Semesters
SABVP125 Utfordringar i yrkesfeltet - barnevernspedagog
SABVP112. Godkjende arbeidskrav i SABVP122.
Emnet har som mål å gi studentane kunnskap og elles skape ei nærare forståing av kompleksiteten i barnevernsfeltet og ulike tilnærmingsmåtar til arbeidet. Det er eit mål å gi studentane innsikt i korleis organisatoriske, rettslege og barnevernsfaglege faktorar kan påverke barn og unge sin oppvekst og foreldre sin omsorgskapasitet. Brukarorientering, etisk refleksjon og kunnskapsbasert analytisk tilnærming står sentralt i emnet.
Innhald:
- Barnevernsfaglege emne: Barnevernsarbeid, miljøarbeid i og utanfor institusjon, aktivitetsfag
- Juridiske emne: Barne- og familierett, sosial- og velferdsrett, barnevernsrett, samtykke og tvang m.a. tvang i barnevernet og overfor rusmiddelavhengige
- Sosialt arbeid med familiar
- Omsorgssvikt, overgrepsproblematikk, kriser
- Rusbehandling, re-/habilitering og psykisk helsevern
- Kommunikasjonstrening/samtaleøvingar
- Yrkesutfordringar, fagleg skjønn, etisk refleksjon og etiske dilemma
- Organisasjon og yrkeskunnskap
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fulført emne:
Studenten skal ha tileigna seg kunnskap om:
- familierett, barnevernsrett, generell sosial- og velferdsrett, samtykke og tvang
- saksgang og sakshandsaming i barnevernet
- kommunikasjon med familiar i vanskelege livssituasjonar, med særleg vekt på samtalar med barn
- årsaker til og konsekvensar av omsorgssvikt og hjelpeapparatet sine tiltak
- miljøarbeid i og utanfor institusjon
- kva fritidsaktivitetar har å seie for barn og unge
- re-/habilitering av menneske med fysiske og psykiske vanskar og rusproblem
- tverrprofesjonelt samarbeid
Studenten skal ha ferdigheiter i å:
- føre gode samtalar med brukarar og reflektere over eigen framgangsmåte
- fremje barn sine rettar og sørge for utviklingsfremjande tiltak for barn/unge med særskilde behov, både i og utanfor institusjon
- planleggje, gjennomføre og evaluere fritidsaktivitetar med barn og unge
- samarbeide med ulike aktørar, klient/pårørande og fagpersonar på tvers av ansvarsområde og etatar
Studenten skal kunne:
- møte brukarar av hjelpeapparatet med respekt og empati
- utøve profesjonelt skjønn gjennom å nytte fagleg kompetanse i møte med teoretiske og praktiske problemstillingar
- bidra til tverrprofesjonelle perspektiv på tiltak til dei som treng hjelp frå barneverns-, helse- og sosialsektoren
- analysere og reflektere kritisk over profesjonelle og etiske utfordringar knytt til arbeid som barnevernspedagog
- nytte forskingsmetodisk tilnærming i profesjonsutøving
Førelesingar, seminar, praksisretta gruppeaktivitet og samtaleøving. Delar av undervisninga er organisert felles for barnevernspedagog- og sosionomstudiet.
Arbeidskrav
- Gruppearbeid og individuelt skriftleg arbeid knytt til SOM–seminaret (saman om omsorg for barn)
- Individuelt skriftleg arbeid knytt til fagtema
- Individuelt skriftleg arbeid knytt til samtaleøvingane
- Munnleg presentasjon på seminar frå feltstudie/studietur
Arbeidskrava må vere innleverte og godkjende til fastsett tid, slik det går fram av informasjon på Canvas.
Obligatorisk deltaking:
- Undervisning og gruppearbeid på SOM-seminaret
- Aktivitetsfag
- Samtaleøvingar
- Familiearbeid
Nærare informasjon i Canvas.
Vi viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §4-6 om obligatorisk frammøte/deltaking.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
- Social work, Child Welfare Work - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Written Exam | Individual | 6 Hours | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | Noregs lover eller særtrykk av lovverket |