Semesters
RUS302 Tiltak mot rusproblem
Ingen
I Tiltak mot rusproblem vert det med bakgrunn i forskings- og erfaringsbasert kunnskap fokusert på korleis ein arbeider med rus- og avhengigheitsproblematikk. Røynde førelesarar frå feltet reiser ulike faglege perspektiv for å skape brei forståing og handleevne til å handtere rusfaglege problemstillingar på tiltaksnivå.
Kurset er delt inn i tre hovudtema:
Tema 1) Grunnlagsspørsmål
- forståingsmodellar
- etikk og brukarperspektiv
- juridiske rettar
- organisasjonsstrukturen på rusfeltet
Tema 2) Tilnærmingsmåtar
- behandlingsmodellar
- lågterskeltiltak
Tema 3) Særskilde tiltak
- tverrfagleg spesialisert behandling (TSB)
- legemiddelassistert rehabilitering (LAR)
- motiverande samtale (MI)
- rus og psykisk liding (ROP)
Det vert nytta varierte undervisnings- og læringsformer, og det vert forventa at studentane driv sjølvstudium mellom samlingane. Deltakarane får tilgang til eit elektronisk klasserom der dei mellom samlingane kan laste ned program for samlingar og førelesingar. Der kan studentane også kommunisere med faglærar og medstudentar.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal
- ha inngåande kunnskap om tiltaks- og ansvarsliner i rusfeltet
- ha god kunnskap om ulike behandlingsmodellar
- ha inngåande kunnskap om organisering av hjelpetenester på ulike nivå
- kunne oppdatere kunnskapen sin på desse områda
Studenten skal ha
- ferdigheiter i å bruke relevant forskings- og erfaringsbasert kunnskap til å analysere og forstå brukarar sine rusproblem
- ferdigheiter til å bruke relevant forskings- og erfaringsbasert kunnskap i utføringa av sitt arbeid med ulike rusfaglege problemstillingar
Studenten skal ha
- evne til å reflektere kritisk over ulike måtar å forstå og arbeide med rus- og avhengigheitsproblematikk på
- evne til å reflektere kritisk over eiga rolle som profesjonell i arbeid med menneske med rusproblem, pårørande og personar som står i fare for å utvikle rusproblem
Emnet er organisert som halvtidsstudium over eitt semester. Undervisninga er konsentrert til tre vekesamlingar, med fire undervisningsdagar på kvar samling. Den femte dagen er studiedag.
Samling 1: Veke 4
Samling 2: Veke 11
Samling 3: Veke 17
Det er krav om deltaking på 2 av 3 samlingar (eller 65% av tida på samlingane).
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11
- Health and Social Sciences - master
- Health and Social Sciences - master
- Planning and Leadership - master
- Planning and Leadership - master (part time)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individual | 1 Semesters | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 50 | Alle. | 4000 ord (+/-10%) | |
Home exam | Individual | 6 Hours | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 50 | Alle hjelpemiddel tillatt |