Semesters
SRS101N Demokrati og medborgarskap
Emnet gir ei innføring i samfunnsdidaktikk og samfunnsvitskapleg teori og metode, og i samfunnsfaget som skulefag. Emnet gir også ei tverrfagleg innføring i sentrale tema i faget. Skulen si rolle i samfunnet og korleis skulen kan legge til rette for utøving av demokrati og medborgarskap er sentrale tema i emnet. Historia om menneskerettane og menneskerettane som undervisningstema er andre viktige tema. Historiske og notidige eksempel på inkludering og ekskludering av urfolk og minoritetar i den norske offentlegheita er også sentralt. Emnet har eit særleg fokus på at studentane skal styrke evna si til å tenke kritisk. Det blir lagt vekt på at studentane skal utvikle kompetanse i kjeldekritikk, bruk av nyhendebilde som ressurs i undervisninga, og å finne fram til relevante kjelder. Studentane skal utvikle evna til å bruke fagomgrep i faglege diskusjonar og i eigen praksis. I arbeidet med dei ulike tematikkane vil studentane opparbeide seg kjennskap til teoretiske og didaktiske perspektiv, som skal bidra til å styrke eigen undervisningspraksis.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal ha
kunnskap om vitskaplege teoriar og metodar i geografi, historie og samfunnskunnskap
kunnskap om fagdidaktisk teori og forsking i samfunnsfaget i skulen
kunnskap om menneskerettar, medborgarskap, demokrati og demokratiseringsprosessar
kunnskap om samane som urfolk, dei nasjonale minoritetane, og om kulturelt mangfald i Noreg
kunnskap om bruk av digitale verktøy i undervisninga
Studenten skal kunne
finne, vurdere og tolke ulike typar kjelder for å legge til rette for gode læringsprosessar
reflektere over ulike dimensjonar ved demokratiomgrepet og legge til rette for demokratisk praksis i skulen
ta i bruk digitale ressursar i undervisninga på måtar som fremmar læring og refleksjon hos elevane
bruke teoretisk kunnskap om fag og didaktikk til å reflektere over og vidareutvikle eigen undervisningspraksis
legge til rette for læringsprosessar som ivaretek elevmangfaldet
legge til rette for læringsprosessar som fremmar refleksjon rundt verdiar og motverkar diskriminering av minoritetar
reflektere over samanhengar mellom ulike tema i emnet
Studenten skal kunne
reflektere sjølvstendig og kritisk over samfunnsfaglege spørsmål
ha overblikk over periodar og utviklingsmønster, og gjere greie for korleis historie og kultur blir konstruert
Studiet er eit nettstudium. Aktuelle arbeidsformer er litteraturstudium, studieleksjonar, skriftlege arbeid, rettleiing. Alle leksjonar, diskusjonar, rettleiingar og innleveringar vert gjennomført i e-læringsplattforma Canvas. Eksamen vert levert digitalt i Inspera. Det er ein føresetnad at studentane nyttar Canvas kontinuerleg, og aktivt tek del i dei læringsprosessane som det vert lagt opp til i plattforma.
For å få framstille seg for eksamen, må studenten:
- lage ein undervisingsvideo på tre minutt, som skal kunne nyttast i eiga undervisning og som skal presenterast i lærarkollegiet. Ved levering som arbeidskrav skal videoen ha følgje av ein kort fagtekst på 900-1200 ord. Alternative løysingar er tilgjengelege for kandidatar som studerar på heiltid. Nærare detaljer om arbeidskravet vert gitt ved semesterstart.
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
Kr 4.000,-
- Social Studies for Schools 1
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Home exam | Individual | 3 Days | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 100 | Alle hjelpemidler | 2500-3000 ord |
Emne som gir reduksjon | Grad av overlapp | Vektingsreduksjon |
---|---|---|
MGL5-10SA1A | 5 |