Semesters
SRS104N Skuleretta samfunnsfag: Globale perspektiv i samfunnsfagundervisinga (nettbasert m/avgift)
Fullført lærarutdanning
SRS104N inviterer til å lære og å forstå meir om samspelet mellom natur og samfunn, mellom menneske, mellom grupper og mellom samfunn lokalt, regionalt og globalt. Studiet tek opp tema som geografi, historie og samfunnsforhold i Europa, Asia, Afrika og Latin-Amerika, med vekt på utvalde land. Det er profesjonsretta med tanke på arbeid som lærar i skule og andre formidlingssituasjonar. Didaktikk og trygghet i den faglege formidlinga av alle delar av samfunnsfaget står sentralt. Gjennom ulike tilnærmingsmåtar til læring får studenten høve til å vidareutvikle seg til ein dyktig lærar i samfunnsfag. Dette emnet inngår som ei eining i studieprogrammet Skuleretta samfunnsfag 2 N.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten
• skal ha kunnskap om utviklinga i den globale verdsøkonomien og politiske, kulturelle, miljømessige og sosiale konsekvensar av denne utviklinga
• skal kjenne til geografi og samfunnsliv frå ulike delar av verda
• skal kunne leggje til rette for opplæring om samfunnsforhold i eit fleirkulturelt og globalt perspektiv, med vekt på menneskerettar og demokrati
• skal ha kunnskap om relevant forskings- og utviklingsarbeid innanfor fagområdet
• skal ha kunnskap om sentrale fagdidaktiske metodar og teoriar
Studenten skal kunne
• bruke faglege og fagdidaktiske kunnskapar og ferdigheiter i geografi, historie og samfunnskunnskap ut frå resultat frå forskings- og utviklingsarbeid
• arbeide sjølvstendig med faglege og fagdidaktiske spørsmål og analysere faglege og fagdidaktiske problemstillingar ut frå fakta og teorigrunnlaget i faget
• kritisk analysere samfunnsfaglege problemstillingar og stimulere til dette i opplæringa
• reflektere over og vise innsikt i historiske, geografiske og samfunnskunnskaplege prosessar lokalt og globalt
• ta i bruk og rettleie elevar i sentrale samfunnsfaglege metodar
Studenten skal
• kunne oppdatere seg fagleg og reflektere over eigen praksis
• kunne arbeide sjølvstendig og saman med andre for å identifisere, analysere og løyse problem knytt til elevars læring og utvikling i samfunnsfaget
• kunne reflektere kritisk over samfunnsfaglege spørsmål og stimulere til kritisk tenking
• kunne forstå aktuelle samfunnsforhold i geografisk, historisk, politisk og sosiologisk perspektiv
• ha innsikt i korleis barn og ungdom forstår faget
Studiet er eit nettstudium. Aktuelle arbeidsformer er litteraturstudium, studieleksjonar, skriftlege arbeid, rettleiing. Alle leksjonar, diskusjonar, rettleiingar og innleveringar vert gjennomført i e-læringsplattforma Canvas. Eksamen vert levert digitalt i Inspera. Det er ein føresetnad at studentane nyttar Canvas kontinuerleg, og aktivt tek del i dei læringsprosessane som det vert lagt opp til i plattforma.
- Studentane skal skrive ei individuell semesteroppgåve. Oppgåva skal ha eit omfang på minimum 4 000 og maksimum 6 000 ord. Tema for arbeidet skal vere knytt til undervisningstema i emnet.
- Studentane skal gjennomføre ei skriftleg prøve med godkjent resultat (vert gjennomført i Canvas).
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
Kr 4.000,-
- Social Studies for Schools 2
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individual or Group exam | 1 Semester | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 100 | Minimum 4 000 og maksimum 6 000 ord |