Semesters

SABVP125 Utfordringar i yrkesfeltet - barnevernspedagog

Course code: 
SABVP125
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
30
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2017 Spring
Assessment semester: 
2017 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

SABVP112/SAF112.

Godkjende arbeidskrav i SABVP121/SAF121 og SABVP122/SAF122

Course content

Emnet har som mål å gi studentane kunnskap og elles skape ei nærare forståing av kompleksiteten i barnevernsfeltet og ulike tilnærmingsmåtar til arbeidet. Det er eit mål å gi studentane innsikt i korleis organisatoriske, rettslege og barnevernsfaglege faktorar kan påverke barn og unge sin oppvekst og foreldre sin omsorgskapasitet. Brukarorientering, etisk refleksjon og kunnskapsbasert analytisk tilnærming står sentralt i emnet.

Innhald:

  • Barnevernsfaglege emne: Barnevernsarbeid, miljøarbeid i og utanfor institusjon, aktivitetsfag
  • Juridiske emne: Barne- og familierett, sosial- og velferdsrett, barnevernsrett, samtykke og tvang
  • Sosialt arbeid med familiar
  • Omsorgssvikt, overgrepsproblematikk, kriser
  • Rusarbeid, re-/habilitering og psykisk helsevern
  • Kommunikasjonstrening/samtaleøvingar
  • Yrkesutfordringar, fagleg skjønn, etisk refleksjon og etiske dilemma
  • Organisasjon og yrkeskunnskap
Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Etter emnet skal studenten ha tilegna seg kunnskap om:

  • familierett, barnevernsrett, generell sosial- og velferdsrett, samtykke og tvang
  • saksgang og sakshandsaming i barnevernet
  • kommunikasjon med familiar i vanskelege livssituasjonar med særleg vekt på samtaler med barn
  • årsaker til og konsekvensar av omsorgssvikt og hjelpeapparatet sine tiltak
  • miljøarbeid i og utanfor institusjon
  • fritidsaktivitetar si betyding for barn og unge
  • re-/habilitering av menneske med rusvanskar, fysiske og psykiske vanskar
  • tverrprofesjonelt samarbeid

 

 

 

Learning outcome skills

Etter emnet skal studenten ha tilegna seg ferdigheiter i

  • å kunne planlegge og gjennomføre gode samtaler med brukarar og reflektere over eigen væremåte
  • å fremme barns rettar og sørge for utviklingsfremmande tiltak for barn/unge med særskilte behov, både i og utanfor institusjon
  • å kunne planlegge, gjennomføre og evaluere fritidsaktivitet med barn og unge
  • å samarbeide med ulike aktørar, klient/pårørande og fagpersonar på tvers av ansvarsområde og etatar
Learning outcome qualification

Etter emnet skal studenten ha tilegna seg generell kompetanse i

  • å møte brukarar av hjelpeapparatet med respekt og empati
  • å vise toleranse, interesse og respekt for menneske uansett sosial, kulturell og livssynsbasert tilhøyrsle
  • å utøve profesjonelt skjønn gjennom å nytte fagleg kompetanse i møte med teoretiske og praktiske problemstillingar
  • å bidra til tverrprofesjonelle tiltak til dei som treng hjelp frå barnevern, helse- og sosialsektoren
  • å kunne analysere og kritisk reflektere over profesjonelle og etiske utfordringar knytt til arbeid som barnevernspedagog
Working and learning activities

Førelesingar, seminar, praksisretta gruppeaktivitet og samtaleøving. Delar av undervisninga er organisert felles for barnevernspedagog- og sosionomstudiet.

Deltakinga vert rekna for heile emnet med unntak av ferdigheittrening som t.d. valfrie aktivitetsfag og samtaleøvingar, der deltakinga vert rekna for seg. Nærare retningslinjer vil gå fram av semesterplanen.

Assessment requirements

Arbeidskrav

(må vere godkjende for å kunne gå opp til eksamen)

  • Individuelt skriftleg arbeid knytt til SOM–seminaret (saman om omsorg for barn), om lag 1500 ord
  • Individuelt skriftleg arbeid, om lag 2000 ord
  • Individuell skriftleg oppgåve på om lag 1000 ord knytt til samtaleøvingane 
  • Munnleg presentasjon på seminar frå feltstudie/studietur
  • Skriftleg arbeidskrav ved slutten av emnet (pensumprøve eller liknande). Kravet fell bort dersom studenten kan dokumentere minimum 80% frammøte til undervisningsaktivitetar

Arbeidskrava må vere innleverte og godkjende til fastsett tid, slik det går fram av semesterplanen.

Evaluation system

Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, kap. 5.

Evaluation

Det er etablert fagutval som er samansett av lærarar og tillitsvalde på utdanninga. Emnet har eit eige evalueringsseminar på klassenivå.

Maximum number of students: 
60
Person in charge: 
Ingun Klepp
Used in other programs
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Written Exam
Individual
6 Hours
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
Noregs lover eller særtrykk av lovverket
Approval signature: 
Odd Ragnar Hunnes 07.04.2016