Semesters
- 2026 Spring
- 2025 Spring
- 2024 Spring
- 2023 Spring
- 2022 Spring
- 2021 Spring
- 2020 Spring
- 2019 Spring
- 2018 Spring
- 2017 Spring
RUS302 Tiltak mot rusproblem
Ingen
I Tiltak mot rusproblem vert det med bakgrunn i forskings- og erfaringsbasert kunnskap fokusert på korleis ein arbeider med rus- og avhengigheitsproblemtikk. Røynde førelesarar frå feltet reiser ulike faglege perspektiv for å skape brei forståing og handleevne til å handtere rusfaglege problemstillingar på førebyggings- og tiltaksnivå.
Kurset er delt inn i tre hovudtema:
Tema 1) Grunnlagsspørsmål
- forståingsmodellar
- etikk og brukarperspektiv
- juridiske rettar
Tema 2) Tilnærmingsmåtar
- førebyggingsstrategiar
- behandlingsmodellar
- lågterskeltiltak
Tema 3) Særskilde tiltak
- tverrfagleg spesialisert behandling (TSB)
- legemiddelassistert rehabilitering (LAR)
- motiverande samtale (MI)
- rus og psykisk liding (ROP)
Det vert nytta varierte undervisnings- og læringsformer. Kommunikasjonen mellom studentane innbyrdes og i høve til høgskulen vil for det meste skje gjennom e-læringsverktøyet Fronter.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Emnet gjev kunnskap om tiltaks- og ansvarsliner i rusfeltet, ulike behandlingsmodellar og organisering av førebyggings- og hjelpetenester på ulike nivå.
Emnet bidreg til å utvikle studenten si evne til å analysere og arbeide med ulike rusfaglege problemstillingar.
Emnet medverkar til å utvikle studenten si evne til å reflektere kritisk over ulike måtar å forstå og arbeide med rus- og avhengigheitsproblematikk.
Emnet er organisert som halvtidsstudium over eitt semester. Undervisninga er konsentrert til tre vekesamlingar, med fire undervisningsdagar på kvar samling. Den femte dagen er studiedag. Samlingane våren 2017 er i veke 4, 11 og 17.
Meir praktisk informasjon kjem når det nærmar seg studiestart.
Det er krav om min. 75 % frammøte på samlingane.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
- Addiction as a Cultural and Social Phenomenon
- Health and Social Sciences - master
- Planning and Leadership - master
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individual | 1 Semesters | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 50 | Alle. | 4000 ord (+/-10%) | |
Written Exam | Individual | 5 Hours | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 50 | Ingen |