Semesters
SRS101N Skuleretta samfunnsfag: Natur og samfunn i Noreg (nettbasert m/avgift)
Ingen
SRS101N omfattar om lag like delar geografi, historie og samfunnskunnskap. Dette emnet inviterer til å lære og å forstå meir om samspelet mellom natur og samfunn, mellom menneske, mellom grupper og mellom samfunn. I historie vert fokus sett på vikingtid og rikssamling og byggjeskikk. I geografi er ressursar, geologi og landskap og demografi fokusområde. I samfunnskunnskap vert sosialisering, det fleirkulturelle samfunnet og økonomi og samfunn trekt fram. Gjennom ulike tilnærmingsmåtar til læring får studenten høve til å utvikle seg til ein dyktig lærar som hjelper elevane til å vere samfunnsbevisste, interesserte og glade i faget. Dette emnet inngår som ei eining i halvårsstudiet Skuleretta samfunnsfag 1 N.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten
- har kunnskap om samfunnsfag som skulefag og nyare samfunnsfagdidaktikk
- har kunnskap om historieforståing og historiebruk mellom barn og unge
- har kunnskap om landskapsformene i dagens Noreg, og om korleis ein kan bruke slik kunnskap i opplæringa
- har kunnskap om naturgrunnlaget, ressursar, næringsvegar, folkesetnad, busetnadsmønster og miljø
- har kunnskap om dei historiske hovudtrekka i Noreg og verda frå den eldste busetnad til om lag 1800-talet
- har kunnskap om økonomi, sosialisering og identitetsutvikling i barne- og ungdomsåra
- har kunnskap om det fleirkulturelle samfunnet med særlig vekt på samikulturen
- har kjennskap til sentrale samfunnsfaglege teoriar og metodar
- har kjennskap til sentrale kjelder i faget og kritisk vurdering av desse
Studenten
- kan arbeide sjølvstendig med faglege spørsmål og analysere faglege problemstillingar ut frå fakta og teorigrunnlaget i faget
- kan bruke faglege og fagdidaktiske kunnskapar og dugleikar i geografi, historie og samfunnskunnskap i samsvar med gjeldande læreplan og kritisk vurdere eiga undervising
- kan planleggje, leie og vurdere læringsarbeidet til elevane på ein måte som tek omsyn til mangfaldet i elevgruppa, ulike behov og kulturell og språkleg bakgrunn
- kan leie elevar i sjølvstendig arbeid innanfor rammene til faget
- kan bidra til å utvikle den munnlege dugleiken til elevane gjennom øving i møtedeltaking, debattar og andre munnlege aktivitetar i faget
- kan bruke samfunnsfaglege kjelder og materiale i arbeidet med utvikling av dei grunnleggjande dugleikane til elevane
- kan bruke og vurdere digitale verktøy og kjelder i opplæringa og bidra til at elevane kan vere kritiske brukarar av digitale verktøy
- kan kritisk vurdere lærebøker og andre læremiddel til bruk i opplæringa
Studenten
- kan leggje til rette for samarbeid og konfliktløysing i arbeid med elevane
- kan reflektere kritisk over samfunnsfaglege spørsmål og stimulere til kritisk tenking
- kan forstå aktuelle samfunnsforhold i eit geografisk, historisk, politisk og sosiologisk perspektiv
- kan reflektere over eigen praksis og oppdatere seg fagleg
- kan kommunisere og samarbeide med barn og føresette med ulik sosial og kulturell bakgrunn
Studiet er for nettstudentar som gjennomfører studiet ved å nytte internett som kommunikasjonskanal. Aktuelle arbeidsformer er litteraturstudium, studieleksjonar, skriftlege arbeid, rettleiing. IKT inngår som ein viktig del av emnet. Studentane vil nytte tilgjengeleg programvare og ressurssider på internett for løysing av oppgåver og for å tileigne seg kunnskap innanfor emnet. E-læringsverktøy (Fronter) vert brukt aktivt m.a. til innlevering og rettleiing av skriftlege oppgåver og forum for studiehjelp m.a. med rettleiingar og arbeidsoppgåver. Det er ein føresetnad at studentane brukar desse verktøya kontinuerleg, og aktivt tek del i dei læringsprosessane som det vert lagt opp til.
For å få framstille seg for eksamen, må studenten
- skrive tre oppgåver kvar på 2.300 - 3.000 ord (ei i geografi, ei i historie og ei i samfunnskunnskap). Sidan vi opererar med ei så romsleg ramme i tal på ord, må ein halde seg innafor denne ramma.
- Gjennomføre ei skriftleg prøve frå pensum med godkjent resultat (vert gjennomført på Fronter).
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
Kr 4.000,-
- Social Studies for Schools 1
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Portfolio | Individual | 1 Semester | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 100 | Ved sluttvurderinga vert ei av innleveringsoppgåvene (geografi, historie og samfunnskunnskap) trekt ut og vurdert. Det uttrekte arbeidet utgjer eksamen. | Sjå Vilkår for å framstille seg til eksamen. |
Emne som gir reduksjon | Grad av overlapp | Vektingsreduksjon |
---|---|---|
HI 111 | 2 |