emnet har to hovudtema:

1) Rammer for arbeid i rusfeltet

  • Organiseringa av hjelpe- og behandlingstilbodet
  • Juridiske og etiske føringar, rettar og dilemma
  • Brukarmedverknad
  • Tvang

2) Forståingsmåtar og behandlingsmodellar

  • Fellesfaktorar i rusbehandling
  • Psykodynamiske og kognitive behandlingstilnærmingar
  • Biopsykososial forståing av rusproblematikk
  • Familie- og miljøbaserte tilnærmingar
  • Recoveryperspektiv
  • Traumeperspektiv
  • Lågterskel og skadereduksjon
  • Samansette vanskar – rus, psykiske vanskar og sosiale problem

 

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten skal ha inngåande kunnskap om

  • tiltaks- og ansvarsliner i rusfeltet
  • organisering av hjelpe- og behandlingstilbod på ulike nivå
  • ulike forståingsmåtar som ligg til grunn for ulike tiltak og behandlingsmodellar
Learning outcome skills

Studenten skal kunne

  • bruke forskings- og erfaringsbasert kunnskap til å analysere og forstå brukarar og pårørande sine rusrelaterte utfordringar
  • bruke forskings- og erfaringsbasert kunnskap i si profesjonsutøving i møte med rusfaglege problemstillingar i samarbeid med brukar og pårørande
  • kritisk vurdere ulike forståingsmåtar, tiltak og behandlingsmodellar i rusfeltet
Learning outcome qualification

Studenten skal i inngåande grad kunne

  • analysere og reflektere kritisk over eiga rolle som profesjonell i arbeid med menneske med rusproblem, pårørande og personar som står i fare for å utvikle rusproblem
  • kunne oppdatere kunnskapen sin på områda emnet dekker
Working and learning activities

Emnet er organisert som halvtidsstudium over eitt semester. Undervisninga er konsentrert til tre vekesamlingar, med inntil fire undervisningsdagar på kvar samling. Undervisninga skjer i klasserom ved Høgskulen i Volda, og det er forventa at studentane møter og bidreg aktivt på alle samlingane. Arbeidskravet i emnet kan krevje fysisk oppmøte og deltaking i seminar.

Det vert nytta varierte undervisnings- og læringsformer, der vi legg stor vekt på dialog og studentdeltaking. Vi nyttar læringsverktøyet Canvas til informasjon, dialog og deling av læringsressursar. 

Meir informasjon om tidspunkt for oppmøte og samlingar​ ligg her.

Assessment requirements

Det er eitt arbeidskrav i emnet, der ein jobbar med kasus. Arbeidskravet kan krevje fysisk oppmøte og deltaking i seminar. Detaljane i arbeidskravet blir gjort nærare greie for i Canvas.

Evaluation system
Minimum number of students: 
15
Maximum number of students: 
30
Person in charge: 
Silje Louise Dahl
Kristin Ljoså Sørheim
Used in other programs
  • Child welfare work - master (part time)
  • Health and Social Sciences - master
  • Planning and Leadership - master (part time)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Home exam
Individual
3 Days
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
100
Alle.
Maksimum 3000 ord
Approval signature: 
Randi Bergem 01.03.2023