Semesters

SRS104N Globale samfunnsutfordringar

Course code: 
SRS104N
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2023 Spring
Assessment semester: 
2023 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Course content

Dette emnet tilbyr fordjuping i sentrale problemstillingar som gjeld globale samfunnsutfordringar. Det vert lagt vekt på å utforske samanhengar mellom globale maktrelasjonar, økonomiske strukturar, berekraft og levekår. Konflikt og samarbeid er nært knytt til disse tematikkane, og emnet tilbyr fordjuping i utvalde døme. Emnet utforskar også urfolksproblematikk både i norsk og internasjonal samanheng, og korleis kjønn, seksualitet og kjærleik blir forstått på ulike måtar i ulike sosiale og kulturelle kontekstar. Det blir lagt til rette for djupnelæring og vidareutvikling av studentane si forståing av korleis ein kan bruke teoretisk kunnskap i praktiske undervisningssituasjonar. Emnet bidrar til å øve opp studentane si evne til å sjå samanhengar mellom forskjellige tematikkar og problemstillingar, ikkje minst gjennom arbeidet med semesteroppgåva. Studiet gjev studentane ei innføring i didaktiske tilnærmingar til den fleirkulturelle skulen. 

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Kandidaten har

  • Djupnekunnskap om samane som urfolk og kjennskap til urfolksproblematikk i internasjonalt perspektiv
  • Djupnekunnskap om utvalde døme på samspelet mellom ressursfordeling, demografi, globalisering og berekraftig utvikling
  • Innsikt i sosiale og kulturelle faktorar som påverkar synet på kjønn seksualitet og kjærleik
  • Kunnskap om økonomiske strukturar, makt og marknad
  • Djupnekunnskap om utvalde døme på konfliktar og samarbeid i geografisk, historisk og samfunnsvitskapleg perspektiv
  • Kunnskap om didaktikk for den fleirkulturelle skulen
Learning outcome skills

 Kandidaten kan

  • Reflektere over samanhengar mellom dei forskjellige tematikkane i emnet
  • Legge til rette for gode læringsprosessar i den fleirkulturelle skulen
  • Bruke teoretisk kunnskap aktivt i eigen undervisningspraksis
  • Legge til rette for undervisning som fremmar kritisk refleksjon om tematikkane i emnet
  • Finne og vurdere kjelder, og skrive ei sjølvstendig akademisk oppgåve
Learning outcome qualification

Kandidaten kan

  • Legge til rette for at elevane kan reflektere kritisk over spørsmål som gjeld globale samfunnsutfordringar
Working and learning activities

Studiet er eit nettstudium. Aktuelle arbeidsformer er litteraturstudium, studieleksjonar, skriftlege arbeid og rettleiing. Alle leksjonar, diskusjonar, rettleiingar og innleveringar vert gjennomført i e-læringsplattforma Canvas. Eksamen vert levert digitalt i Inspera. Det er ein føresetnad at studentane nyttar Canvas kontinuerleg, og aktivt tek del i dei læringsprosessane som det vert lagt opp til i plattforma.

Assessment requirements
  • For å levere semesteroppgåve til eksamen, må studenten ha levert utkast til semesteroppgåva til obligatorisk rettleiing.
  • Studenten skal gjennomføre ei skriftleg innlevering med godkjent resultat (vert gjennomført i Canvas). Nærare informasjon om omfang og tema kjem ved semesterstart. 
Evaluation system
Minimum number of students: 
20
Maximum number of students: 
50
Person in charge: 
Ådne Meling
Costs

Kr 4.000,-

Used in other programs
  • Social Studies for Schools 2
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individual or Group exam
1 Semester
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
100
Minimum 4 000 og maksimum 6 000 ord
Approval signature: 
Randi Bergem 03.03.2022