Semesters

SRS104N Skuleretta samfunnsfag: Fokus på Aust-Afrika (nettbasert m/avgift)

Course code: 
SRS104N
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Course name in Norwegian Nynorsk: 
Skuleretta samfunnsfag: Fokus på Aust-Afrika (nettbasert m/avgift)
Teaching semester: 
2018 Spring
Course name in Norwegian Bokmål: 
Globale samfunnsutfordringer
Assessment semester: 
2018 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Ingen

Course content

SRS104N omfattar om lag like deler historie, geografi og samfunnskunnskap. Dette emnet inviterer til å lære og å forstå meir om samspelet mellom natur og samfunn, mellom menneske, mellom grupper og mellom samfunn. Studiet tek opp tema som geografi, historie og samfunnsforhold på Island, i Kina og Afrika med eit spesielt fokus på Kenya. Det er profesjonsretta med tanke på arbeid som lærar i skule og andre formidlingssituasjonar. Gjennom ulike tilnærmingsmåtar til læring får studenten høve til å utvikle seg til ein dyktig lærar som hjelper elevane til å vere samfunnsbevisste, interesserte og glade i faget. Dette emnet inngår som ei eining i halvårsstudiet Skuleretta samfunnsfag 2 N og i årseininga Skuleretta samfunnsfag.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

 Studenten
 • skal ha kunnskap om utviklinga i den globale verdsøkonomien og politiske, kulturelle, miljømessige og sosiale konsekvensar av denne utviklinga
 • skal kjenner til afrikansk, islandsk og kinesisk historie, geografi og samfunnsliv
 • skal kunne leggje til rette for opplæring om samfunnsforhold i eit fleirkulturelt og globalt perspektiv, med vekt på menneskerettar og demokrati
 • skal ha kunnskap om relevant forskings- og utviklingsarbeid innanfor fagområdet
 • skal ha kunnskap om sentrale fagdidaktiske metodar og teoriar

Learning outcome skills

 Studenten
 • skal kunne bruke faglege og fagdidaktiske kunnskapar og dugleikar i geografi, historie og samfunnskunnskap ut frå resultat frå forskings- og utviklingsarbeid
 • skal kunne arbeide sjølvstendig med faglege og fagdidaktiske spørsmål og analysere faglege og fagdidaktiske problemstillingar ut frå fakta og teorigrunnlaget i faget
 • skal kunne planleggje, leie og vurdere læringsarbeidet til elevane på ein måte som tek omsyn til mangfaldet i elevgruppa, ulike behov og kulturell og språkleg bakgrunn
 • skal kunne kritisk analysere samfunnsfaglege problemstillingar og stimulere til dette i opplæringa
 • skal kunne reflektere over og vise innsikt i historiske, geografiske og samfunnskunnskaplege prosessar
 • skal kunne bruke og vurdere relevansen av faglege hjelpemiddel og uttrykksformer i samfunnsfag
 • skal kunne gjere elevane medvitne om val av læringsstrategiar
 • skal kunne ta i bruk og rettleie elevar i sentrale samfunnsfaglege metodar

Learning outcome qualification

Studenten
 • skal kunne oppdatere seg fagleg og reflektere over eigen praksis
 • skal kunne arbeide sjølvstendig og saman med andre for å identifisere, analysere og løyse problem knytt til elevars læring og utvikling i samfunnsfaget
 • skal kunne reflektere kritisk over samfunnsfaglege spørsmål og stimulere til kritisk tenking
 • skal kunne forstå aktuelle samfunnsforhold i geografisk, historisk, politisk og sosiologisk perspektiv
 • skal kunne kommunisere og samarbeide med barn og føresette med ulik sosial og kulturell bakgrunn
 • skal ha innsikt i korleis barn og ungdom forstår faget

Working and learning activities

Studiet er for nettstudentar som gjennomfører studiet ved å nytte internett som kommunikasjonskanal. Aktuelle arbeidsformer er litteraturstudium, studieleksjonar, skriftlege arbeid og rettleiing. IKT inngår som ein viktig del av emnet. Studentane vil nytte tilgjengeleg programvare og ressurssider på internett for løysing av semesteroppgåva og for å tileigne seg kunnskap innanfor emnet. E-læringsverktøy (Canvas) vert brukt aktivt m.a. som forum for studiehjelp m.a. med studieleksjonar, rettleiing og arbeidsoppgåver. Det er ein føresetnad at studentane brukar desse verktøya kontinuerleg, og aktivt tek del i dei læringsprosessane som det vert lagt opp til.

Assessment requirements
  • Studentane skal skrive ei individuell semesteroppgåve. Oppgåva skal ha eit omfang på minimum 4.000 og maksimum 6.000 ord. Tema for dette arbeidet skal vere knytt til undervisningstema i emnet.
  • Studentane skal gjennomføre ei skriftleg prøve frå pensum med godkjent resultat (vert gjennomført i Canvas).
Evaluation system

Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda

Evaluation

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Minimum number of students: 
20
Maximum number of students: 
60
Person in charge: 
Elisabeth Teige
Costs

Kr 4.000,-

Used in other programs
  • Social Studies for Schools 2
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individual
1 Semester
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
100
Minimum 4.000 og maksimum 6.000 ord
Approval signature: 
Odd Ragnar Hunnes 16.10.17