Semesters

ULSP304 Leiing og åtferd

Course code: 
ULSP304
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Master
Teaching semester: 
2020 Spring
Assessment semester: 
2020 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Ingen

Course content

Studentane skal tileigne seg kunnskapar om ulike forklaringar på sambandet mellom leiing og åtferd i barnehage og skule, og konsekvensar for læringsmiljøet. Emnet set søkjelys på ulike forklaringsmodellar sine bidrag til ei heilskapleg forståing av åtferd og kva konsekvensar dei får for tiltak i barnehage og skule. Tema vert drøfta frå både eit individ- og eit systemperspektiv, og ein vektlegg kva som påverkar læringsmiljøet både i barnehage og skule. Det vert lagt vekt på lærarrolla, gruppe-/ klasseleiing og mobbing. Organisasjonsperspektiv og implementeringsarbeid inngår også i dette.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten skal ha grundige kunnskapar om 

  • Ulike forklaringsmodellar og teoretiske perspektiv på åtferd.
  • Samanhengane mellom leiing og åtferd og konsekvensar for læringsmiljøet.
  • Læringsmiljø og mobbing.
  • Organisasjonsperspektiv og implementeringsarbeid.
Learning outcome skills

 Studenten 

  • Skal kunne analysere og forstå åtferd i eit individ- og systemperspektiv.
  • Skal kunne førebygge og avdekke mobbing og sette i gang relevante tiltak for å stoppe mobbing.
  • Skal kunne legge til rette for endrings- og innovasjonsarbeid for å betre læringsmiljøet i barnehage og skule.
  • Skal ha kompetanse på gruppe-/ klasseleiing.
Learning outcome qualification

Studenten skal ha kunnskap om korleis leie læringsarbeidet gjennom å auke kapasiteten til å handtere utfordringar knytt til åtferd.

Working and learning activities

Emnet er organisert med samlingar over to dagar om lag kvar fjerde veke. Arbeidsmåtane i emnet vil veksle mellom førelesingar, seminar og gruppearbeid. Studentaktive arbeidsformer på samlingane vil bli vekta. Det er obligatorisk frammøte til alle samlingane.

Assessment requirements
  • Eit skriftleg arbeidskrav i gruppe, der ei teoretisk drøfting av sentrale tema i emnet er hovudsak. Omfang: 2000 - 3000 ord.
  • Munnleg presentasjon av det skriftlege arbeidet, med førebudd opposisjon. Både den munnlege presentasjonen og opposisjonen skal føregå i gruppe.
  • Obligatorisk frammøte til undervisninga.

           Detaljane i arbeidskrava vert gjort greie for i eit eige skriv ved oppstart av studiet.

 

 

Evaluation system
Maximum number of students: 
35
Person in charge: 
Anne Randi Fagerlid Festøy
Used in other programs
  • Master of Education
  • Master of Education
  • Special Education
  • Special Education
  • Teacher Qualification 1.-7. grade
  • Teacher Qualification 5.-10. grade
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Home exam
Individual
1 Week
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
100
Om lag 5000 ord (føreord, innhaldsliste, litteraturliste og eventuelle vedlegg kjem i tillegg).
Approval signature: 
Anne Øie