Semesters

SRS104N Skuleretta samfunnsfag: Fokus på Aust-Afrika (nettbasert m/avgift)

Course code: 
SRS104N
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2017 Spring
Assessment semester: 
2017 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Ingen

Course content

SRS104N omfattar om lag like deler historie, geografi og samfunnskunnskap. Dette emnet inviterer til å lære og å forstå meir om samspelet mellom natur og samfunn, mellom menneske, mellom grupper og mellom samfunn. Studiet tek opp tema som geografi, historie og samfunnsforhold på Island, i Kina og Afrika med eit spesielt fokus på Kenya. Det er profesjonsretta med tanke på arbeid som lærar i skule og andre formidlingssituasjonar. Gjennom ulike tilnærmingsmåtar til læring får studenten høve til å utvikle seg til ein dyktig lærar som hjelper elevane til å vere samfunnsbevisste, interesserte og glade i faget. Dette emnet inngår som ei eining i halvårsstudiet Skuleretta samfunnsfag 2 N og i årseininga Skuleretta samfunnsfag.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

 Studenten
 • har kunnskap om utviklinga i den globale verdsøkonomien og politiske, kulturelle, miljømessige og sosiale konsekvensar av denne utviklinga
 • kjenner til afrikansk, islandsk og kinesisk historie, geografi og samfunnsliv
 • kan leggje til rette for opplæring om samfunnsforhold i eit fleirkulturelt og globalt perspektiv, med vekt på menneskerettar og demokrati
 • har kunnskap om relevant forskings- og utviklingsarbeid innanfor fagområdet
 • har kunnskap om sentrale fagdidaktiske metodar og teoriar

Learning outcome skills

 Studenten
 • kan bruke faglege og fagdidaktiske kunnskapar og dugleikar i geografi, historie og samfunnskunnskap ut frå resultat frå forskings- og utviklingsarbeid
 • kan arbeide sjølvstendig med faglege og fagdidaktiske spørsmål og analysere faglege og fagdidaktiske problemstillingar ut frå fakta og teorigrunnlaget i faget
 • kan planleggje, leie og vurdere læringsarbeidet til elevane på ein måte som tek omsyn til mangfaldet i elevgruppa, ulike behov og kulturell og språkleg bakgrunn
 • kan kritisk analysere samfunnsfaglege problemstillingar og stimulere til dette i opplæringa
 • kan reflektere over og vise innsikt i historiske, geografiske og samfunnskunnskaplege prosessar
 • kan bruke og vurdere relevansen av faglege hjelpemiddel og uttrykksformer i samfunnsfag
 • kan gjere elevane medvitne om val av læringsstrategiar
 • kan ta i bruk og rettleie elevar i sentrale samfunnsfaglege metodar

Learning outcome qualification

Studenten
 • kan oppdatere seg fagleg og reflektere over eigen praksis
 • kan arbeide sjølvstendig og saman med andre for å identifisere, analysere og løyse problem knytt til elevars læring og utvikling i samfunnsfaget
 • kan reflektere kritisk over samfunnsfaglege spørsmål og stimulere til kritisk tenking
 • kan forstå aktuelle samfunnsforhold i geografisk, historisk, politisk og sosiologisk perspektiv
 • kan kommunisere og samarbeide med barn og føresette med ulik sosial og kulturell bakgrunn
 • har innsikt i korleis barn og ungdom forstår faget

Working and learning activities

Studiet er for nettstudentar som gjennomfører studiet ved å nytte internett som kommunikasjonskanal. Aktuelle arbeidsformer er litteraturstudium, studieleksjonar, skriftlege arbeid og rettleiing. IKT inngår som ein viktig del av emnet. Studentane vil nytte tilgjengeleg programvare og ressurssider på internett for løysing av semesteroppgåva og for å tileigne seg kunnskap innanfor emnet. E-læringsverktøy (Fronter) vert brukt aktivt m.a. som forum for studiehjelp m.a. med studieleksjonar, rettleiing og arbeidsoppgåver. Det er ein føresetnad at studentane brukar desse verktøya kontinuerleg, og aktivt tek del i dei læringsprosessane som det vert lagt opp til.

Assessment requirements

Studentane skal skrive ei individuell semesteroppgåve. Oppgåva skal ha eit omfang på minimum 4.000 og maksimum 6.000 ord. Tema for dette arbeidet skal vere knytt til Afrika. Studentane skal dessutan gjennomføre ei skriftleg prøve frå pensum med godkjent resultat (vert gjennomført på Fronter).

Evaluation system

Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda

Evaluation

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Minimum number of students: 
20
Maximum number of students: 
60
Person in charge: 
Elisabeth Teige
Costs

Kr 4.000,-

Used in other programs
  • Social Studies for Schools 2
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individual
1 Semester
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
Minimum 4.000 og maksimum 6.000 ord
Approval signature: 
Odd Ragnar Hunnes 15.04.16