Semesters
RUS302 Tiltak mot rusproblem
Ingen
I Tiltak mot rusproblem vert det med bakgrunn i forskings- og erfaringsbasert kunnskap fokusert på korleis ein arbeider med rus- og avhengigheitsproblemtikk. Røynde førelesarar frå feltet reiser ulike faglege perspektiv for å skape brei forståing og handleevne til å handtere rusfaglege problemstillingar på førebyggings- og tiltaksnivå.
Kurset er delt inn i tre hovudtema:
Tema 1) Grunnlagsspørsmål
- forståingsmodellar
- etikk og brukarperspektiv
- juridiske rettar
- organisasjonsstrukturen på rusfeltet
Tema 2) Tilnærmingsmåtar
- førebyggingsstrategiar
- behandlingsmodellar
- lågterskeltiltak
Tema 3) Særskilde tiltak
- tverrfagleg spesialisert behandling (TSB)
- legemiddelassistert rehabilitering (LAR)
- motiverande samtale (MI)
- rus og psykisk liding (ROP)
Det vert nytta varierte undervisnings- og læringsformer, og det vert forventa at studentane driv sjølvstudium mellom samlingane. Deltakarane får tilgang til eit elektronisk klasserom der dei mellom samlingane kan laste ned program for samlingar og førelesingar. Der kan studentane også kommunisere med faglærar og medstudentar.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten
- har inngåande kunnskap om tiltaks- og ansvarsliner i rusfeltet
- har god kunnskap om ulike behandlingsmodellar
- har inngåande kunnskap om organisering av førebyggings- og hjelpetenester på ulike nivå
- kan oppdatere kunnskapen sin på desse områda
Studenten
- har ferdigheiter i å drive rusførebyggande arbeid
- har ferdigheiter i å bruke relevant forskings- og erfaringsbasert kunnskap til å analysere og forstå brukarar sine rusproblem
- har ferdigheiter til å bruke relevant forskings- og erfaringsbasert kunnskap i utføringa av sitt arbeid med ulike rusfaglege problemstillingar
Studenten
- har evne til å reflektere kritisk over ulike måtar å forstå og arbeide med rus- og avhengigheitsproblematikk på
- har evne til å reflektere kritisk over eiga rolle som profesjonell i arbeid med menneske med rusproblem
Emnet er organisert som halvtidsstudium over eitt semester. Undervisninga er konsentrert til tre vekesamlingar, med fire undervisningsdagar på kvar samling. Den femte dagen er studiedag.
Det er krav om minst 75 % frammøte på samlingane.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
- Addiction as a Cultural and Social Phenomenon
- Health and Social Sciences - master
- Health and Social Sciences - master
- Planning and Leadership - master
- Planning and Leadership - master (part time)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individual | 1 Semesters | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 50 | Alle. | 4000 ord (+/-10%) | |
Written Exam | Individual | 5 Hours | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 50 | Ingen |